Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.
HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod.
Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.
Institutt for kunstfag har 70 tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fagområda omfattar musikk, drama og anvendt teater og kunst- og handverk. Instituttet tilbyr utdanningar på bachelor- og masternivå, årsstudium og utdanningar på etter- og vidareutdanningsnivå. Instituttet gir og undervisning på sine fagområde i barnehagelærarutdanninga og ved grunnskulelærarutdanningane og bidrar i fakultetet sitt Ph.D.-program Studier av danning og didaktiske praksisar. Instituttets mål er å vere i front av skule- og profesjonsorientert kompetanseutvikling innanfor sine fagfelt, og vere ei drivkraft for utvikling av kunstfag på høgt nivå og med klar relevans for barnehage, skule og kulturfeltet. Tilsette på instituttet er involvert i forsking som er relevant for utdanningane våre og deltar i fagleg nettverksarbeid både nasjonalt og internasjonalt.
Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har ledig åremålsstilling som instituttleiar ved Institutt for kunstfag
Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett søkjer instituttleiar for Institutt for kunstfag i fireårig åremålsstilling, med tiltreding 01.01.2022.
Instituttleiar har det overordna ansvaret for instituttet og dei tilsette ved instituttet, og rapporterer til dekan. Dei assisterande instituttleiarane ved instituttet rapporterer til instituttleiar.
Instituttleiar skal, som fagleg ansvarleg, leggje til rette for at instituttet sine primærfunksjonar - utdanning, forsking og utvikling, innovasjon og formidling - held høg kvalitet.
Som ansvarleg for effektiv utnytting av instituttet sine ressursar, skal instituttleiar sjå til at dette skjer i samsvar med høgskulens mål, departementet sine rammer, tildelt budsjett og styret sine strategiske føringar.
Instituttleiar har òg ansvaret for at forvaltingsoppgåver vert ivaretekne med god kvalitet og at oppgåveløysinga er i samsvar med god forvaltingspraksis.
Den som vert tilsett må rekne med ein del reiseverksemd mellom campusane.
Arbeidsstad er ein av campusane Bergen, Sogndal eller Stord.
Ansvars- og arbeidsoppgåver:
Ansvar for fagleg kvalitet i utdanning og forsking innanfor instituttet sine fagområde
Leie arbeidet med å tilpasse instituttet sine fagområde til samfunnets behov og utvikle utdanningstilbod på bachelor- og masternivå, og bidra i arbeidet med utdanningstilbod på phd. -nivå
Ansvarleg for at instituttet sine økonomiske rammer vert haldne, og sikre god og formålstenleg bruk av instituttet sine ressursar
Bidra til at HVL rekrutterer best mogeleg kvalifiserte studentar og tilsette
Stimulere instituttet sitt personale til kompetanseutvikling og til å utvikle og drive FoU-verksemd av høg kvalitet
Ivareta personal- og HMS-ansvar for instituttet sine tilsette
Legge til rette for digital vidareutvikling av utdanning og forsking
Stimulere dei tilsette til formidling av instituttet sine fag- og forskingsområde
Ansvar for at instituttet er ein attraktiv arbeidsplass
Leggje til rette for, og fremje samarbeid, på tvers av einingane i institusjonen
Arbeide for internasjonalisering og innovasjon i utdanning og forsking
Arbeide for godt læringsmiljø for studentane på instituttet
Vidareutvikle relasjonane til relevante samarbeidspartnarar innanfor instituttet sine fagområde og tverrfaglege satsingsområde
Arbeidsoppgåvene kan bli endra som følgje av strategiske vedtak i HVL
Mynde
Instituttleiar har ansvar innanfor sitt område og rapporterer til dekan ved fakultetet. Vidare inngår instituttleiar i fakultetet si leiargruppe og har medansvar for utvikling av fakultetet i samsvar med høgskulen sin strategi, målsetjingar og verdigrunnlag.
Kvalifikasjonskrav:
Formell utdanning og kompetanse
Relevant høgare utdanning og høg vitskapleg kompetanse, helst på førstestillingsnivå
Dokumentert kompetanse og erfaring innanfor instituttet sitt fag- og forskingsområde
Leiarerfaring, dokumenterte resultat frå fagleg leiarstilling og resultat frå strategi- og endringsarbeid blir vektlagt.
Generelle kompetansekrav
God forståing for høgskulen sitt samfunnsoppdrag
God kjennskap til og forståing for verdien av kontinuerleg arbeid med likestilling og mangfald i utdanningane og i rekrutteringa av studentar og tilsette
God pedagogisk kompetanse, m.a. god forståing for kunnskapsformidling og læreprosessar
Erfaring frå og solid kunnskap om universitets- og høgskulesektoren
Erfaring frå og kjennskap til dei profesjonane og praksisfelta som instituttet femnar om er ein føremon
Erfaring med å utvikle og vedlikehalde relasjonar til ulike aktørar regionalt, nasjonalt og internasjonalt
God forståing for moglegheitene i digitale løysingar
God munnleg og skriftleg framstillingsevne i norsk og engelsk.
Personlege eigenskapar
Gode leiareigenskapar og ein motiverande og inkluderande leiarstil med vekt på samarbeid og medverknad
Evne til strategisk heilskapleg perspektiv
Gode evner til kommunikasjon, samhandling og til å bygge tillit og relasjonar internt og eksternt
Gjennomføringsevne og resultatorientering
Løysings- og utviklingsorientering
Stort engasjement for å nå høgskulen sine ambisjonar.
Vi tilbyr:
Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
Høve for trening i arbeidstida
Stillinga som instituttleiar løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1475 - instituttleiar.
Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Korleis søke på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.
Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attestar og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Dersom vedlegga er større enn 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggast ved som lenke.
Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.
Generell informasjon:
Me gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.
Det kan bli endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.
Den statlge arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.