Ledig stilling på Universitetet i Oslo

Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)

Førsteamanuensis i fleirspråklegheit med vekt på psykolingvistikk

Søknadsfrist: 15.04.2021

Universitetet i Oslo

Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.


Institutt for lingvistiske og nordiske studium (ILN) er eitt av sju institutt ved Det humanistiske fakultetet. Dei vitskapleg tilsette ved instituttet arbeider med forsking, undervisning og formidling innan fagområde som omfattar allmenn lingvistikk, fleirspråklegheit, mellomalderstudium (norrøn filologi og keltisk), nordisk litteratur (inkludert litteraturformidling og Ibsen-studium), nordisk språk (inkludert norsk som andrespråk) og retorikk og språkleg kommunikasjon.


Senter for fleirspråklegheit (MultiLing) er eit senter for framifrå forsking (SFF) under Institutt for lingvistiske og nordiske studium (ILN) ved Det humanistiske fakultet. Senteret har også status som eitt av fem verdsleiande miljø ved Universitetet i Oslo, og har bygd opp eit sosiokognitivt språklaboratorium. MultiLing sitt mål er å bidra med kunnskap om fleirspråklegheit hjå individet og i samfunnet i eit livsløpsperspektiv, og gjennom det belyse dei moglegheitene og utfordringane fleirspråklegheit representerer for individet i familien, skulen, andre institusjonar, og i samfunnet som heilskap. Staben består av 40 tilsette frå 15 forskjellige land. MultiLing har i tillegg eit stort nettverk av nasjonale og internasjonale samarbeidspartnarar som arbeider med fleirspråklegheit ved ei rekke forskingsinstitusjonar.

Institutt for lingvistiske og nordiske studium

Om stillinga

Ei fast stilling som førsteamanuensis (SKO1011) i fleirspråklegheit med vekt på psykolingvistikk er tilgjengeleg ved Institutt for lingvistiske og nordiske studium (ILN), Universitetet i Oslo. Meir informasjon om instituttet finn de på nettsida.

Instituttet ynskjer å rekruttere ein førsteamanuensis med framifrå kvalifikasjonar innan forsking, læring og rettleiing som vil bidra til tverrfagleg forsking og undervisning innan fleirspråklegheit ved instituttet. Det vil leggjast vekt på dokumentert forskarerfaring i fleirspråklegheit med ei spesialisering i psykolingvistikk (sjå kvalifikasjonskrav for fleire detaljar).

Den som blir tilsett, vil også bli medlem av og få støtte frå instituttet sitt Senter for framifrå forsking, MultiLing, fram til avslutninga til senteret i 2023. Meir informasjon om MultiLing er tilgjengeleg på nettsida til senteret. Den som blir tilsett, er venta å spele ei aktiv rolle i å styrke forskinga og undervisninga i fleirspråklegheit og psykolingvistikk ved instituttet, både før og etter den formelle avslutninga til MultiLing som Senter for framifrå forsking, finansiert av Noregs forskingsråd.

MultiLing har etablert eit sosio-kognitivt forskingslaboratorium med utstyr for lingvistiske og (sosio)fonetiske eksperiment. Saman med lableiaren og andre tilsette på instituttet, er den som blir tilsett venta å spele ei aktiv rolle i å utforme og styrke forskinga og undervisninga knytt til laben.

Den som blir tilsett skal kunne initiere og leie forsking, rettleie MA og PhD-kandidatar, delta i undervisninga og eksamensarbeidet, og ta på seg administrative oppgåver på instituttet etter gjeldande retningslinjer. Den som blir tilsett, er også venta å styrkje forskingsområda ved instituttet sitt Senter for framifrå forsking, MultiLing, bidra med og delta i ulike aktivitetar ved senteret og instituttet, til dømes workshops, seminar, og konferansar, og vere eit aktivt medlem av MultiLing-teamet og instituttet.

Kvalifikasjonskrav

  • Doktorgrad eller tilsvarande innan lingvistikk eller i ein disiplin som er relevant for MultiLing sitt arbeid (doktoravhandlinga må ha vore levert inn til vurdering før søknadsfristen).
  • Forskingserfaring i fleirspråklegheit med ei spesialisering i psykolingvistikk, inkludert nevrolingvistikk, klinisk lingvistikk, to-/fleirspråkleg førstespråkstileigning, andrespråkstileigning, språkprosessering, tale- og språkvanskar, og/eller språkforvitring
  • Dokumentert og relevant praktisk-pedagogisk kompetanse og rettleiing. Sjå korleis du dokumenterer undervisningskompetansen din.
  • Erfaring og ynskje om å delta i akademisk leiarskap og administrasjon
  • dokumentert potensial for prosjektakkvisisjon
  • Framifrå skriftleg og munnleg kompetanse i engelsk
  • Personlege føresetnader og motivasjon for stillinga

I vurderinga av kvalifiserte søkjarar vil det bli lagt vekt på:

  • Akademiske kvalifikasjonar og akademisk produksjon innan fleirspråklegheit med vekt på psykolingvistikk, og eit fokus på arbeid publisert dei fem siste åra. Originalitet og nyskaping vil bli vektlagt meir enn kvantitet.
  • Dokumentert erfaring med klinisk lingvistikk, språktileigning eller språkvanskar
  • Laboratorieerfaring, særleg EEG og blikksporar (eye-tracking)
  • Internasjonale fagfellevurderte publikasjonar
  • Erfaring med tverrfaglege forskarprosjekt
  • Potensial for å bidra med den langsiktige utviklinga av fagmiljøet ved instituttet, inkludert å bidra til utvikling og drift av instituttet sitt internasjonale masterprogram i fleirspråklegheit
  • Pedagogiske kvalifikasjonar, dokumenterte resultat frå undervisning og rettleiing, og evne til å inspirere studentar
  • Interesse for og evner til leiarskap og administrasjon
  • Evne til å skape eit godt samarbeidsklima
  • Evne til og erfaring frå å byggje internasjonale nettverk
  • Ferdigheiter innan formidling, samfunnskontakt og innovasjon
  • Kjennskap til eit skandinavisk språk er ein fordel men ikkje eit krav for å få stillinga. Merk at den som blir tilsett, er venta å lære seg norsk innan to år (Sjå andre opplysningar under).

I rangeringa av kvalifiserte søkjarar blir heile breidda av kriterium trekt inn og vurdert eksplisitt.

Kvalitet, utvikling og breidde vil bli vurdert og prioritert i denne rekkjefølgja. Den som blir tilsett, er venta å bidra til målet i Universitetet i Oslo sin strategiske plan om «å utvikle UiO til eit internasjonalt toppuniversitet – der forsking, utdanning, formidling og innovasjon skal virke saman på sitt beste».

Vi tilbyr

  • Løn mellom kr NOK 555 800 – 670 100 (per år avhengig av kompetanse)
  • Eit hyggeleg og stimulerande arbeidsmiljø
  • Gode velferdsordningar og pensjonsordningar
  • Moglegheit til å søkje om opprykk til full professorstilling på eit seinare tidspunkt

Søknaden skal innehalde

Søkjarar må levere følgjande vedlegg saman med den elektroniske søknaden:

  • Søknadsbrev (motivasjon for stillinga og utgreiing om eiga forsking og forskingsinteresse)
  • Curriculum Vitae (med oversikt over utdanning, arbeidserfaring, undervisningserfaring, leiarerfaring, erfaring med å skaffe og koordinere prosjekt, og andre relevante kvalifikasjonar)
  • Fullstendig publikasjonsliste

Ver venleg å merke at alle dokument må vere på engelsk (eller eit skandinavisk språk), enten i originalform eller omsetjing.

Søkjarar er pålagde å skildre og dokumentere heile spekteret av kvalifikasjonar og kriterium som vert skildra i utlysninga for stillinga.

Søknaden med vedlegg må sendast i vårt elektroniske rekrutteringssystem, ver venleg å følgje lenka «søk på denne stillinga».

Søknadsprosess

Ein sorteringskomité vil invitere dei mest aktuelle kandidatane til å sende inn attestar, vitnemål og vitskapelege arbeid (inntil 10 publikasjonar, som samla ikkje må overstige 500 sider) for ei sakkyndig vurdering. Vitskapelege tekstar skal difor ikkje leggjast ved søknaden. Søkjarar som blir plukka ut til å sende inn tekstar blir bedne om å velje ut dei tre verka som er mest relevante for stillinga, og publiserte i løpet av dei fem siste åra. Ved større monografiar bør søkjaren peike på kva for sider som er relevante. Søkjarane blir også bedne om å levere ei skildring av eitt eller fleire forskarprosjekt som er vurdert relevante for instituttet. Søkjarane skal også sende inn ei mappe/portfolio som dokumenterer andre kvalifikasjonar (formidling, undervisning og rettleiing, og ev. erfaring med leiing og administrasjon).

Til slutt blir dei best kvalifiserte kandidatane inviterte til intervju og prøveforelesing.

Andre opplysningar

Vi viser til reglar for tilsetting i professorat og førsteamanuensisstillingar ved UiO som inkluderer ei rettleiing for søkjarar og sakkyndigkomitear.

Søkjarar som på tilsettingstidspunktet ikkje kan dokumentere formell pedagogisk basiskompetanse, må skaffe seg denne kompetansen i løpet av ein toårsperiode. Vi viser også til reglar for praktiseringa av kravet om pedagogisk basiskompetanse ved UiO.

Stillingsinnehavar må beherske engelsk og eit skandinavisk språk som arbeidsspråk. Om den som blir tilsett ikkje beherskar eit skandinavisk språk, er det venta at vedkomande innan to år har språkferdigheiter tilsvarande B2 i Det felleseuropeiske rammeverket for språk (CEFR). Etter tre år blir det venta at den som blir tilsett aktivt kan delta i alle funksjonar stillinga krev, inkludert undervisning, på norsk. Det humanistiske fakultet vil hjelpe med opplæring.

Den som blir tilsett, kan også, innanfor den normale arbeidsplikta og i samsvar med sin eigen faglege kompetanse, bli pålagt arbeid utanfor eige institutt.

Tilsettinga skjer med atterhald om dei endringar i fagområde og arbeidsoppgåver som arbeidsgivar måtte bestemme.

Etter offentleglova § 25 andre ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkjarlista.

UiO har ein overtakingsavtale for alle tilsette med formål å sikre rettane til forskingsresultat m.m.

UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn.

I tillegg ynskjer UiO at medarbeidarane våre i største mogleg grad speglar mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar derfor kvalifiserte søkjarar med redusert funksjonsevne eller hol i CV-en om å søkje stillinga. UiO vil leggje forholda til rette for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne. Vi ber søkjarar som gir tilkjenne at dei har nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en om å vere merksame på at denne opplysninga kan bli nytta til statistikkformål.

Kontaktinformasjon

For spørsmål om stillinga:

For spørsmål om rekrutteringsprosessen: Personalrådgjevar Advisor Tonje Olsen.

Søk på stilingen

Powered by Labrador CMS