LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Førsteamanuensis i filosofi (praktisk filosofi)

Søknadsfrist: 29.08.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førsteamanuensis

Ved Institutt for filosofi og førstesemesterstudium er det ledig ei fast stilling som førsteamanuensis i filosofi, med oppstart 1. august 2022, eller så snart som råd deretter.

Institutt for filosofi og førstesemesterstudium har omlag 70 tilsette på heil- og deltid, inkludert om lag 10 stipendiat- og postdoktorstillingar. Instituttet tilbyr undervisning på bachelornivå i filosofi og retorikk, og på master- og ph.d.-nivå i filosofi. I tillegg har det ansvar for å drive Universitetet i Bergen sitt Examen philosophicum-tilbod, samt Examen facultatum-emne ved Det humanistiske fakultet. Forskinga ved instituttet spenner over eit vidt område. Ei oversikt over forskingsgruppene på instituttet kan ein finne her: Forskingsgrupper

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

Stillinga omfattar undervisning, forsking, formidling og administrasjon. Det blir kravd at den som får stillinga kan undervise, rettleie og vurdere studentar i filosofi, inkludert examen philosophicum. Den som blir tilsett må kunne medverke i undervisning både på høgare og lågare grads nivå, og rettleie bachelor-, master- og doktorgradsstudentar. Den som blir tilsett vil også ta del i å utvikle undervisningsopplegg i filosofi.

Den som tek til i stillinga, har rett og plikt til å drive forsking innanfor sitt fagområde, og til å ta aktiv del i forskingsmiljøet til instituttet. Tilsetjing i stillinga krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen og deltek i instituttet sin drift.

Det blir kravd at ein rettar seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Søkjarar må ha forskingskompetanse i filosofi tilsvarande norsk doktorgrad. Stillinga skal fyllast av ein person som har kompetanse innan praktisk filosofi (til dømes etikk, estetikk, rettsfilosofi eller politisk filosofi). Dette kan også inkludere filosofihistoriske tilnærmingar. Den faglege profilen til søkjarane bør passe inn med instituttets forskingsgrupper og undervisningstilbod.

Søkjarane må ha publisert forskingsresultat utover doktorgrad på eit høgt internasjonalt nivå innan faget. I vurderinga av det vitskaplege arbeidet vil forsking frå dei siste fem åra bli tillagt særleg vekt. Det er ein fordel å ha teke del i forskingssamarbeid og internasjonalt samarbeid. Erfaring frå forskingsleiing og -formidling vert òg positivt vektlagt, og erfaring med å hente inn eksternfinansiering av forsking vil òg bli tillagt vekt.

Til stilling som førsteamanuensis vert det kravd grunnleggjande kompetanse i undervising og rettleiing på universitets- og høgskulenivå. Dette inneber fullført universitetspedagogisk utdanning, samt grunnleggjande ferdigheiter innan planlegging, gjennomføring, evaluering og utvikling av undervising og rettleiing. Relevante kurs i kombinasjon med eiga praktisk undervising vil kunne erstatte universitetspedagogisk program. Dersom den som blir tilsett ikkje kan dokumentere tilstrekkeleg utdanningsfagleg kompetanse ved tilsetjing, må krava vere oppfylte innan to år.

Utdanningsfagleg kompetanse skal dokumenterast gjennom ei utdanningsfagleg mappe. Denne skal innehalde oversikt over praktisk erfaring og kompetanse, dokumentasjon av dette og eit kortfatta refleksjonsnotat. Notatet skal primært vere knytt til eigen undervisingsfilosofi og vurdering av eiga undervising i høve til kunnskap om studentar si læring i høgare utdanning. Nærare informasjon om dokumentasjon av utdanningsfagleg kompetanse finn du her.

Det blir kravd at den som blir tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjing. Universitetet tilbyr norskkurs for utanlandske tilsette.

Den som blir tilsett må vere godt personleg eigna for stillinga. Samarbeidsevner, pågåande forsking og potensial til å styrke instituttet si faglege tyngde i åra framover blir difor tillagt vekt.

Vi tilbyr:

  • Løn tilsvarande lønssteg 68 i Statens regulativ ved tilsetjing (kode 1011 / lønsramme 24, alternativ 8), for tida kr. 625 700 før skatt. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Slik søkjer du stillinga:

Søknaden skal sendast elektronisk via lenka «SØK STILLINGEN» på denne sida. Søkjaren må nytte det elektroniske CV-skjemaet, og søknaden skal innehalde:

1. Søknadsbrev

2. CV

3. Vitnemål frå universitet/høgskule og attestar (skanna versjon av originale eller attesterte kopiar)

4. Utdanningsfagleg mappe og refleksjonsnotat (meir informasjon her).

5. Informasjon om og dokumentasjon av administrativ erfaring og eigne forskingsplanar

6. Fullstendig publikasjonsliste

7. Inntil 5 vitskapelege arbeid (arbeida kan inkludere avhandlingar, monografiar eller artiklar).

8. Namn og kontaktinformasjon på tre referansepersonar

Søknad og vedlegg må vere på norsk, eit anna skandinavisk språk eller engelsk. Dokumentasjon på andre språk må følgjast av attestert omsetjing. Vedlegga kan vere i Word- eller pdf-format, og må lastast opp i Jobbnorge innan søknadsfristen.

Den sakkunnige komiteen kan i særskilde tilfelle be om ettersending av dokumentasjon.

Aktuelle kandidatar blir kalla inn til intervju og prøveforelesing.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å ta kontakt med:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Spørsmål til den elektroniske søkeprosessen kan ein rette til fakadm@hf.uib.no.

Nærare om tilsettingsprosessen her

Rettleiing for utforming av søknad her.

Søknadsfrist: 29.08.2021

UiB-ID:21/8146

SØK STILLINGEN

Powered by Labrador CMS