Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Stipendiat i kvanteteknologi
Ved Institutt for informatikk er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i kvanteteknologi. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning). Stillinga er knytt til finansiering frå Universitetet i Bergen, og har oppstart seinast innan 31.12.2025.
Den som vert tilsett vil arbeide innanfor forsking om
Kvanteinformasjonsteori,
Kvante-kompressiv sensing,
Kvante-feilkorrigerende koder,
Kvanteberekningar, og/eller
Postkvantekryptografi.
Utdanninga vil gje eit sterkt grunnlag for å ta del i utviklinga innanfor kvanteteknologi. I Noreg vil vi auke og styrke det nasjonale fagmiljøet innan kvanteteknologi, og det vil vere ein stor fordel med ein kandidat som kan byggje nettverk og bidra i dette miljøet. Vi ynskjer oss også ein kandidat som kan styrke undervisingstilbodet til instituttet innan kvanteteknologi på norsk. Ph.d. kandidatar ved Institutt for informatikk vert knytt til instituttets Forskerskole i informasjons- og kommunikasjonsteknologi.
Kvalifikasjonar og eigenskapar
Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i informatikk, fysikk eller matematikk, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
Det er ein fordel hvis kandidaten har god teoretisk kunnskap om minst eitt av dei forskingsområda som er nemnt under punktet Om prosjektet/arbeidsoppgåver.
Gode kunnskapar i norsk vil vere ein fordel.
Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.
Særeigne krav for stillingaUiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.
For stillinga gjeldt følgande
Om stipendiatstillinga:
Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.
Om forskarutdanninga:
Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.
Vi tilbyr:
Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
lLøn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 568 700. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Generell informasjon
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Professor Øyvind Ytrehus på 55184385 eller Oyvind.Ytrehus@uib.no, eller
Professor Lilya Budaghyan på lilya.budaghyan@uib.no
For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med HR rådgjevar Karoline Christiansen på karoline.christiansen@uib.no eller 55 58 47 70.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.