Ph.d.-stipendiat i reservoarfysikk (CCS) - NCS2030
Søknadsfrist: 10.08.2025
Publisert
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Ph.d.-stipendiat i reservoarfysikk (CCS): Forseglingseigenskapar til sedimentære CO2-hydrat
Institutt for fysikk og teknologi ved Universitetet i Bergen søkjer kandidatar til ei stipendiatstilling i reservoarfysikk. Denne stillinga er ein del av NCS2030 CoolSeal-prosjektet, finansiert gjennom Nasjonalt senter for bærekraftig bruk av energiressurser på norsk sokkel (NCS2030). Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med moglegheit for eit fjerde år med karrierefremjande arbeid, som t.d. undervisningsoppgåver ved instituttet.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
CO2-hydrat kan danne ein sekundær forsegling ved lagring av CO2-lagring i akviferar eller tomme olje/gassfelt. Denne forseglinga skjer når CO2, som er lettare enn vatn, migrerer oppover og til slutt kjem inn i stabilitetsområdet for CO₂-hydrat (t.d. gjennom permeabel lag, langs brønnbanar, eller forkastingar). Forsegling basert på hydrat kan vere ein viktig faktor for å redusere risikoen ved mange potensielle lagringsstader, der reservoaret og takberget ligg under eller i stabilitetsområdet. CoolSeal-prosjektet har som mål å predikere forseglingseigenskapane til CO2-hydrat i geologiske formasjonar gjennom eksperimentelt og numerisk arbeid som strekk seg over fleire skalaer.
Ph.d.-kandidaten vil arbeide i ei tverrfagleg forskingsgruppe med både eksperimentelle aktivitetar og numerisk modellering. Arbeidsoppgåvene til doktorgradsstipendiaten vil i hovudsak vere eksperimentelle, med gjennomføring av hydratforseglingsforsøk på poreskala og kjerneskala ved bruk av MRI. I tillegg skal kandidaten bidra med innspel til modellering og numeriske simuleringar. Ph.d.-kandidaten vil samarbeide med industripartnarar og ta aktiv del i eit større fagmiljø innan anvend forsking.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjarar må ha mastergrad eller tilsvarande utdanning innan reservoarfysikk, anvend matematikk, kjemiteknikk, geofag, anvend petroleumsteknologi eller eit nærståande fagfelt, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
Erfaring med eller kompetanse innan flyt og transportprosessar i porøse medium er eit krav.
Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert, og vise gode samarbeidsevner.
Søkjarar må meistre både munnleg og skriftleg engelsk godt.
Erfaring frå ein eller fleire av følgjande område er ein fordel:
Programmering, biletbehandling og maskinlæring.
Bruk av magnetisk resonansavbilding (MRI).
Laboratorieerfaring frå forsking på porøse medium knytt til fysikk og/eller kjemi.
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Motivasjon, ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.
Særeigne krav for stillingaUiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.
For stillinga gjeldt følgande:
Om stillinga som ph.d.-stipendiat
Stipendperioden er på 3 år, med opning for eit 4. år avhengig av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing. Dersom eit 4. år blir bestemt, vil éitt årsverk som består av karrierefremmande arbeid knytt til undervisning, formidling og forskingsinfrastruktur/tenester, bli fordelt over den samla tilsetjingsperioden og slik tilsvare 25 % av tida kvart år.
Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.
Om forskarutdanninga
Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.
Vi tilbyr:
eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 568 700. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
ei kort skildring av søkjarens forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga
ei detaljert grunngjeving av kvalifikasjonane dine i høve til dei oppførte krava, og korleis du oppfyller kvart kriterium. I tillegg bør du adressere dei nemnde "fordelane", då desse vil bli vurderte ved rangeringa av kandidatane.
namn og kontaktinformasjon til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
CV
karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden må du levere ei stadfesting på at mastergradsoppgåva er levert.
liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste med lenkjer)
masteroppgåva og eventuelle publikasjonar du ønskjer å få vurdert. Dersom oppgåva ikkje er skriven på eit skandinavisk språk eller engelsk, må det leggjast ved eit samandrag på engelsk (2 sider)
Søknaden og vedlegg med stadfesta omsetjing til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Generell informasjon:
For meir informasjon om stillinga, kontakt:
Professor Geir Ersland, Institutt for fysikk og teknologi, epost: Geir.Ersland@uib.no eller
Professor Kundan Kumar, Institutt for matematikk, e-post: Kundan.Kumar@uib.no
For HR-relaterte spørsmål, kontakt HR-rådgjevar Thea Thingnes, e-post: thea.thingnes@uib.no
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.