LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Førsteamanuensis innan marin geovitskap

Søknadsfrist: 31.10.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førsteamanuensis

Ved Institutt for geovitenskap er det ledig ei stilling som førsteamanuensis innan marin geovitskap (djuphavsprosessar).

Om instituttet

Det overordna målet for Institutt for geovitenskap (GEO) er å utvikle ny kunnskap om jorda si oppbygging, utviklingshistorie og drivkreftene som påverkar jorda sin dynamikk. Instituttet har ei sentral rolle i UiB si strategiske satsing innan områda marin forsking, klima og energiomstilling. Utdanning spelar ei viktig rolle for å realisere våre ambisjonar og i 2020 fekk instituttet status som Senter for framifrå utdanning (SFU). Vi fokuserer difor i aukande grad på studentaktive læringsmetodar, samstundes som vi legg til rette for ein kollegial atmosfære der deling og formidling av undervisningspraksis er kjerneverdiar.

Forskingsaktivitetane ved instituttet er organisert rundt følgjande forskargrupper: Geofysikk, Geokjemi og geobiologi, Geodynamikk og bassengstudiar, og Kvartærgeologi og paleoklima. For tida har GEO ein fast vitskapleg stab på 40 tilsette, 33 postdoktorar og forskarar, rundt 55 doktorgradsstipendiatar og ein teknisk/administrativ stab på rundt 34 tilsette.

Den ledige stillinga er knytt til forskargruppa i Geokjemi og geobiologi, som er samansett av geologar, geokjemikarar, geomikrobiologar, geobiologar og geofysikarar. Forskingsaktiviteten i gruppa er i stor grad knytt til Senter for djuphavforsking og omfattar tett samarbeid med forskarar frå̊ Institutt for biovitenskap. Senteret har hovudfokus på̊ spreiingsryggar, hydrotermale system, mineralressursar og økosystem i djuphavet, og arrangerer årlege tokt til dei arktiske havområda.

Vitskapleg tilsette ved instituttet har tilgang på moderne forskingsfasilitetar, inkludert Bergen Geoanalytiske Fasilitet med ei rekkje avanserte laboratorium, kraftig data-infrastruktur og havgåande forskingsfartøy. Fleire av desse har status som nasjonale infrastrukturfasilitetar.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde

Stillinga er tiltenkt ein forskar innan marin geovitskap med sterk interesse innan havbotnspreiing, hydrotermal aktivitet og relaterte djuphavs-prosessar. Spesifikke område av interesse er for eksempel marin geologi/geofysikk, vulkanologi og/eller magmatisk petrologi, geokjemi og djuphavs-teknologi. Det er forventa at den som vert tilsett vil bidra aktivt inn mot forskingsaktivitetane ved Senter for djuphavforsking, og delta i og lede interdisiplinære marine forskingstokt.

I tillegg til forsking skal den tilsette ta del i instituttet sitt studieprogram både på bachelor- og mastergradsnivå, med undervisning i geovitskaplege kurs, og med rettleiing av studentar på master- og ph.d.-nivå. Eit sterkt fokus på studentaktive læringsformer og SoTL (Scholarship of Teaching and Learning) er forventa.

Kandidaten må kunne dokumentere forsking av internasjonalt format og vise til eit godt internasjonalt nettverk. Instituttet forventar at den som blir tilsett bidrar aktivt til initiering av nasjonale og internasjonale prosjektaktivitetar. Kandidaten må og dokumentere evne til å skaffe eksterne prosjektmidlar.

I samsvar med universitetet sine generelle forskrifter, skal ein akademisk tilsett ta del i undervisinga og tilhøyrande eksamens-/vurderingsarbeid, rettleie master/ph.d.-studentar og presentere eigne forskingsresultat på konferansar og i internasjonale tidsskrift.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha doktorgrad eller tilsvarande kompetanse innan marin geologi/ geofysikk, eller relaterte fagfelt.
  • Ekspertise og erfaring med forsking innan spreiingsryggrelaterte prosessar er eit krav.
  • Ekspertise med å organisere og gjennomføre operasjonar innan djuphavforsking er eit krav.
  • Erfaring med bruk og utvikling av djuphavsteknologi og metodar er ein føremon.
  • Kandidaten må kunne arbeide sjølvstendig og ha gode samarbeidsevner.
  • Det blir forventa at den som blir tilsett bidrar til eksternfinansiert forskingsaktivitet. Søkjarar bør difor kunne dokumentere evne til å hente inn ekstern forskingsfinansiering.
  • Søkjarar må kunne bidra i/ha interesse for å bidra i interdisiplinære forskingslag både som leiar og deltakar.
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli vektlagde. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Krav til utdanningsfagleg kompetanse

Til stilling som førsteamanuensis blir det kravd grunnleggjande kompetanse for undervisning og rettleiing på universitets- og høgskulenivå. Dette inneber dokumentasjon av

  • fullført universitetspedagogisk utdanning (relevante kurs i kombinasjon med eigen praktisk undervisning vil kunne erstatte universitetspedagogisk program)
  • grunnleggjande ferdigheiter innan planlegging, gjennomføring, evaluering og utvikling av undervisning og rettleiing

Utdanningsfagleg kompetanse skal dokumenterast gjennom ei utdanningsfagleg mappe. Denne skal innehalde oversikt over praktisk erfaring og kompetanse, dokumentasjon av dette og eit kortfatta refleksjonsnotat. Notatet skal primært vere knytt til eigen undervisningsfilosofi og vurdering av eigen undervisning i høve til kunnskap om studentar si læring i høgre utdanning. Nærare informasjon om kriterium og dokumentasjonskrav til utdanningsfagleg kompetanse finst her.

Søkjarar som ikkje kan dokumentere tilstrekkeleg utdanningsfagleg kompetanse ved tilsetting, vil bli pålagt å oppfylle krava innan to år etter tiltreding.

Undervisningsspråket er i hovudsak norsk. Den som blir tilsett, må kunne undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tiltreding.

Ved Universitetet i Bergen blir det lagt reell vekt på pedagogiske kvalifikasjonar ved tilsetjing i vitskaplege mellom- og toppstillingar.

Vi tilbyr

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 68–74 (kode 1011/LR 24, alternativ 8). Dette utgjer ei årsløn på kr. 626 100 ,- – 702 100,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Førsteamanuensis i fast stilling har høve til å søkje om opprykk til professor etter kompetanse. Meir informasjon finst her.

Søknaden skal innehalde

  • CV
  • vitnemål og attestar
  • fullstendig publikasjonsliste
  • ei kort utgreiing (2-3 sider) om søkjaren si interesse og motivasjon for å søkje denne stillinga, ei kort oppsummering av dei viktigaste resultata i søkjaren si forsking, og ein visjon for utvikling av djuphavforsking innan for senteret og instituttet sine rammer.
  • utdanningsfagleg kompetanse dokumentert gjennom utdanningsfagleg mappe (sjå ovanfor)
  • liste over vitskapelege arbeid søkjaren vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysningar om kvar dei er publiserte
  • namn på tre referansar, kor minst ein må kjenne søkjaren frå undervisningsarbeid

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Rolf Birger Pedersen, tlf. 91330278 / e-mail: Rolf.Pedersen@uib.no, eller
  • Instituttleiar Ingunn H. Thorseth, Institutt for geovitenskap, e-post: Ingunn.Thorseth@uib.no / tlf. 41528683

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS