LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

1-2 professor eller førsteamanuensis i biomedisin

Søknadsfrist: 05.08.2024

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Professor/førsteamanuensis

Ved Det medisinske fakultetet, Institutt for biomedisin, er det ledig 1, potensielt 2, faste stillingar (100 %) som professor eller førsteamanuensis i biomedisin. 

Vi søkjer ein medarbeidar som saman med tilsette ved instituttet vil bidra til framifrå forsking og undervisning. Instituttet har fem forskingseiningar som er delt inn i 22 forskingsgrupper. Forskinga ved instituttet vårt er sentrert rundt grunnleggjande spørsmål innan humanmedisin og biomedisin. Innafor desse er hovudfokus på forsking på kreft, fysiologi, nevrovitskap, legemiddeloppdaging, metabolisme, sjukdomsmekanismar, proteomikk, biomarkørar, kardiovaskulær forsking, forholdet mellom struktur og funksjon av makromolekylar, samt biologi av ekstracellulær matriks. Undervisninga vår dekkjer 1. og 2. året for medisin- og odontologistudiet, master i biomedisin, ph.d.-kurs, i tillegg til undervisning for tannpleie, farmasi og ernæring. Meir informasjon om dei ulike undervisningsemna finn du her: (Emner | Institutt for biomedisin | UiB). Den som blir tilsett vil bli del av ein av dei fem eksisterande forskingseiningane, og vil dele ingeniørstøtta som eksisterer i denne eininga. Typisk er det 2-3 tekniske stillingar som inngår per forskingseining. I tillegg har instituttet stort laboratorieareal tilgjengeleg for våtlabsforsking. I stillinga er tida til forsking og undervisningsrelaterte oppgåver likt fordelt, med ein mindre andel sett av til administrative oppgåver. 

Personen vi søkjer, er i ein aktiv fase av karrieren, og har fagleg tyngde innafor eit forskingsfelt som er relevant for instituttet. For ei av stillingane vil det telje positivt med framifrå forsking innan kreftfeltet. Likeins vil undervisningskompetanse innan fysiologi kunne telje positivt.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

Den som blir tilsett skal leie og initiere forskingsprosjekt, undervise og rettleie studentar og stipendiatar, samt ta på seg administrative oppgåver etter rettleiande tidsmessige rammer. 

Det blir forventa at den tilsette regelmessig sender søknader til relevante nasjonale og internasjonale kjelder for forskingsfinansiering. Personen som blir tilsett pliktar å undervise i høve til dei studieprogramma fakultetet/instituttet til ei kvar tid har. 

Det blir forventa høge ambisjonar og god kvalitet med omsyn til forsking og undervisning, samt aktiv deltaking i instituttet og fakultetet sitt strategiarbeid og faglege aktivitetar.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Kvalifiserte søkjarar har norsk doktorgrad i eit relevant fagfelt, eller tilsvarande kompetanse, og fyller krav til utdanningsfagleg kompetanse (sjå under). 
  • Den ideelle kandidaten publiserer på høgt internasjonalt nivå, kan vise til søknader og tilslag frå nasjonale og internasjonale finansieringskjelder for forsking og utdanningsarbeid, og har etablert, eller er i ferd med å etablere, eiga forskingsgruppe. Resultat oppnådd dei siste 5-7 år vil bli særleg vektlagt ved bedømminga. 
  • Den ideelle kandidaten har òg erfaring med undervisning på bachelor- og masternivå eller i profesjonsutdanningar, og frå rettleiing av ph.d.-kandidatar. 
  • Erfaring frå ulike nasjonale og internasjonale forskingsinstitusjonar, og evne til å etablere internasjonale nettverk vil telje positivt ved bedømminga, og det same gjer òg erfaring frå og interesse for innovasjon. 
  • Personlege eigenskapar blir vektlagd ved vurderinga.
  • Utdanningsfagleg kompetanse er eit krav for stillinga, sjå retningsliner for oppretting av ei pedagogisk mappe på Eining for læring. Kravet er absolutt for professor, medan førsteamanuensis vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing.
  • Undervisningsspråket er til vanleg norsk. Det blir kravd at den som blir tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan tre år etter tilsetjinga. Kurs blir tilbode.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver på eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt 
  • Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
  • Professor:Løn er for tida kr 919 200 (kode 1013, lønssteg 82). Løn er brutto pr. år for ei fulltidsstilling i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. For særleg kvalifisert søkjar kan det vere aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Førsteamanuensis:Løn er for tida kr 720 100 – 732 300 (kode 1011, lønssteg 72-73), eller løn for spesialist kr 732 300 - 759 100 (kode 1011, lønssteg 73-75). Løn er brutto pr. år for ei fulltidsstilling i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. For særleg kvalifisert søkjar kan det vere aktuelt å vurdere høgare løn.
  • God pensjonsordning i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Søknadsbrev som fortel kvifor du søkjer stillinga
  • Utfyllande CV samt relevante vitnemål og attestar
  • Plan for eiga forsking dei neste fem åra (maks 5 A4-sider)
  • Fullstendig publikasjonsliste
  • Pedagogisk mappe
  • Ei liste over vitskaplege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (høgst 10 for førsteamanuensis, høgst 15 for professor). For kvart arbeid skal det følgje med eit kort samandrag som omtalar dei viktigaste funna i arbeidet
  • Dei vitskaplege arbeida frå punktet over i pdf-format
  • Namn og kontaktinformasjon til minst to referansar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap blir lasta opp som vedlegg til søknaden. 

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  •  Instituttleiar Frode Berven, e-post: Frode.Berven@uib.no, telefon: 991 63 866

Universitetet i Bergen er underlagt regelverket for eksportkontroll, og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS