LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Førsteamanuensis innan havvindenergi og bærekraft

Søknadsfrist: 22.08.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førsteamanuensis

Ved Geofysisk institutt er det ledig ei stilling som førsteamanuensis innan bærekraft og energiomstilling. Stillinga er knytt til Bergen Offshore Wind Center (BOW) og Universitetet i Bergen sitt satsingsområde Klima og energiomstilling, og forsking og undervisning på tema som er knytt til FN sine bærekraftsmål.

Om instituttet

Geofysisk institutt er eit internasjonalt anerkjent fagmiljø innan områda hav-, ver-, klimaforskning og fornybar energi. Geofysisk institutt driv undervisning og forsking innan meteorologi, klima, fysisk og kjemisk oseanografi og fornybar energi og energiomstilling. Instituttet sin forskningsstrategi er basert på bruk av moderne «state of the art» observasjoner i kombinasjon med teoretiske studiar og numerisk modellering. Instituttet har 22 faste vitskapelege stillingar og 28 tekniske og administrative stillingar. I tillegg har instituttet i dag 21 tilsette i bistillingar, og om lag 70 doktorgrads-stipendiatar, postdoktorar og forskarar.

Geofysisk institutt har eit nært samarbeid med Bjerknessenteret for klimaforsking.

Bergen Offshore Wind Center (BOW) er etablert ved Universitetet i Bergen for å koordinere, utvikle og styrke forsking og utdanning innan havvindkraft, som en del av universitetet sin strategi om "Klima og energiomstilling." Geofysisk institutt er vertsinstitutt for BOW, som vart oppretta i 2018.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

Den som vert tilsett forventast å levere forsking av høg kvalitet, utvikle høgkvalitetsundervisning på master- og doktorgradsnivå og ta ansvar for rettleiing av master- og doktorgradskandidatar innan havvind og innan fornybar energi si rolle for å nå ulike SDGs.

Den som vert tilsett er venta å ta eit særskilt ansvar for undervisning og kursutvikling knytt til retninga klima og energiomstilling i Masterprogram i bærekraft, i samklang med instituttets undervisning og forsking innanfor fornybar energi.

Havvindenergi representerer store uutnytta, fornybare energiressurser, og gjennom BOW bidrar universitetet til forsking og utdanning som legg grunnlaget for bærekraftig industri- og forretningsutvikling innafor eit område med stort framtidig potensiale. Som ein del av denne satsinga er det oppretta ei stilling som førsteamanuensis innan havvindenergi. Stillinga vil være tilknytta BOW, og være tett knytt til energiutdanninga og klima og energiomstilling i masterstudiet i bærekraft. Vi søkjer ein person som har erfaring, ambisjonar, forskings- og undervisingsplanar innan eit breitt spekter av energirelaterte tema med særleg fokus på fornybar energi, havvind og bærekraft.

Forsking på fornybar energi har blitt stadig viktigare og vil spille ei sentral rolle i åra som kommer om ein skal lukkast globalt med å få ei påliteleg og bêrekraftig energiforsyning. Instituttet ønsker å styrke forsking og utdanning retta mot fornybar energi og energitransformasjon med fokus på havvindkraft. Havvindenergi vil være viktig i den globale energiomstillinga. Kompetanse til å vurdere samspelet mellom havmiljøet, forskjellig bruk av havområdene og energiproduksjon frå havvind, bruk av eksperimentelle og numeriske metodar, variabilitet av vindenergiressursar og integrering av ulike fornybare energikjelder i energisystema er alle tema som er relevante for stillinga. Stillinga vil også ha ei nøkkelrolle i masterprogramma i energi. Det er derfor viktig at kandidaten har ein tverrfagleg profil og kan bidra til samarbeid mellom Geofysisk institutt og andre relevante fagmiljø ved Universitetet i Bergen. Den rette kandidaten må ha ambisjonar innan forsking og utdanning som tar for seg et breitt spekter av energirelaterte spørsmål.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha doktorgrad eller tilsvarande kompetanse innan havvind, meteorologi, eller tilsvarande fagfelt.
  • Vi søkjar ein kandidat tidleg i forskarkarrieren og med eit fokus på forsking på vind og vindkraft.
  • Pedagogiske ferdigheiter vil bli lagt vekt på. Interesse for undervisning og rettleiing skal dokumenterast gjennom å levere eit kort personleg refleksjonsnotat om undervisningspraksis og -metodar, og læringsstategiar for studentar i høgare utdanning (jf. «Krav til utdanningsfaglig kompetans» under).
  • Den som vert tilsett må kunne dokumentere relevant erfaring frå undervisning og rettleiing innan vindkraft og/eller rolla fornybar energi har i nå bærekraftsmåla SDG.
  • Kvalifikasjonar dokumentert i nyleg fagfelleevaluert publisering innanfor over nemna fagfelt er eit krav.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må kunne bidra i forskingslag både som leiar og deltakar.
  • Det blir forventa at den som blir tilsett bidrar til eksternfinansiert forskingsaktivitet. Søkjarar bør difor kunne dokumentere evne til å hente inn ekstern forskingsfinansiering.
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli vektlagde. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Krav til utdanningsfagleg kompetanse

Til stilling som førsteamanuensis blir det kravd grunnleggjande kompetanse for undervisning og rettleiing på universitets- og høgskulenivå.

Dette inneber dokumentasjon av

  • fullført universitetspedagogisk utdanning (relevante kurs i kombinasjon med eigen praktisk undervisning vil kunne erstatte universitetspedagogisk program)
  • grunnleggjande ferdigheiter innan planlegging, gjennomføring, evaluering og utvikling av undervisning og rettleiing

Utdanningsfagleg kompetanse skal dokumenterast gjennom ei utdanningsfagleg mappe. Denne skal innehalde oversikt over praktisk erfaring og kompetanse, dokumentasjon av dette og eit kortfatta refleksjonsnotat. Notatet skal primært vere knytt til eigen undervisningsfilosofi og vurdering av eigen undervisning i høve til kunnskap om studentar si læring i høgre utdanning. Nærare informasjon om kriterium og dokumentasjonskrav til utdanningsfagleg kompetanse finst her.

Søkjarar som ikkje kan dokumentere tilstrekkeleg utdanningsfagleg kompetanse ved tilsetjing, vil bli pålagt å oppfylle krava innan to år etter tiltreding.

Undervisningsspråket er i hovudsak norsk. Den som blir tilsett, må kunne undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tiltreding.

Ved Universitetet i Bergen blir det lagt reell vekt på pedagogiske kvalifikasjonar ved tilsetjing i vitskaplege mellom- og toppstillingar.

Vi tilbyr:

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 68–74 (kode 1011/LR 24, alternativ 10). Dette utgjer ei årsløn på kr. 626 100 - 702 100 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Førsteamanuensis i fast stilling har høve til å søkje om opprykk til professor etter kompetanse. Meir informasjon finst her.

Søknaden skal innehalde:

  • Søknaden skal innehalde
  • CV
  • vitnemål og attestar
  • fullstendig publikasjonsliste
  • ei kort utgreiing om søkjaren si interesse og motivasjon for å søkje denne stillinga, og ei kort oppsummering av dei viktigaste resultata i søkjaren si forsking (2-3 sider)
  • utdanningsfagleg kompetanse dokumentert gjennom utdanningsfagleg mappe (sjå ovanfor)
  • liste over vitskapelege arbeid søkjaren vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysningar om kvar dei er publiserte
  • namn på tre referansar, kor minst ein må kjenne søkjaren frå undervisningsarbeid

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Instituttleder Tor Eldevik, Geofysisk institutt for, e-post: tor.eldevik@uib.no, tlf. 934 94 038

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS