Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Førsteamanuensis i biosystematikk
Ved Universitetsmuseet i Bergen, Avdeling for naturhistorie, er det ledig ei fast stilling som førsteamanuensis i systematikk innan eit av felta fykologi, lichenologi, bryologi eller mykologi. Avdeling for naturhistorie har det vitskaplige og kuratoriske ansvaret for botanikk, geologi og zoologi på museet. Det er for tida 15 vitskaplege og 38 teknisk og administrative tilsette på eininga, inkludert dei botaniske hagane. Stillinga er knytt til Herbarium BG, som rommar samlingar av lav, algar, mosar, sopp og karplantar og omfattar over 700 000 belegg. For tida er det eit fokus på mindre kjende organismegrupper i Noreg og Arktis, og avdelinga bidrar med data til Artsdatabanken, BoLD og GBiF.
Arbeidsoppgåver/forskingsområde:
Vi søkjer ein produktiv og innovativ akademikar som vil verte ein dedikert forskar i systematikk innan ei av gruppene algar, lav, mosar eller sopp. Den som vert tilsett har ein framifrå bakgrunn innan systematikk og taksonomi innan ei av gruppene og driv forsking på fylogenetiske samanhengar, taksonomi, artsdiversitet, biogeografi og/eller evolusjonære prosessar som ligg til grunn for fortidas og notidas diversitetsmønster.
Vi forventar at søkjar har kompetanse i både molekylære og morfologiske metodar innan fylogeni og taksonomi. Forskinga skal passe innanfor Avdeling for naturhistorie sin forskingsprofil, og det vert forventa at den har eit globalt perspektiv, men at den fortrinnsvis er fokusert på ei gruppe som finst i dei nordiske landa.
Universitetet i Bergen har ein sterk marin profil, og derfor er eit fokus på marine makroalgar av strategisk interesse for museet og vil verte sett på som særleg interessant. Fokus på ei organismegruppe der det manglar kompetanse innan systematikk ved universitetsmusea på eit nasjonalt plan, vil også verte høgare prioritert enn fokus på grupper der det allereie er taksonomisk kompetanse i Norge.
Stillinga omfattar kuratoransvaret for våre vitskaplege samlingar av lav, algar, mosar og sopp, totalt over 200 000 belegg. Vi håpar å rekruttere ein systematikar med kurateringserfaring frå samlingar og anna museumsarbeid, og med eit oppriktig engasjement for å utvikle samlinga. Den føretrekte kandidaten vil ta del i produksjon av utstillingar og andre utadretta aktivitetar ved museet. Den tilsette vil bli oppfordra til å gi undervisning i hans eller hennar ekspertområde og bidra til ei suksessfylt utvikling av forskarskulen i biosystematikk, ForBio.
Den som vert tilsett vil være ein aktiv partnar i forskarmiljøet i systematikk ved avdelinga og det vert venta at vedkommande søkjer om eksterne forskingsmidlar.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:
Søkjaren må har doktorgrad i systematikk på algar, lav, mosar eller sopp, eller tilsvarande kvalifikasjonar.
Erfaring frå forsking i systematikk utover doktorgradsnivå er nødvendig: prosjekt og publikasjonar frå dei siste fem åra vert særleg vektlagt.
Erfaring frå kuratering av samlingar og anna museumsarbeid er ein fordel.
Omfattande forskings- og samlingsnettverk vil telja positivt.
Dokumentert evne til å skaffe eksterne midlar vert sett på som positivt.
Må kunne arbeide sjølvstendig og på ein strukturert måte, og ha evne til å samarbeide med andre.
Pedagogisk basisutdanning er eit krav for stillinga. Den som blir tilsett vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing.
Undervisningsspråket er i hovudsak norsk. Det blir kravd at den som blir tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan tre år etter tilsetjinga.
Vi tilbyr:
Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
Brutto årsløn som førsteamanuensis (kode 1011) kr. 708 000 – 759 100 . Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det vere aktuelt å vurdere høgare løn.
Gode karrieremoglegheiter, inkludert moglegheita til å søkje om opprykk til professor.
Liste med vedlegg som dokumenterer dine pedagogiske kvalifikasjonar
Liste over vitskapelege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, maksimalt 10, med opplysningar om kvar dei er offentleggjorde
Søknaden skal innehalde ei kort beskriving av forskingsinteresse og framtidige planar for forskingsprosjekt.
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk må lastast opp i JobbNorge.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Jenny Smedmark, Instituttleder og ansvarleg for herbariet, Avdeling for naturhistorie, Universitetsmuseet i Bergen, e-post: jenny.smedmark@uib.no, tel.: +47 407 26 194
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
UiB er underlagt regelverket for eksportkontroll og regelverket kan komme til anvending ved behandling av søknader til stillinga