Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Førsteamanuensis innan elektronmikroskopi

Søknadsfrist: 28.10.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førsteamanuensis

Ved Institutt for geovitenskap er det ledig ei stilling som førsteamanuensis innan elektronmikroskopi.

Om instituttet

Det overordna målet for Institutt for geovitenskap (GEO) er å utvikle ny kunnskap om jordas oppbygging, utviklingshistorie og dynamikk.

Instituttet har ei sentral rolle i UiB si strategiske satsing innan globale utfordringar, særleg når det gjeld områda marin forsking, klima og energiomstilling. Utdanning spelar ei viktig rolle for å realisere våre ambisjonar og i 2020 fekk instituttet status som Senter for framifrå utdanning (SFU). Vi fokuserer difor i aukande grad på studentaktive læringsmetodar, samstundes som vi legg til rette for ein kollegial atmosfære der deling og formidling av undervisningspraksis er kjerneverdiar.

Instituttet har ansvar for eit vidt spekter av moderne forskingsfasilitetar med ei rekkje avanserte laboratorium, kraftig data-infrastruktur samt moderne tokt-utstyr for havgåande forskingsfartøy. Fleire av desse har status som nasjonale infrastrukturfasilitetar.

Forskingsaktivitetane ved instituttet er organisert rundt følgjande forskargrupper: Geodynamikk og bassengstudiar, Geofysikk, Geokjemi og geobiologi og Kvartærgeologi og paleoklima. For tida har GEO ein fast vitskapleg stab på 38 tilsette, 33 postdoktorar og forskarar, rundt 55 doktorgradsstipendiatar og ein teknisk/administrativ stab på 34 tilsette.

Den ledige stillinga er knytt til Elektronmikroskopisk laboratorium, som er ein felles infrastrukturfasilitet for UiB. Laboratoriet har for tida ansvar for fire SEM og TEM instrument, samt utstyr for prøvepreparering. Den som vert tilsett vil også være knytt til forskargruppa i Geokjemi og geobiologi, som er samansett av geologar, geokjemikarar, geomikrobiologar, geobiologar og geofysikarar. Forskingsaktiviteten i gruppa er i stor grad knytt til K.G. Jebsen-senter for djuphavsforsking og omfattar tett samarbeid med forskarar frå Institutt for biovitenskap. Samarbeid mot SARS senteret kan også vere aktuelt.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde

Elektronmikroskopisk laboratorium er i ferd med å installere eit nytt FE-SEM spesielt tilpassa biologisk forsking. Den som vert tilsett skal ha ansvar for å etablere moderne metodar og teknikkar for det nye instrumentet og være sentral i arbeidet med å vidareutvikle laboratoriet til å være ein viktig forskingsfasilitet både regionalt og nasjonalt. Stillinga er tiltenkt ein aktiv forskar innan biologi av marine organismar med solid kompetanse og erfaring innan 3D elektronmikroskopi (EM) og korrelativ lys- og elektronmikroskopi (CLEM).

I tillegg til forsking skal den tilsette ta del i instituttet sitt undervisingsprogram både på bachelor- og mastergradsnivå, med undervisning i elektronmikroskopi og rettleiing av studentar på master- og ph.d.-nivå. Eit sterkt fokus på studentaktive læringsformer og SoTL (Scholarship of Teaching and Learning) er forventa.

Universitetet sine generelle forskrifter forlangar at ein akademisk tilsett skal ta del i undervisinga og tilhøyrande eksamens-/vurderingsarbeid, rettleie master/ph.d.-studentar og presentere eigne forskingsresultat på konferansar og i internasjonale tidsskrift.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha doktorgrad eller tilsvarande kompetanse innan biologi med fokus på biologi av marine organismar.
  • Solid ekspertise og erfaring med 3D EM og CLEM er eit krav.
  • Kompetanse innan molekylærbiologi er ein føremon.
  • Kompetanse innan bildebehandling, visualisering og handtering av 3D EM data (mjukvare, programmering, lagring, etc) er eit krav.
  • Kandidaten må kunne dokumentere forsking av internasjonalt format og vise til eit godt internasjonalt nettverk.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må kunne bidra i forskingslag både som leiar og deltakar.
  • Det blir forventa at den som blir tilsett bidrar til eksternfinansiert forskingsaktivitet. Søkjarar bør difor kunne dokumentere evne til å hente inn ekstern forskingsfinansiering.
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli vektlagde. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Krav til utdanningsfagleg kompetanse

Til stilling som førsteamanuensis blir det kravd grunnleggjande kompetanse for undervisning og rettleiing på universitets- og høgskulenivå. Dette inneber dokumentasjon av

  • fullført universitetspedagogisk utdanning (relevante kurs i kombinasjon med eigen praktisk undervisning vil kunne erstatte universitetspedagogisk program)
  • grunnleggjande ferdigheiter innan planlegging, gjennomføring, evaluering og utvikling av undervisning og rettleiing

Utdanningsfagleg kompetanse skal dokumenterast gjennom ei utdanningsfagleg mappe. Denne skal innehalde oversikt over praktisk erfaring og kompetanse, dokumentasjon av dette og eit kortfatta refleksjonsnotat. Notatet skal primært vere knytt til eigen undervisningsfilosofi og vurdering av eigen undervisning i høve til kunnskap om studentar si læring i høgre utdanning. Nærare informasjon om kriterium og dokumentasjonskrav til utdanningsfagleg kompetanse finst her.

Søkjarar som ikkje kan dokumentere tilstrekkeleg utdanningsfagleg kompetanse ved tilsetting, vil bli pålagt å oppfylle krava innan to år etter tiltreding.

Undervisningsspråket er i hovudsak norsk. Den som blir tilsett, må kunne undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tiltreding.

Ved Universitetet i Bergen blir det lagt reell vekt på pedagogiske kvalifikasjonar ved tilsetjing i vitskaplege mellom- og toppstillingar.

Vi tilbyr

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 66–74 (kode 1011/LR 24, alternativ 10). Dette utgjer ei årsløn på kr. 594 400,—691 400,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Førsteamanuensis i fast stilling har høve til å søkje om opprykk til professor etter kompetanse. Meir informasjon finst her: https://www.uib.no/matnat/54491/opprykk-til-professor

Søknaden skal innehalde

  • CV
  • vitnemål og attestar
  • fullstendig publikasjonsliste
  • ei kort utgreiing om søkjaren si interesse og motivasjon for å søkje denne stillinga, og ei kort oppsummering av dei viktigaste resultata i søkjaren si forsking (2-3 sider)
  • utdanningsfagleg kompetanse dokumentert gjennom utdanningsfagleg mappe (sjå ovanfor)
  • liste over vitskapelege arbeid søkjaren vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysningar om kvar dei er publiserte
  • namn på tre referansar, kor minst ein må kjenne søkjaren frå undervisningsarbeid

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Instituttleiar Ingunn H. Thorseth, Institutt for geovitenskap, e-post: Ingunn.Thorseth@uib.no / tlf. 41528683

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS