LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Førsteamanuensis i klinisk nevropsykologi

Søknadsfrist: 04.09.2022

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det psykologiske fakultet består av fem institutter og to senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førsteamanuensis

Ved Institutt for biologisk og medisinsk psykologi, Det psykologiske fakultet, er det ledig ei fast stilling som førsteamanuensis (100%) i klinisk nevropsykologi.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

Instituttet har behov for ein tilsett som kan undervise i klinisk nevropsykologi, med særleg fokus på nevropsykologisk utredning og rehabilitering av barn.

Konkrete arbeidsoppgåver vil mellom anna vere:

  • Undervise i ulike perspektiv, metodar og modellar i klinisk nevropsykologi, fortrinnsvis som del av profesjonsstudiet i psykologi.
  • Undervise spesifikt i metodar og tolking av resultat i forbindelse med nevropsykologisk utredning og rehabilitering av barn.
  • Ansvar for emne i klinisk nevropsykologi.
  • Samarbeide om studiekvalitet og evaluering av emne i klinisk nevropsykologi.
  • Det er aktuelt at den som vert tilsett har undervising, sensur- og eksamensarbeid og rettleiing i tema med nærleik til klinisk nevropsykologi, som logopedi og kognitiv nevrovitskap.
  • Det vert forventa at den som vert tilsett bidreg til forskingsfronten i klinisk nevropsykologi og tilhøyrande tema knytt til kognitiv nevrovitskap gjennom aktiv deltaking i minst ei av instituttet sine forskingsgrupper.
  • Initiere og ta del i samarbeid om forskingsprosjekt, søknadsskriving og publisering.
  • Ha rettleiing og opplæring av bachelorstudentar, masterstudentar, profesjonsstudentar og doktorgradsstudentar i psykologi.
  • Ta del i administrative oppgåver, møter og komitéarbeid på linje med andre tilsette ved instituttet, til dømes koordinering og leiing av arbeidskomitear.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må på søknadstidspunktet ha doktorgrad innan fagområdet nevropsykologi.
  • Søkjarar må være cand.psychol. og autorisert som helsepersonell og psykolog i Noreg.
  • Søkjarar må kunne dokumentere spesialistkompetanse i klinisk psykologi eller oppnå dette innan rimeleg tid.
  • Erfaring frå arbeid med klinisk nevropsykologiske utgreiingar i ulike institusjonar og med pasientar i ulike aldersgrupper, som barn, vil bli tillagt vekt.
  • Det vil telle positivt om søkjaren har tatt del i internasjonale nettverk og publisert på eit høgt internasjonalt nivå.
  • Vi ser etter ein entusiastisk forskar som ynsker å bygge opp ein karriere innan nevropsykologi med interesse for framtidsretta metodar for kartlegging og behandling.
  • Eventuelle gjennomslag på søknader om forskingsmidlar vil òg vere ein føremon
  • Søkjaren må vise god evne til fagleg formidling og vere innstilt på å legge opp til studentaktive læringsformer i klinikken og dei tilhøyrande laboratoria.
  • Erfaring med digital undervisning vil vere ein føremon.
  • Søkjaren sitt potensiale for forsking, motivasjon og personlege eigenskapar vil verte vektlagd.
  • Det er ein føremon med særskild erfaring med undervising og emneansvar frå universitetssektoren.
  • Søkjaren må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner
  • Utdanningsfagleg kompetanse er eit krav for stillinga, sjå «Regler for vurdering av utdanningsfagleg kompetanse ved UiB». Dersom den som blir tilsett ikkje kan dokumentere tilstrekkeleg utdanningsfagleg kompetanse ved tilsetting, må krava vere oppfylte innan to år.
  • Undervisningsspråket er i hovudsak norsk. Det blir kravd at den som blir tilsett, kan undervise på norsk.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Løn etter lønssteg 68 - 74 (kode 1011/lønsramme 24, minimum alternativ 8) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 618 600 – 694 400 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • CV
  • Vitnemål og attestar
  • Namn på to referansar med kontaktinformasjon
  • Fullstendig publikasjonsliste
  • Liste med vedlegg som dokumenterer dine pedagogiske kvalifikasjonar. Nærare informasjon om dokumentasjon av utdanningsfagleg kompetanse finn du her
  • Liste over vitskapelege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysningar om kvar dei er offentleggjorde
  • Vitskaplege arbeid søkjaren vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (maksimalt 10)

Vi gjer merksam på at søknader vert vurderte med den informasjonen og dei vedlegg som er knytt til søknaden i JobbNorge når søknadsfristen går ut. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at all informasjon er lagt inn innan fristen.

Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden, jamfør siste kulepunkt.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Instituttleiar Lin Sørensen, professor, lin.sorensen@uib.no, tlf.nr.: 55 58 62 07

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS