Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Førsteamanuensis i lingvistikk

Søknadsfrist: 15.09.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førsteamanuensis i lingvistikk ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier

Ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE) er det ledig ei fast stilling som førsteamanuensis i lingvistiske fag med oppstart 1. august 2021.

LLE har bachelor- og masterprogam i lingvistiske fag, deltek med undervisning på bachelorprogrammet i kognitiv vitskap og er med på forskarskulen i lingvistikk og filologi. Den språkvitskaplege forskinga ved instituttet fokuserer på teiknspråk, berekningsgrammatikk (serleg LFG), korpusmetodar, eksperimentell psykolingvistikk, statistikk og maskinlæring. Forskingsgruppa LaMoRE (Language Models and Resources) er eit nasjonalt knutepunkt for digitale språkressursar, og etablerer og driftar infrastrukturar for forskingsdata, særleg for trebankar (INESS), og koordinerer ein nasjonal forskingsinfrastruktur for språk (CLARINO). Instituttet administrerer store datasamlingar for norsk språk (Språksamlingane) og driv med leksikografisk forsking og utviklingsarbeid.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

Stillinga omfattar undervisning, forsking, formidling og administrasjon. Det blir kravd at den som får stillinga kan undervise og rettleie studentar i lingvistiske fag og delta i utviklinga i læreplanar.

Den som vert tilsett, skal ta del i undervisninga i samsvar med dei studieordningane som gjeld. Arbeidsoppgåvene omfattar undervisning, rettleiing og eksamensarbeid for studentar på alle nivå og innanfor alle program der Lingvistikk inngår. Tilsette kan bli sette til undervisning, rettleiing og eksamensarbeid innanfor sitt kompetansefelt også utanfor instituttet dei er tilsette ved.

Den som tek til i stillinga, har rett og plikt til å drive forsking innanfor sitt fagområde, og vil også ha ulike fagleg-administrative oppgåver. Det er forventa at den som vert tilsett tar aktiv del i prosjektutvikling, innhenting av ekstern finansiering og formidling.

Tilsetjing i stillinga krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen og deltek i instituttet si drift. Det blir kravd at ein rettar seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Søkjarar må ha norsk doktorgrad i lingvistikk eller tilsvarande kompetanse i eit relevant fagfelt. Ein vil leggje vekt på både fagleg breidde og særskild spesialistkompetanse.

Søkjarane må ha publisert forskingsresultat utover doktorgrad på eit høgt internasjonalt nivå innan lingvistikk. Det er ein fordel med røynsle frå forskingssamarbeid og internasjonalt samarbeid. Erfaring frå forskingsleiing og -formidling vert òg positivt vektlagt. I vurderinga av det vitskaplege arbeidet vil forsking frå dei siste fem åra bli tillagt særleg vekt.

Søkjarar må vidare ha solide kvalifikasjonar i generell lingvistikk (syntaks, morfologi, fonologi, semantikk, pragmatikk og ordtilfang). Spesialisert kunnskap, ferdigheiter og erfaring frå andre område og metodologiar, særleg innanfor dei nemnde fokusområda, er ein fordel. Ferdigheiter og erfaring frå bruk av informasjons- og kommunikasjonsteknologi i undervisnings- og forskingssamanheng i lingvistikk like eins.

Til stilling som førsteamanuensis vert det kravd grunnleggjande kompetanse i undervising og rettleiing på universitets- og høgskulenivå. Dette inneber fullført universitetspedagogisk utdanning, samt grunnleggjande ferdigheiter innan planlegging, gjennomføring, evaluering og utvikling av undervising og rettleiing. Relevante kurs i kombinasjon med eiga praktisk undervising vil kunne erstatte universitetspedagogisk program. Dersom den som blir tilsett ikkje kan dokumentere tilstrekkeleg utdanningsfagleg kompetanse ved tilsetjing, må krava vere oppfylte innan to år.

Utdanningsfagleg kompetanse skal dokumenterast gjennom ei utdanningsfagleg mappe. Denne skal innehalde oversikt over praktisk erfaring og kompetanse, dokumentasjon av dette og eit kortfatta refleksjonsnotat. Notatet skal primært vere knytt til eigen undervisingsfilosofi og vurdering av eiga undervising i høve til kunnskap om studentar si læring i høgare utdanning. Nærare informasjon om dokumentasjon av utdanningsfagleg kompetanse finn du her.

Ved Universitetet i Bergen blir det lagt reell vekt på pedagogiske kvalifikasjonar ved tilsetjing i vitskaplege mellom- og toppstillingar.

Det blir forventa at den som vert tilsett kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk på B2-nivå innan tre år etter tilsetjing. Universitetet tilbyr norskkurs for utanlandske tilsette. Kandidatar må også ha særs gode kunnskapar når det gjeld munnleg og skriftleg engelsk.

Den som blir tilsett må vere godt personleg eigna for stillinga. Samarbeidsevner, pågåande forsking og potensial til å styrke instituttet si faglege tyngde i åra framover vil også bli tillagt vekt. Røynsle i å hente inn eksternfinansiering av forsking vil og bli tillagt vekt

Vi tilbyr:

  • Løn tilsvarande lønssteg 64 i Statens regulativ ved tilsetjing (kode 1011 / lønsramme 24, alternativ 8), for tida tilsvarande kr. 572 700,- i året før skatt. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Slik søkjer du stillinga:

Søknaden skal sendast elektronisk innan søknadsfristen via lenka «SØK STILLINGEN» på denne sida. Søkjaren må nytte det elektroniske CV-skjemaet, og søknaden må innehalde:

1. CV

2. Vitnemål frå universitet/høgskule og attestar

3. Namn og kontaktinformasjon på tre referansepersonar

4. Oversikt over undervisningserfaring, administrativ erfaring og eigne forskingsplanar

5. Dokumentasjon av pedagogiske kvalifikasjonar (utdanning, undervisningspraksis eller anna relevant pedagogisk røynsle)

6. Utdanningsfagleg mappe og refleksjonsnotat (meir informasjon her).

7. Fullstendig publikasjonsliste

8. Inntil 5 vitskapelege arbeid (arbeida kan inkludere avhandlingar, monografiar eller artiklar) som vurderast spesielt i vurderinga av kandidatane sine faglege kvalifikasjonar. I tillegg kan det sendast inntil 5 populærvitskapelege og praksisretta arbeid, t.d læremiddel.

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge innan søknadsfristen. Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format.

Den sakkunnige komiteen kan i særskilde tilfelle be om ettersending av dokumentasjon.

Vitskaplege arbeid som ikkje er tilgjengelege i elektronisk form, skal sendast i tre eksemplar til Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium, Postboks 7805, 5020 Bergen.

Aktuelle kandidatar blir kalla inn til intervju og prøveforelesing.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å ta kontakt med:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Spørsmål til den elektroniske søkeprosessen kan ein rette til fakadm@hf.uib.no.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Rettleiing for utforming av søknad her.

SØK STILLINGEN

Powered by Labrador CMS