LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Fast stilling senioringeniør - Fakultet for ingeniør- og naturvitskap

Søknadsfrist: 01.09.2021

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 700 årsverk og 16 600 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Fakultet for ingeniør- og naturvitskap har om lag 300 tilsette og om lag 3200 studentar. Fakultetet har eit breitt utdanningstilbod både på bachelor og masternivå innan ingeniør- og naturfag, samt PhD-utdanning innan datateknologi.

Mohnsenteret for innovasjon og regional utvikling forskar på innovasjon og tilbyr masterutdanning innan innovasjon og entreprenørskap. Dykkarutdanninga tilbyr eittårig fagskuleutdanning.

Hovuddelen av fakultetets verksemd er i Haugesund, Bergen, Sogndal og Førde, men vi tilbyr også desentralisert utdanning på Stord i 2022.Fakultetets verksemd er internasjonalt forankra og skjer i tett samarbeid med regionale bedrifter, klynger, helseføretak og offentleg sektor, inkludert andre institusjonar i universitets- og høgskulesektoren. Dette gjeld både forsking, utvikling, innovasjon og ikkje minst utdanning med studentprosjekt på alle nivå.

Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for ingeniør- og naturvitskap har ledig fast stilling som senioringeniør

Stillinga er knytt til bachelorutdanninga i automatisering med robotikk ved campus Førde, men arbeidsoppgåver for andre teknologiske bachelorutdanningar kan og vere aktuelle. I tillegg vil ein vesentleg del av arbeidsoppgåvene vere knytt opp mot PhD-utdanninga i datateknologi som støtte for stipendiatar og forskarar. Frå 2023 kan det også vere aktuelt å arbeide inn mot ny master i IKT som er under planlegging ved fakuletet.

Arbeidsstad er Førde.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Arbeidsoppgåvene i stillinga vil vere å gje teknisk-fagleg støtte i undervisning og forsking.

Den som vert tilsett vil ha eit sjølvstendig ansvar for drift, vedlikehald og metodeutvikling rundt avansert vitskapleg utstyr. Det kan og vere aktuelt å konstruere delar til eksisterande vitskapleg utstyr ved 3D-printing eller maskinering, og å bidra til prototypeutvikling i student- og forskingsprosjekt. Den som vert tilsett er forventa å bidra med teknisk-fagleg støtte i studentprosjekt, og kunne ta eit sjølvstendig ansvar for utvikling og gjennomføring av laboratorieoppgåver i ulike emne. Ein vesentleg del av stillinga vil vere å bidra på konkrete utviklingsoppgåver i forskingsprosjekt for næringslivet, og i større nasjonale og internasjonale forskingsprosjekt.

Stillinga er delvis knytt til eksternfinansierte forskingsprosjekt på robotikk. Teknoløft Sogn og Fjordane er eit stort forskingsprosjekt finansiert av Noregs Forskingsråd for å bygge kapasitet i forskingsmiljøet på fysisk menneske-robot samarbeid. CoBotAGV er eit polsk-norsk samarbeidsprosjekt finansiert av europeiske midlar der ein ser på korleis robotarmar kan monterast på autonome mobile robotplattformar for menneske-robot samarbeid. Den som vert tilsett vil arbeide tett opp mot desse prosjekta som teknisk-fagleg støtte i forskingsoppgåver, og tett saman med doktorgradsstudentane og forskarane på området.

Kvalifikasjonskrav:

Formelle kvalifikasjonskrav:

For tilsetting i stilling som senioringenør er det krav om mastergrad i robotikk, kybernetikk, automatisering eller tilsvarande.

Den som vert tilsett i stillinga bør ha kompetanse og erfaring med fleire av desse områda: mikrokontrollerar, servomotorar, 3D-printing, mekanikk, maskinering, robotarmar, mobile robotar, Robot Operating System (ROS), PLS-system, posisjoneringssystem, vision-system, og programmering. Kjennskap til robotikk vil spesielt vektleggast ved tilsetting.

Relevant arbeidserfaring, relevante fagbrev, erfaring med utvikling av prototypar, og erfaring med deltaking i prosjekt- og forskingsarbeid vil telje positivt.

Det er ein føresetnad at den som vert tilsett har god skriftleg og munnleg framstillingsevne på engelsk, og god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk eller eit anna skandinavisk språk.

Personlege eigenskapar:

Vi søkjer etter ein engasjert medarbeidar som er sjølvstendig, har innsatsvilje og gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Den som vert tilsett må vere glad i å sette seg inn i verkemåten til nytt utstyr, like å delta i og drive utviklingsarbeid, og ha interesse for programmering, robotikk og avansert teknisk utstyr.

Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar med mastergrad, kan det bli aktuelt å tilsette i mellombels stilling som overingeniør (st.kode 1087) i inntil 1 år. For stilling som overingeniør vert det stilt krav om bachelorgrad i robotikk, kybernetikk, automatisering eller tilsvarande.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som senioringeniør er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1181 - senioringeniør

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Dersom vedlegga overskrid 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggast ved som lenke.

Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Assissterande instituttleiar Eli Nummedalepost eli.nummedal@hvl.no, tlf 48 21 87 55

2) Førsteamanuensis Erik Kyrkjebøerik.kyrkjebo@hvl.no, tlf 57 67 6285

Søk stilling

Powered by Labrador CMS