LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Førsteamanuensis innan marin petrologi / geokjemi

Søknadsfrist: 13.02.2024

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førsteamanuensis innan marin petrologi/geokjemi

Ved Institutt for geovitenskap, Universitetet i Bergen, er det ledig ei stilling som førsteamanuensis innan marin petrologi/geokjemi.

Den ledige stillinga er knytt til forskargruppa i Geokjemi og geobiologi, som er samansett av geologar, geokjemikarar, geomikrobiologar, geobiologar og geofysikarar. Forskingsaktiviteten i gruppa er i stor grad knytt til Senter for djuphavforsking og omfattar tett samarbeid med forskarar frå̊Institutt for biovitenskap. Senteret har hovudfokus på̊spreiingsryggar, hydrotermale system, mineralressursar og økosystem i djuphavet, og arrangerer eller deltek jamleg på tokt til Polhavet og Norskehavet/Grønlandshavet.

Om instituttet

Det overordna målet for Institutt for geovitenskap (GEO) er å utvikle ny kunnskap om jorda si oppbygging, utviklingshistorie og drivkreftene som påverkar jorda sin dynamikk. Instituttet har ei sentral rolle i UiB si satsing innan områda marin forsking, klima og energiomstilling. Utdanning spelar ei viktig rolle for å realisere Institutt for geovitenskap sine ambisjonar, og i 2020 fekk instituttet status som Senter for framifrå utdanning (SFU). Vi fokuserer difor i aukande grad på studentaktive læringsmetodar, samstundes som vi legg til rette for ein kollegial atmosfære der deling og formidling av undervisningspraksis er kjerneverdiar. 

Forskingsaktivitetane ved GEO er organisert rundt følgjande forskargrupper: Geofysikk, Geokjemi og geobiologi, Geodynamikk og bassengstudiar, og Kvartærgeologi og paleoklima. For tida har GEO ein fast vitskapleg stab på 40 tilsette, 33 postdoktorar og forskarar, rundt 55 doktorgradsstipendiatar og ein teknisk/administrativ stab på rundt 34 tilsette.

Vitskapleg tilsette ved instituttet har tilgang på moderne forskingsfasilitetar, inkludert Bergen Geoanalytiske Fasilitet med ei rekkje avanserte laboratorium, kraftig data-infrastruktur og havgåande forskingsfartøy og undervassrobotar. Fleire av desse har status som nasjonale infrastrukturfasilitetar.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

Stillinga er tiltenkt ein aktiv forskar innan petrologi/geokjemi med fokus på oseansk litosfære. Det er forventa at den som vert tilsett vil bidra aktivt inn mot forskingsaktivitetane ved Institutt for geovitenskap, forskingsgruppa i Geokjemi og geobiologi og Senter for djuphavforsking, og delta i interdisiplinære marine forskingstokt. Vi søkjer etter ein kandidat som har interesse og evne til å bruke og utvikle ein eller fleire av dei viktigaste forskingsinfrastruktur-/laboratoriefasilitetane som er assosiert med Senter for djuphavforsking og Institutt for geovitenskap som inkluderer (men ikkje avgrensa til) Laboratorium for Element og Isotop analyse (LabELISA), Elektronmikroskopisk laboratorium (ELMILab) og Norsk Marin robot fasilitet (NorMar), og som har potensiale til å ta ein framtidig leiande rolle for fasilitetane.

I tillegg til forsking skal den tilsette ta del i instituttet sitt undervisingsprogram både på bachelor- og mastergradsnivå, og rettleie studentar på master- og ph.d.-nivå̊. Undervisning innan petrologi/geokjemi og mikroskopi med eit sterkt fokus på studentaktive læringsformer og SoTL (Sholarship of Teaching and Learning) er forventa.

Kandidaten må kunne dokumentere forsking av høgt internasjonalt format og vise til eit godt internasjonalt nettverk, sett i forhold til karrieretrinnet sitt. Instituttet forventar at den som blir tilsett bidrar aktivt til initiering av nasjonale og internasjonale prosjektaktivitetar. Kandidaten må̊også dokumentere evne til å skaffe eksterne prosjektmidlar.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha doktorgrad innan petrologi og geokjemi eller relaterte fagfelt.
  • Ekspertise og erfaring med forsking innan prosessar knytt til danning av oseansk litosfære er eit krav.
  • Interesse og evne til å ta ei leiande rolle i bruk og utvikling av forskingsinfrastruktur assosiert med Senter for djuphavforsking er eit krav.
  • Erfaring med å delta i eller organisere marine forskingstokt er eit krav.
  • Erfaring innan økonomisk geologi er ein føremon.
  • Søkjarar må kunne bidra i forskingslag både som leiar og deltakar.
  • Det blir forventa at den som blir tilsett bidrar til eksternfinansiert forskingsaktivitet. Søkjarar bør difor kunne dokumentere evne til å hente inn ekstern forskingsfinansiering.
  • Søkjarar må kunne dokumentere forsking av høg internasjonal standard og eit sterkt internasjonalt nettverk.
  • Kandidaten må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.

Kvalifikasjonar vil bli evaluert i lys av karrieretrinn, og vi oppfordrar og tidleg- til midt-karriere forskarar om å søkje.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Særeigne krav for stillinga

UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.

Krav til utdanningsfagleg kompetanse

Til stilling som førsteamanuensis blir det kravd grunnleggjande kompetanse for undervisning og rettleiing på universitets- og høgskulenivå.

 Dette inneber dokumentasjon av:

  • fullført universitetspedagogisk utdanning (relevante kurs i kombinasjon med eigen praktisk undervisning vil kunne erstatte universitetspedagogisk program)
  • grunnleggjande ferdigheiter innan planlegging, gjennomføring, evaluering og utvikling av undervisning og rettleiing

Utdanningsfagleg kompetanse skal dokumenterast gjennom ei utdanningsfagleg mappe. Denne skal innehalde oversikt over praktisk erfaring og kompetanse, dokumentasjon av dette og eit kortfatta refleksjonsnotat. Notatet skal primært vere knytt til eigen undervisningsfilosofi og vurdering av eigen undervisning i høve til kunnskap om studentar si læring i høgre utdanning. Nærare informasjon om kriterium og dokumentasjonskrav til utdanningsfagleg kompetanse finst her.

Søkjarar som ikkje kan dokumentere tilstrekkeleg utdanningsfagleg kompetanse ved tilsetjing, vil bli pålagt å oppfylle krava innan to år etter tiltreding.

Undervisningsspråket er i hovudsak norsk. Den som blir tilsett, må kunne undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan tre år etter tiltreding. Det vil bli lagt til rette for gjennomføring av norskkurs.

Universitetet i Bergen legg vekt på utdanningsfagleg kompetanse i vitskaplege mellom- og toppstillingar.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • Stilling som førsteamanuensis (kode 1011 i hovudtariffavtalane i staten) og brutto årsløn frå kr. 708 000,- til kr. 870 900,- (svarar til lønssteg 71– 80). Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Førsteamanuensis i fast stilling har høve til å søkje om opprykk til professor etter kompetanse. Meir informasjon finst her .

Søknaden skal innehalde:

  • CV
  • vitnemål og attestar
  •  fullstendig publikasjonsliste
  • ei kort utgreiing om søkjaren si interesse og motivasjon for å søkje denne stillinga, og ei kort oppsummering av dei viktigaste resultata i søkjaren si forsking (2-3 sider).
  • utdanningsfagleg kompetanse dokumentert gjennom utdanningsfagleg mappe (sjå ovanfor).
  • liste over vitskapelege arbeid søkjaren vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysningar om kvar dei er publiserte.
  • namn på tre referansar, kor minst ein må kjenne søkjaren frå undervisningsarbeid.

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til førsteamanuensis Steffen Leth Jørgensen, Institutt for geovitenskap, e-post: steffen.jorgensen@uib.no eller til instituttleder Atle Rotevatn, Institutt for geovitenskap, e-post: atle.rotevatn@uib.no.

For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med Vivian Stegen Jacobsen, e-post: vivian.jacobsen@uib.no.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS