LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Førsteamanuensis i osteologi

Søknadsfrist: 21.05.2024

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Universitetsmuseet i Bergen – Les meir her 

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førsteamanuensis i osteologi

Ved Universitetsmuseet i Bergen, Avdeling for naturhistorie, er det ledig ei fast stilling som førsteamanuensis i osteologi eller zooarkeologi. Avdeling for naturhistorie har det vitskaplege og kuratoriske ansvaret for botanikk, geologi og zoologi på museet. Det er for tida 15 vitskaplege og 38 teknisk/administrative tilsette på eininga, inkludert dei botaniske hagane.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

Vi søkjer ein produktiv og innovativ akademikar som vil verte ein dedikert forskar i osteologi og faunahistorie. Den som vert tilsett har ein framifrå bakgrunn innan osteologi og vertebratzoologi og forskar innanfor osteologi, vertebratzoologi, faunahistorie, paleoøkologi og/eller zooarkeologi. Erfaring med isotopanalyse, ZooMS og/eller fossilt DNA (aDNA) og bruk av desse metodane i forsking på moderne så vel som sub-fossilt skjelettmateriale er ønskeleg. Det vert venta at den som blir tilsett søkjer om både interne og eksterne forskingsmidlar.

Stillinga omfattar kuratoransvar for museet sine vitskaplege samlingar av subfossile bein. Vi håper å rekruttere ein osteolog med erfaring frå kuratering av samlingar og anna museumsarbeid og med eit oppriktig engasjement for utvikling av samlingane. Universitetsmuseet i Bergen har viktige osteologiske samlingar; ei nasjonal samling av ca. 3 millionar restar av subfossile dyrebein frå siste istid og opp til etterreformatorisk tid, ei samling menneskebein frå førhistorisk tid og mellomalder, og ei samling av ca. 15000 moderne vertebratar (fisk, amfibiar, reptilar, fuglar og pattedyr). Dei subfossile samlingane er hovudsakleg eit resultat av samarbeid med arkeologar gjennom meir enn 100 år. Universitetsmuseet i Bergen har ansvar for gjennomføring av arkeologiske utgravingar i regionen, i samsvar med Kulturminnelova. Samarbeid med Avdeling for kulturhistorie ved Universitetsmuseet vil verte viktig og den som vert tilsett i stillinga vil ha ansvar for å sikre beinmateriale frå utgravingane.

Personen vi søkjer er venta å utvikle Universitetsmuseet sine osteologiske samlingar gjennom eigen forsking og involvering i museet sine utgravingar, gjennom nasjonalt og internasjonalt samarbeid, og gjennom digitalisering. Den som blir tilsett er også venta å ta del i ei vidare utvikling av samarbeidet innan paleobiologi og mellom paleobiologisk og arkeologisk forskingsmiljø ved Universitetsmuseet, og vil bli oppmoda om å undervise og rettleie innafor eiga fagfelt.

Personen vi søkjer vil ta del i produksjon av utstillingar og andre aktivitetar retta mot publikum ved museet.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjaren må ha doktorgrad i osteologi eller zooarkeologi, eller tilsvarande kvalifikasjonar
  • Erfaring frå forsking i osteologi eller zooarkeologi utover doktorgradsnivå er naudsynt: Prosjekt og publikasjonar frå dei siste fem åra vert særleg vektlagd
  • Erfaring med isotopanalyse, ZooMS eller fossilt DNA vil bli føretrekt
  • Erfaring frå kuratering av samlingar og anna museumsarbeid er ønskeleg
  • Kunnskap om arkeologi er ein føremon
  • Ferdigheiter i eit skandinavisk språk vil vera viktig for å kunna lesa og skriva dokumentasjon om samlingane og vil derfor telja positivt
  • Pedagogisk basisutdanning er eit krav for stillinga. Den som blir tilsett vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing
  • Omfattande forsking- og samlingsnettverk vil telja positivt
  • Dokumentert evne til å skaffe eksterne midlar er ein føremon
  • Gode sosiale evner og ein intensjon om å bidra aktivt i forskingsgruppa

Undervisningsspråket er i hovudsak norsk. Det blir kravd at den som blir tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan tre år etter tilsetjinga.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn som førsteamanuensis (kode 1011) er for tida kr 708 000 – 759 100 brutto per år i det statlege lønsregulativet ved tilsetjing. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort beskriving av forskingsinteresse og framtidige planar for forskingsprosjekt
  • CV
  • Vitnemål
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansar
  • Komplett liste over publikasjonar
  • Liste med vedlegg som dokumenterer dine pedagogiske kvalifikasjonar
  • Liste over vitskaplege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, maksimalt 10, med opplysningar om kvar dei er publiserte

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: 

  • Førsteamanuensis Hanneke Meijer, ansvarleg for resent osteologisk samling, Avdeling for naturhistorie, e-post: hanneke.meijer@uib.no, tel.: +47-55 58 29 18, eller til: 
  • Instituttleiar Jenny Smedmark, Avdeling for naturhistorie, e-post: jenny.smedmark@uib.no, tel. +47 55 58 33 51, mobil +47 407 26 194

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

UiB er underlagt regelverket for eksportkontroll og regelverket kan komme til bruk ved behandling av søknader til stillinga.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS