Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Professor / førsteamanuensis i medisin (epidemiologi)

Søknadsfrist: 05.07.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Professor/førsteamanuensis i medisin (epidemiologi)

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for global helse og samfunnsmedisin, er det ledig ei fast 100 % stilling som professor i medisin (epidemiologi). Dersom det ikkje meldar seg søkjarar med professorkompetanse, kan ein tilsetje førsteamanuensis.

Stillinga skal vere knytt til Fagområde for epidemiologi og medisinsk statistikk (EPISTAT) ved instituttet. Forskarane i fagområdet er i hovudsak knytt til forskingsgruppene Genetisk epidemiologi, Livsstilsepidemiologi og Registerbaserte studier av familiær risiko. Gruppene arbeider med data frå helseregister, helseundersøkingar og biobankar. Miljøet er sentralt i drift og forsking basert på store og langvarige forskingsprosjekt, til dømes Hordalandsundersøkelsen (HUSK).

To undervisningsgrupper i epidemiologi og medisinsk statistikk er knytt til fagområdet.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

  • Initiere og leia forsking, drive forskingsrettleiing, delta i undervisning av studentar og eksamensarbeid.
  • Ta på seg administrative oppgåver etter behov og dei til ein kvar tid gjeldande reglar.
  • Nytte moderne epidemiologiske og statistiske analyseverktøy innan medisinsk og helsefagleg forsking.
  • Undervise studentar på profesjonsstudia i medisin og odontologi, dei andre studieprogramma ved fakultetet, og i forskaropplæringa.

Undervisingsspråket er norsk. Det vert kravd at den som vert tilsett, kan undervise på norsk eller flytande dansk/svensk (ev. innan to år etter tilsetjing).

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjar må ha norsk doktorgrad i epidemiologi eller tilsvarande kompetanse og erfaring.
  • Evne til å skape forskingsmiljø og til å skaffe eigne forskingsmidlar er naudsynt og må dokumenterast. Tidsspennet resultata er oppnådd innanfor vil bli vektlagd, og det vil bli lagt mest vekt på nyleg oppnådde resultat.
  • Søkjar må dokumentere eiga forsking innan epidemiologi. Erfaring med registerstudier eller andre befolkningsbaserte studier vil bli vektlagt.
  • Det vert lagt vekt på erfaring med leiing av forskingsprosjekt, koordinering av forskingsaktivitet, samt forskingsstrategisk arbeid.
  • Internasjonalt samarbeid vil bli vektlagt og må dokumenterast.
  • Dokumentert vilje og evne til samarbeid er naudsynt, samt evne til å skape eit godt og kreativt forskingsmiljø.
  • Søkjar må ha gode kunnskapar om moderne epidemiologiske metodar og erfaring med bruk av relevante analyseverktøy i medisinsk og helsefagleg forsking.
  • Søkjar må ha evne og vilje til å nytte studentaktiviserande læringsformer.

Utdanningsfagleg kompetanse er eit krav for stillinga, sjå Regler for vurdering av utdanningsfaglig kompetanse ved UiB. For førsteamanuensis gjeld at den som blir tilsett vil få tilbod om opplæring dersom krav ikkje er oppfylt før tilsetjing. Utfyllande informasjon finn ein på Eining for læring, Det medisinske fakultet.

Vi tilbyr:

  • eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver i eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt
  • faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
  • professor er lønt etter lønstrinn 77-79 (kode 1013) for tida kr 741 300 – 789 200. Førsteamanuensis er lønt etter lønssteg 66-74 (kode 1011/lønsramme 24.10), for tida kr 594 400-691 400, eller lønssteg 68-74 (spesialist) for tida kr 615 900 - 691 400. Løn er brutto pr. år for ei fulltidsstilling i lønsregulativet til staten ved tilsetjing, og vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • CV, vitnemål og attestar
  • fullstendig publikasjonsliste
  • pedagogisk mappe, sjå Eining for læring
  • ei liste over vitskapelege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysning om kvar dei er offentleggjorde
  • vitskapelege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 15 for professor og maks 10 for førsteamanuensis) i passande format (pdf) skal følgje med søknaden som vedlegg
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden (pdf).

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS