LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Organisasjonskonsulent - Studenttinget på Vestlandet (STVL)

Søknadsfrist: 10.11.2021

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 17 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Avdeling for studieadministrasjon er ein del av høgskulen sin fellesadministrasjon og høyrer til under prorektor for utdanning. Avdelinga har ansvar for eksamen, studentopptak og fyrstelinjeteneste, og eit medansvar for studentrekruttering.

Høgskulen på Vestlandet har ledig ei fast stilling i 100% som organisasjonskonsluent i Sogndal

Om stillinga:

Studenttinget på Vestlandet (STVL) er det øvste studentpolitiske organet ved Høgskulen på Vestlandet (HVL). Studenttinget er eit lovfesta organ som skal ivareta studentane ved HVL sine interessar og fremje studetane sine synspunkt opp mot leiinga på høgskulen, styret og andre aktulelle aktørar.

Organisasjonskonsulenten skal vere ein ressurs for studentdemokratiet og studentorganisasjonane ved HVL, både administrativt og politisk. Stillinga skal fungere som bindeledd i praktiske saker, sjå til at det er kontinuitet i samhandlinga med høgskulen og vere praktisk tilretteleggjar for studentdemokratiet og studentorganisasjonane.

I det daglege arbeidar organisasjonskonsulenten saman med tillitsvalde i Studenttinget og dei andre to organisasjonskonsulentane ved HVL. Stillinga har arbeidsstad i Sogndal og formell rapporteringslinje til leiar for Avdeling for studieadministrasjon ved HVL.

Den som vert tilsett må rekne noko ettermiddags- og kveldsarbeid. I samband med møte og konferansar i regi av Studenttinget, må du rekne med 2-3 arbeidshelgar i løpet av semesteret.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Sekretæroppgåver for Studenttinget, slik som innkalling, referat og praktisk tilrettelegging.
  • Oppfølging av budsjett og rekneskap for Studenttinget.
  • Gi råd til leiinga av Studenttinget i politiske saker.
  • Opplæring og oppfølging av tillitsvalde.
  • Oppfølging av studentråd og studentorganisasjonar.
  • Koordingeringsoppgåver og andre førefallande administrative oppgåver.

Kvalifikasjonskrav:

Formell utdanning og kompetanse:

  • Høgare utdanning på bachelornivå eller tilsvarande. Lang og relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet.
  • Erfaring frå organisasjonsarbeid, politisk arbeid eller liknande arbeid vert vektlagd, helst frå universitets- og høgskulesektoren.
  • Grunnleggjande kunnskapar om rekneskap, økonomistyring og/eller grafisk design vil vere ein fordel.

Personlege eigenskapar:

  • Gode relasjons- og samarbeidsevner, god på å jobbe i team og vere trygg i større forsamlingar.
  • God rolleforståing.
  • Gode språkkunnskapar i både norsk og engelsk, skriftleg og munnleg.
  • Kunne jobbe sjølvstendig og ta ansvar og initiativ.
  • Fleksibel og kan jobbe med fleire prosjekt parallelt.
  • God IKT-kompetanse.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse.
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling.
  • Høve for trening i arbeidstida.

Stillinga som organisasjonskonsulent er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1363 - seniorkonsulent.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Dersom vedlegga overskrid 25 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggast ved som lenke.

Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Leiar for Studenttinget ved HVL, Jelle Sebastian Bruin, tlf.: 908 71 706, e-post: [email protected]

2) Avdelingsleiar for studieadministrasjon, Espen Fosse, tlf.: 917 59 332, e-post: [email protected]

Søk stilling

Powered by Labrador CMS