Ledig stilling ved Høgskulen på Vestlandet

Praksiskoordinator - Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett

Søknadsfrist: 10.08.2020

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program.
Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.

Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har ledig fast stilling som praksiskoordinator - seniorkonsulent.

Om stillinga:

Til stillinga ligg ansvar for utdanningskvalitet med vekt på praksiskoordinering, sakshandsaming og rettleiing av studentar og tilsette knytt til praksis. Stillinga krev stor grad av sjølvstende. Samhandling internt i HVL og eksternt vil vere sentralt. I tillegg er arbeid med utvikling og kvalitetssikring av praksis viktig. Stillinga vil få eit særskilt ansvar for praksis i utdanningar ved fakultetet. Oppgåver knytt til digitalisering og internasjonalisering kan og vere aktuelt.

Arbeidsstaden er campus Bergen

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Koordinering av praksis ved utdanningar i fakultetet
  • Samhandling med eksterne samarbeidspartnarar
  • Rettleiing av studentar og tilsette innanfor praksisområder
  • Arbeid med planar og retningsliner for praksis
  • Informasjonsarbeid retta mot studentar, tilsette og eksterne samarbeidspartar
  • Sjølvstendig ansvar for sakshandsaming
  • Ansvar for utviklingsoppgåver og arbeid med kvalitetssystem og rutinar

Andre relaterte ansvarsområde og arbeidsoppgåver kan også vere aktuelle.

Kvalifikasjonskrav:

Formell utdanning og kompetanse:

  • Høgare utdanning på bachelor- eller masternivå
  • Relevant arbeidserfaring
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
  • God digital kompetanse

Ønska kvalifikasjonar:

  • Erfaring frå barnehage og/eller skule
  • Erfaring frå universitets- og høgskulesektoren
  • Erfaring frå utviklingsarbeid

Personlege eigenskapar:

  • Strukturert, nøyaktig og ansvarleg
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Sjølvstendig og løysingsorientert
  • Utviklingsorientert, initiativrik og fleksibel

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som praksiskoordinator er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1363 - seniorkonsulent.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annen dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Dersom vedlegga overskrider 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggast ved som lenke.

Søknader kan ikkje sendes på e-post til enkeltpersoner ved høgskulen.

Generell informasjon:

Me gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hull i CV.

Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Studieadministrativ leiar, Eli Hilde Borsholm, Eli.Borsholm@hvl.no, tlf 55 58 59 57

2) teamleiar Laila Elise Vindenes, Laila.Elise.Vindenes@hvl.no tlf.57 67 63 84

Søk stilling

Powered by Labrador CMS