LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Førsteamanuensis / universitetslektor (20% bistilling) i medisin

Søknadsfrist: 01.07.2024

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førsteamanuensis/universitetslektor (20 % bistilling)

Ved Det medisinske fakultet er det ledig ei åremålsstilling som førsteamanuensis eller universitetslektor (20 % bistilling) i medisin (thoraxkirurgi) ved Klinisk institutt 2. Stillinga er ledig for ein periode på tre (3) år frå tilsetjing. Stillinga er knytt til fast hovudstilling (minimum 50 %) som lege ved Kirurgisk serviceklinikk, Thorax-seksjon, Haukeland universitetssjukehus. Arbeidsplass er ved Haukeland universitetssjukehus. Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar til stilling som førsteamanuensis, er det aktuelt å tilsetje universitetslektor. 

Vi søkjer ein medarbeidar som saman med tilsette ved instituttet vil bidra til framifrå forsking og undervisning. Klinisk institutt 2 har om lag 20 forskingsgrupper som forskar på ulike emne innan klinisk, paraklinisk og translasjonell medisin, og tilsette ved instituttet underviser på fleire profesjonsstudium. Som ein del av Sirkulasjonsgruppa er det moglegheit til å være med på fleire spanande prosjekt; hjarteklaffesjukdom, mekanisk sirkulasjonsstøtte og aortaanurysme-utvikling er prosjekt som pågår no. Universitetet har fasilitetar for både stordyrsforsking, og mindre dyr i Vivariet. Det er også gode moglegheiter til å bidra til kliniske studiar på inneliggande hjartepasientar. Personen vi søkjer er i ein aktiv fase av karrieren, og har fagleg tyngde innafor eit forskingsfelt som er relevant for instituttet.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

Arbeidsoppgåver/forskingsområde for førsteamanuensis: 

Den som vert tilsett skal leie og initiere forskingsprosjekt, undervise og rettleie studentar og stipendiatar, og ta på seg administrative oppgåver etter rettleiande tidsmessige rammer. Det vert forventa at den tilsette regelmessig sender søknadar til relevante nasjonale og internasjonale kjelder for forskingsfinansiering. Undervisningsplikta i stillinga er i først og fremst knytt til medisinstudiet, men personen som vert tilsett pliktar å undervise i høve til dei studieprogramma fakultetet/instituttet til ei kvar tid har. For medisinstudentane inkluderer oppgåvene både teoretisk undervisning og praktisk undervisning i smågrupper og på sengepost. Personen vi søkjer er i ein aktiv fase av karrieren, og har fagleg tyngde innafor eit forskingsfelt som er relevant for instituttet. Det vert forventa høge ambisjonar og god kvalitet med omsyn til forsking og undervisning, og aktiv deltaking i instituttet og fakultetet sitt strategiarbeid og faglege aktivitetar.

Arbeidsoppgåver for universitetslektor: 

Den som vert tilsett skal undervise og rettleie studentar, og ta på seg administrative oppgåver etter rettleiande tidsmessige rammer. Undervisningsplikta i stillinga er i først og fremst knytt til medisinstudiet, men personen som vert tilsett pliktar å undervise i høve til dei studieprogramma fakultetet/instituttet til ei kvar tid har. For medisinstudentane inkluderer oppgåvene både teoretisk undervisning og praktisk undervisning i smågrupper og på sengepost. Det vert forventa høge ambisjonar og god kvalitet med omsyn til undervisning, og aktiv deltaking i instituttet og fakultetet sitt strategiarbeid og faglege aktivitetar.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Kvalifikasjonar og eigenskapar for førsteamanuensis: 

Kvalifiserte søkjarar har norsk doktorgrad i eit relevant fagfelt, eller tilsvarande kompetanse, har cand.med.-grad og norsk autorisasjon som lege, har relevant spesialistutdanning eller tenestetid i relevant spesialitet, og fyller krav til utdanningsfagleg kompetanse. Den ideelle kandidaten publiserer på høgt internasjonalt nivå, kan vise til søknader og tilslag frå nasjonale og internasjonale finansieringskjelder for forsking og utdanningsarbeid, og har etablert, eller er i ferd med å etablere, eiga forskingsgruppe. Resultat oppnådd dei siste 5-7 år vil verte særleg vektlagt ved bedømminga. Den ideelle kandidaten har også erfaring med undervisning på bachelor- og masternivå eller i profesjonsutdanningar, og frå rettleiing av ph.d.- kandidatar. Erfaring frå ulike nasjonale og internasjonale forskingsinstitusjonar, og evne til å etablere internasjonale nettverk vil telje positivt ved bedømminga, og det same gjer også erfaring av og interesse for innovasjon. Personlege eigenskapar vert vektlagd ved vurderinga. Undervisningsfagleg kompetanse er eit krav for stillinga, sjå retningsliner for oppretting av ei pedagogisk mappe på Eining for læring. Førsteamanuensis vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing. Undervisningsspråket er til vanleg norsk. Det vert kravd at den som vert tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga og på engelsk frå tilsetjing. Kurs vert tilbode.

Kvalifikasjonar og eigenskapar for universitetslektor: 

  • Søkjar må ha norsk cand.med.-grad og norsk autorisasjon som lege 
  • Spesialistutdanning eller tenestetid som LiS innan relevant fag 
  • Det er eit ønskje at søkjar har brei og relevant klinisk erfaring, og engasjement og interesse for undervisning 
  • Det er eit ønskje at søkjar har undervisnings- og administrativ erfaring og erfaring med populærvitskapleg formidling 

Det vert lagt vekt på dokumentert vilje og evne til samarbeid.

Undervisningsspråket er til vanleg norsk. Det vert kravd at den som vert tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga. Kurs vert tilbode

Vi tilbyr:

  • Eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver i eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt 
  •  Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling 
  •  Førsteamanuensis: 
  • Løn er for tida kr 708 000 – 732 300 (kode 1011, lønssteg 71-73), eller løn for spesialist kr 732 300 - 759 100 (kode 1011, lønssteg 73-75). Løn er brutto pr. år for ei fulltidsstilling i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn 
  • Universitetslektor: 
  • Løn er for tida kr 584 500 – 646 000 (kode 1009, lønssteg 60-66) brutto pr. år for ei fulltidsstilling. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

Søknaden skal innehalde for førsteamanuensis: 

  • Søknadsbrev som fortel kvifor du søkjer stillinga 
  •  Utfyllande CV samt relevante vitnemål og attestar 
  •  Fullstendig publikasjonsliste 
  • Pedagogisk mappe, sjå Eining for læring
  •  Ei liste over vitskaplege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (høgst 10). For kvart arbeid skal det følgje med eit kort samandrag som omtalar dei viktigaste funna i arbeidet 
  • Dei 10 vitskaplege arbeida frå punktet over i PDF-format 
  • Plan for eiga forsking dei neste fem åra (maks 5 A4-sider) 
  • Namn og kontaktinformasjon til minst to referansar

Søknaden skal innehalde for universitetslektor: 

  •  Ei kort utgreiing om søkjaren sin motivasjon for å søkje stillinga 
  • Karakterutskrifter (all høgare utdanning) og relevante attestar 
  • Dokumentasjon på utdanningsfagleg kompetanse 
  • To referansar (namn og kontaktinformasjon) 

Dersom du driv forsking legg du og ved: 

  • Fullstendig publikasjonsliste 
  • Vitskaplege arbeid (maks 10) i PDF-forma

Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden (PDF).

På bakgrunn av desse opplysningane vil den sakkunnige komiteen gjere ein gjennomgang av søkjarane. Deretter vil fakultetet invitere dei best kvalifiserte søkjarane til å sende inn vitskaplege arbeid.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Silje Skrede, silje.skrede@uib.no

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS