LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Førsteamanuensis i polar meteorologi

Søknadsfrist: 22.08.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førsteamanuensis

Ved Geofysisk institutt er det ledig ei stilling som førsteamanuensis innan eksperimentell polar meteorologi i samanheng med fysisk prosessforståing relevant for klimasystemet. Meir spesifikt er stillinga retta mot å forstå variasjonen i vannsyklusen ved å knytte avanserte observasjonar til numeriske modellar.

Om instituttet

Geofysisk institutt er eit internasjonalt anerkjent fagmiljø innan områda hav- og klimaforsking. Geofysisk institutt driv undervisning og forsking innan meteorologi, klima, fysisk og kjemisk oseanografi og fornybar energi. Instituttet sin forskingsstrategi er basert på bruk av moderne «state of the art observasjoner» i kombinasjon med teoretiske studiar og numerisk modellering. Instituttet har 22 faste vitskaplege stillingar og 28 tekniske og administrative stillingar. I tillegg har instituttet i dag 21 tilsette i bistillingar, og om lag 70 stipendiatar, postdoktorar og forskarar.

Geofysisk institutt har eit nært samarbeid med Bjerknessenteret for klimaforsking, og denne stillinga vil vere tett knytt til senterets forskingsgruppe for polart klima.

Meteorologigruppa ved GFI engasjerer seg i forskingsaktivitetar over eit bredt spekter av tidsmessige og romlege skalaer ved å utvikle og bruke avanserte måleteknikkar i kombinasjon med teori og modellar. Geografisk fokuserer forskinga vår hovudsakleg på polar- og mellombreiddefenomena, samt samspelet mellom dem. Dermed går målingar i felt og laboratorium, instrument- og metodeutvikling, samt numerisk modellering og teoretisk utvikling hand i hand for å fremje kunnskapen innan meteorologi. Basert på ein lang og vellykka tradisjon ved GFI, ser vi utviklinga av observasjons- og eksperimentelle evner utover det nyaste som viktig for banebrytande forsking. Gjennom forskingsaktivitetane våre får vi meteorologisk prosessforståing og undersøkjer samanhengar mellom desse prosessane og vêrsystema, inkludert utforsking av fysiske koplingar til klimavariabilitet. For å utfylle våre pågåande aktivitetar kunngjer vi ein førsteamanuensisstilling i eksperimentell polar meteorologi.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

I eit jordsystemperspektiv er dynamikken til vêr og klima tett knytt saman over eit bredt spekter av tidsmessige og romlege skalaer. I lys av klimaendringar er variabilitet i mildare breiddegradar og klimaendringar ved høgare breiddegradar, er forståing av koplinga mellom jordsystemkomponentane (atmosfære, hav, land, kryosfære) ved hjelp av eksperimentelt og teoretisk arbeid sentralt, både til den utlyste stillinga, i studieprogramma og forskingsstrategien til Geofysisk institutt.

Instituttet ønsker å styrke den pågåande innsatsen for å underbygge fysisk prosessforståing av den globale vannsyklusen ved å kombinere nye høgoppløyselege observasjonsdata og numerisk modellering. Den som vert tilsett er venta å utvikle leiande ekspertise innan forståing av relevante fysiske prosessar og deira representasjon i numeriske modeller, slik som fordamping, skymikrofysikk og nedbør og vekselverknad mellom snø og atmosfære. Ei prioritert oppgåve for instituttet er vidare å styrke observasjonsbasert og teoretisk kompetanse knytt til bruk av stabile vassisotopar for å studere vatnet sitt kretslaup på skala frå vêr til klima, som for eksempel er relevant for forståinga av klimavariasjon. Ein direkte relatert prioritet for instituttet er kontinuerleg forbetring av metodar for vêr- og klimaprognosar ved bruk av f.eks. dataassimilering.

Den som vert tilsett er venta å bidra til undervisning i studieprogram og enkeltemne på bachelor, master og ph.d.-nivå. Meir spesifikt inkluderer dette fysikk, dynamikk og termodynamikk i hav og atmosfære generelt og de meteorologiske aspekta av dette spesielt, inkludert laboratoriekurs og feltkurs, og til rettleiing av bachelor-, master- og ph.d.-prosjekter. Som medlem av Senter for fremragende undervisning (SFU) iEarth, er Geofysisk institutt forplikta til å utvikle en undervisningskultur som oppmuntrar og støtter studentaktive undervisningsmetodar i høgare utdanning.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha doktorgrad eller tilsvarande kompetanse innan meteorologi, klimafysikk eller tilsvarande kvalifikasjonar.
  • Erfaring frå teoretisk og eksperimentell forsking i kjernedisiplinar knytt til polar meteorologi er eit krav. Kompetansen til søkarane vil bli vurdert etter karrierestadium og potensiale.
  • Teoretisk og eksperimentell erfaring med observasjonar i vannsyklusen, inkludert stabile vassisotopar, og i utviklinga av nye observasjonsmetodar inkludert observasjonar i felt er ein føremon.
  • Søkjarar skal dokumentere solid fagfellevurdert publisering innanfor dei nemnte fagområda i samsvar med karrierestadium.
  • Den som vert tilsett skal kunne undervise og rettleie studentar innanfor relevante tema i meteorologi på alle nivå.
  • Dokumentert erfaring frå undervisning og rettleiing innan relevante fag må være dokumentert (sjå også “Pedagogisk kompetanse” nedanfor).
  • Søkjarar må kunne bidra i forskingslag både som leiar og deltakar
  • Det blir forventa at den som blir tilsett bidrar til eksternfinansiert forskingsaktivitet. Søkjarar bør difor kunne dokumentere evne til å tiltrekke seg forskingsfinansiering og til å drive forsking i samarbeid med eksterne og interne partnarar.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
  • Ferdigheiter i norsk eller eit anna skandinavisk språk er ein føremon.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli vektlagde. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Krav til utdanningsfagleg kompetanse

Til stilling som førsteamanuensis blir det kravd grunnleggjande kompetanse for undervisning og rettleiing på universitets- og høgskulenivå. Dette inneber dokumentasjon av

  • fullført universitetspedagogisk utdanning (relevante kurs i kombinasjon med eigen praktisk undervisning vil kunne erstatte universitetspedagogisk program)
  • grunnleggjande ferdigheiter innan planlegging, gjennomføring, evaluering og utvikling av undervisning og rettleiing

Utdanningsfagleg kompetanse skal dokumenterast gjennom ei utdanningsfagleg mappe. Denne skal innehalde oversikt over praktisk erfaring og kompetanse, dokumentasjon av dette og eit kortfatta refleksjonsnotat. Notatet skal primært vere knytt til eigen undervisningsfilosofi og vurdering av eigen undervisning i høve til kunnskap om studentar si læring i høgre utdanning. Nærare informasjon om kriterium og dokumentasjonskrav til utdanningsfagleg kompetanse finst her.

Søkjarar som ikkje kan dokumentere tilstrekkeleg utdanningsfagleg kompetanse ved tilsetjing, vil bli pålagt å oppfylle krava innan to år etter tiltreding.

Undervisningsspråket er i hovudsak norsk. Den som blir tilsett, må kunne undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tiltreding.

Ved Universitetet i Bergen blir det lagt reell vekt på pedagogiske kvalifikasjonar ved tilsetjing i vitskaplege mellom- og toppstillingar.

Vi tilbyr:

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø med eit breitt arbeidsfelt, og moglegheiter til å bidra aktivt i nasjonale og internasjonale fagmiljøa
  • løn etter lønssteg 68–74 (kode 1011/LR 24, alternativ 10). Dette utgjer ei årsløn på kr. 626 100 - 702 100 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Førsteamanuensis i fast stilling har høve til å søkje om opprykk til professor etter kompetanse. Meir informasjon finst her.

Søknaden skal innehalde:

  • CV
  • vitnemål og attestar
  • fullstendig publikasjonsliste
  • ei kort utgreiing om søkjaren si interesse og motivasjon for å søkje denne stillinga, og ei kort oppsummering av dei viktigaste resultata i søkjaren si forsking (2-3 sider)
  • utdanningsfagleg kompetanse dokumentert gjennom utdanningsfagleg mappe (sjå ovanfor)
  • liste over vitskapelege arbeid søkjaren vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysningar om kvar dei er publiserte
  • namn på tre referansar, kor minst ein må kjenne søkjaren frå undervisningsarbeid

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Joachim Reuder, Geofysisk institutt, e-post: joachim.reuder@uib.no / tlf. 55 58 84 33 eller til
  • Instituttleiar Tor Eldevik, e-post: tor.eldevik@uib.no /tlf. 934 94 038

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS