LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Førsteamanuensis innan teknologi og læring med fokus på spelbasert læring

Søknadsfrist: 30.11.2023

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det psykologiske fakultet består av fem institutter og to senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førsteamanuensis

Ved Centre for the Science of Learning & Technology (SLATE) er det ledig ei fast 100 % stilling som førsteamanuensis innan teknologi og læring med fokus på spelbasert læring.

Centre for the Science of Learning & Technology (SLATE) ved Det psykologiske fakultet er eit læringsvitskapleg forskingssenter som driv tverrfagleg forsking på dei teknologiske, pedagogiske, kulturelle, etiske og juridiske aspekta ved læringsanalyse (LA) og kunstig intelligens i utdanning (AIED) og fremmer ansvarleg bruk av teknologi i utdanninga. Vi er eit dynamisk og inkluderande miljø på rundt 23 personar, inkludert lærarar, forskarar, adjunktar, postdoktorar, ph.d.-kandidatar og støttepersonell. Alle dei tilsette må bidra til senteret sin suksess. Med denne stillinga ønsker SLATE å videre auke sin kompetanse på spel og spelbasert læring, å vere i spissen når det gjeld bruk av teknologi i framtidsretta spelbasert læring, både i våre utdanningsprogram og i utforming av læringsverktøy, både internt og saman med partnarar.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

Vi søker ein dynamisk, innovativ og lidenskapeleg forskar og pedagog med ekspertise innan spel og spelbasert læring og interesse for å utvikle ekspertise om kunstig intelligens og spel.

Førsteamanuensen vil vere eit fast medlem av SLATE sin vitskapelege stab, med dei privileger og plikter som følger av dette, inkludert følgande:

  • Utføre høgkvalitetsforsking innan spel og spelbasert læring og utvikle forskingsekspertise innan kunstig intelligens og spel.
  • Bidra til vidareutviklinga av det tverrfaglege forskingssenteret SLATE og delta i pågåande forsking ved SLATE
  • Samarbeide med lokale, nasjonale og internasjonale partnarar om forsking og prosjektutvikling innan læringsanalyse, kunstig intelligens og spelbasert læring
  • Jobbe dedikert for å skaffe eksterne forskings- og innovasjonsmiddel frå Forskningsrådet, EU, Innovasjon Norge, og andre moglege finansieringskjelder
  • Utvida ansvar for utforming av studieprogram og emne (inkludert masterprogram og EVU-kurs) og deltaking i desentralisert kompetanseheving
  • I tillegg til vanleg bachelor-, master- og ph.d.-undervisning, ønsker SLATE ein forskar som er interessert i å nå eit breitt spekter av industri og organisasjonar både regionalt på Vestlandet og nasjonalt gjennom sine EVU-tilbod (lokalt i Bergen og gjennom eit desentralisert tilbod)
  • Undervisning og master- og doktorgradsrettleiing
  • Yte service til SLATE, UiB og innan fagområdet

Dersom du er visjonær innan spel og læring og er opptatt av å forandre måten vi underviser og lærer på, inviterer vi deg til å søke på denne spennande stillinga. Bli med oss i vårt arbeid for å fremme innovasjon og framifrå utdanning gjennom spelets kraft.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Du må ha ein grad som svarar til ein norsk doktorgrad i informasjonsvitskap eller informatikk i feltet spelbasert læring.
  • Forskingserfaring og publisering innan spelbasert læring og interesse for utvikling av forsking om kunstig intelligens og spelbasert læring er eit krav.
  • Brei røynsle med design og utvikling av spelbaserte læringssystem er eit krav.
  • Erfaring med utforming av utdanningsprogram, emne og innhald på høgare utdanningsnivå samt erfaring frå undervisning og rettleiing av bachelor- og masterstudentar, er eit krav.
  • Det er ein fordel med brei erfaring med tverrfagleg arbeid mellom akademia og offentleg- og privat sektor.
  • Du må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert, og samarbeide i tverrfaglege team. 
  • Gode resultat innan formidling og oppsøkande verksemd er ein fordel.
  • Flytande munnleg og skriftleg kommunikasjonsevne på norsk er eit krav på grunn av forsking i norsk skule, høgare utdanningsinstitusjonar og samhandling med norsk industri.
  • Gode engelskkunnskapar, munnleg og skriftleg er eit krav.
  • Sist, men ikkje minst, entusiasme, stort engasjement og glede ved forsking. 

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli vektlagde. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga. 

Utdanningsfagleg kompetanseUtdanningsfagleg kompetanse er eit krav for stillinga, sjå «Regler for vurdering av utdanningsfaglig kompetanse ved UiB». Dersom den som blir tilsett ikkje kan dokumentere tilstrekkeleg utdanningsfagleg kompetanse ved tilsetting, må krava vere oppfylte innan to år. 

Vi tilbyr:

  • spennande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø med diverse aktivitetar
  • deltaking i et ungt, engasjert team i dynamisk utvikling
  • Brutto årsløn som førsteamanuensis (kode 1011) frå kr 708 000,- til kr. 796 600,- (tilsvarande lønssteg 71-77). Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det vere aktuelt å vurdere høgare lønn. 
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei utgreiing om forskingsinteressene dine og motivasjon for å søke stillinga, med eit avsnitt om korleis du oppfyller kvalifikasjonskriteria lista opp over, og korleis dine forskingsinteresser er knytt til spelbasert læring
  • ei utgreiing som viser korleis forskinga di passar til stillinga og SLATE-profilen, og kva for planar du har for den næraste framtida (3-4 sider)
  • CV 
  • vitnemål og attestar
  • namn på to referansar med kontaktinformasjon 
  • fullstendig publikasjonsliste
  • liste med vedlegg som dokumenterer dine pedagogiske kvalifikasjonar. Nærare informasjon om dokumentasjon av utdanningsfagleg kompetanse finn du her
  • liste over vitskapelege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysningar om kvar dei er offentleggjorde
  • vitskaplege arbeid søkjaren vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (maksimalt 10)

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge. Vi gjer merksam på at søknader vert vurderte med den informasjonen og dei vedlegg som er knytt til søknaden i JobbNorge når søknadsfristen går ut. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at all informasjon er lagt inn innan fristen.

Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden.

Generell informasjon:

Ytterlegare informasjon om stillinga kan du få ved å kontakte:

Praktiske spørsmål om søknadsprosess kan du rette til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk pa stillingen

Powered by Labrador CMS