Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Førsteamanuensis i farmasi (klinisk / galenisk farmasi)

Søknadsfrist: 19.04.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førsteamanuensis i farmasi (klinisk/galenisk farmasi)

Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 2, Senter for farmasi, er det ledig ei fast stilling som førsteamanuensis (50 %) i farmasi (klinisk/galenisk farmasi).

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

  • Vere undervisningsgruppeleiar (UGLE) for fagområdet farmasøytiske ferdigheitsfag, ein ny konstellasjon som omfattar klinisk og galenisk farmasi ved K2
  • Bygge opp fagområdet klinisk farmasi ved Universitetet i Bergen
  • Ha emneansvar for og undervise farmasistudentar i klinisk farmasi
  • Delta i undervisninga, og i samråd med administrasjonen vera ansvarleg for timeplanlegging i galenisk farmasi
  • Arbeide med klinisk farmasi/galenisk farmasi i ei av dei etablerte forskingsgruppene ved K2

Undervisingsspråket er til vanleg norsk. Det vert kravd at den som vert tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga. Kurs vert tilbode.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjar må ha norsk doktorgrad i farmasi eller medisin, eller tilsvarande kompetanse. I tillegg må søkjar ha mastergrad i farmasi
  • Arbeidserfaring innan klinisk farmasi er naudsynt. Erfaring med klinisk farmasi frå primærhelsetenesta er ei føremon
  • Søkjar må ha erfaring i praktisk undervisning i legemiddelformulering/legemiddelteknologi, og god kjennskap til Good Manufacturing Practice (GMP). Erfaring med framstilling av sterile legemidlar er ei føremon
  • Det vert lagt vekt på tidlegare relevant erfaring innan undervisning i farmasi og ønskje om å bidra til å utvikle farmasiutdanninga ved Universitetet i Bergen
  • Det vil bli lagt vekt på evne til å skape forskingsmiljø gjennom eigen nettverksbygging nasjonalt og internasjonalt, og evne til å byggje opp klinisk farmasi som undervisnings- og forskingsfelt ved UiB
  • Det vil bli lagt vekt på at søkjar har ein plan for å søkje eigne forskingsmidlar
  • Dokumentert vilje og evne til samarbeid vil vektleggjast tungt
  • Interesse for forsking på læring innan farmasøytiske ferdigheitsfag er ei føremon
  • utdanningsfagleg kompetanse er eit krav for stillinga, sjå Regler for vurdering av utdanningsfaglig kompetanse ved UiB og Eining for læring. Den som vert tilsett vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing

Vi tilbyr:

  • eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver i eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt
  • faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
  • løn etter lønssteg 66-74 (kode 1011/lønsramme 24.10), for tida kr 594 400-691 400, eller lønssteg 68-74 (spesialist) for tida kr 615 900 - 691 400. Løn er brutto pr. år for ei fulltidsstilling i lønsregulativet til staten ved tilsetjing, og vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn
  • god pensjonsordning i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • CV
  • vitnemål og attestar
  • fullstendig publikasjonsliste
  • dokumentasjon på utdanningsfagleg kompetanse, sjå Eining for læring
  • ei liste over vitskapelege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysning om kvar dei er offentleggjorde
  • vitskapelege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 10) i passande format (pdf) skal følgje med søknaden som vedlegg

Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden (pdf).

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga får ein ved å kontakte:

  • Senterleder Reidun Lisbet Skeide Kjome, tlf.: 48 18 38 83, e-post: reidun.kjome@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS