Ledig stilling ved Nord universitet

Førsteamanuensis / førstelektor i norsk / norskdidaktikk

Søknadsfrist: 04.10.2020

Nord universitet

Utfordringane verda står framføre krev ny innsikt, innovative løysingar og lokal forankring. Nord universitet er eit ungt universitet med sterk regional tilknyting og eit globalt perspektiv. Vi leverer framtidsretta studietilbod og relevant forsking med fokus på blå og grøn vekst, innovasjon og entreprenørskap, og velferd, helse og oppvekst. Nord universitet har 11.000 studentar og 1.400 tilsette fordelte på ni studiestadar.

Fakultet for lærarutdanning, og kunst- og kulturfag utdannar framtidas lærarar frå barnehage til vidaregåande skole og innan idrett og estetiske fag.


Kandidatane våre spelar ei sentral rolle i den kunnskapsbaserte utviklinga av samfunnet, både regionalt og nasjonalt. Vi skal bidra til å utvikle praksisfeltet vi utdannar for, så forskingstilnærminga vår er profesjonsretta og praksisnær.
Fakultetet tilbyd doktorgrad (ph.d.) i studiar av profesjonspraksis. Fakultet for lærarutdanning, og kunst- og kulturfag har 3500 studentar, og 350 tilsette i Levanger, Bodø og på Nesna.

Les meir: www.nord.no/flu.

Om stillinga

Ved Nord universitet, Fakultet for lærerutdanning og kunst- og kulturfag, er det ledig ei fast stilling som førsteamanuensis / førstelektor i norsk/ norskdidaktikk. Stillinga har fast kontorstad i Bodø/Levanger. Midlertidig kontorstad fram til hausten 2022 vil vere Nesna. Fagmiljøet ved Nord universitet er fordelt på fleire studiestadar, så samarbeid mellom vitskapleg tilsette ved fakultetet er viktig, uansett geografisk plassering.

Om det på grunn av manglande søkjartilfang, eller av andre grunnar ikkje let seg gjere å tilsetje i stilling som førsteamanuensis/førstelektor, kan det bli aktuelt å tilsetje i stilling som universitetslektor.

Det er forventa at den som blir tilsett som universitetslektor, kvalifiserer seg til førstestilling etter avtale med dekanen.

Stillinga kan også innebere arbeidsoppgåver ved Nord universitet sine andre studiestadar.

Arbeidsoppgåver

  • Stillinga er i hovudsak tillagt undervisning, praksisoppfølging, rettleiing og FoU-oppgåver på barnehagelærarutdanning og master i grunnskulelærarutdanning. Stillinga er knytt til undervisning på bachelor- og masternivå i norskfaglege emne innan litteratur- og språkdidaktikk.
  • Stillinga er tillagt forsking og utviklingsarbeid, og dessutan formidling.
  • Lærarutdanningsprofilen og profesjonsretta forsking og utviklingsarbeid er sentrale ved fakultetet, difor er det viktig at den som blir tilsett, er innstilt på å orientere seg mot profesjonsspesifikke problemstillingar.
  • Det ventast at den som blir tilsett, bidreg i utvikling av større forskingsprosjekt og søknader om ekstern finansiering, samt bidreg til å vidareutvikle forskingssamarbeid med nasjonale og internasjonale samarbeidspartnarar.
  • Det ventast at den som blir tilsett, bidreg i utviklinga av fagmiljøet i norsk ved fakultetet, saman med kollegaer.

Kvalifikasjonskrav

Tilsetjing som førsteamanuensis/førstelektor

  • For tilsetjing som førsteamanuensis blir det kravd norsk doktorgrad innanfor relevant fagområde eller tilsvarande utanlandsk doktorgrad som er godkjent som likeverdig med den norske, eller kompetanse på tilsvarande nivå dokumentert ved vitskapleg produksjon av same omfang og kvalitet.
  • For tilsetjing som førstelektor blir det kravd dokumentert omfattande forskings- og utviklingsarbeid innanfor relevant fagområde som i kvalitet og omfang svarer til arbeidsmengd for doktorgradsarbeid.
  • Søkjarar må dokumentere at dei har grunnleggjande ferdigheiter innan planlegging, gjennomføring, evaluering og utvikling av undervising og rettleiing. Nye utfyllande vilkår for utdanningsfagleg kompetanse tok til å gjelde 01.09.19, sjå meir informasjon på Nords nettsider. Søkjarar som ved tilsetjing ikkje kan dokumentere tilstrekkeleg utdanningsfagleg kompetanse, må skaffe seg denne kompetansen i løpet av ein toårsperiode. Nord universitet tilbyr eit emne i universitetspedagogikk som dekkjer dette kravet.

Tilsetjing som universitetslektor

  • For tilsetjing i stilling som universitetslektor krev vi fullført utdanning på masternivå (eller tilsvarande) frå universitet, høgskole eller tilsvarande innanfor relevant fagområde.
  • Relevant praktisk-pedagogisk kompetanse er eit krav for stillinga. Nye utfyllande vilkår for utdanningsfagleg kompetanse tok til å gjelde 01.09.19, sjå meir informasjon på Nords nettsider. Søkjarar som ved tilsetjing ikkje kan dokumentere relevant praktisk-pedagogisk kompetanse, må skaffe seg denne kompetansen i løpet av ein toårsperiode. Nord universitet tilbyr eit emne i universitetspedagogikk som dekkjer dette kravet.

Sams for alle

  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne i norsk (bokmål og nynorsk) og engelsk.
  • For søkjarar som ikkje har eit av dei skandinaviske språka som morsmål, må både munnlege og skriftlege språkkunnskapar kunne dokumenterast.
  • Søkjarane må vere kvalifiserte til å gjennomføre arbeidsoppgåvene som det er vist til tidlegare.

Ved vurdering og rangering av kvalifiserte søkjarar vil det bli lagt vekt på:

  • Forskings- og utviklingsarbeid som er relevant for stillinga
  • Publikasjonar dei siste fem åra vil bli vektlagde
  • Erfaring med internasjonale forskingsnettverk og prosjekt med ekstern finansiering
  • Erfaring frå undervising og rettleiing på bachelor- og masternivå frå universitets- og høgskolesektoren
  • Pedagogiske kvalifikasjonar
  • Relevant yrkespraksis
  • God evne til å kommunisere og samarbeide med studentar og kollegaer
  • Personlege eigenskapar som kan bidra positivt til arbeidsmiljøet

Vi tilbyr

Stillinga blir løna etter Statens regulativ, kode 1011 for førsteamanuensis, kode 1198 for førstelektor og kode 1009 for universitetslektor. Løn etter avtale. Frå løna går lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.

  • God låne-, forsikrings-, og pensjonsordning i Statens pensjonskasse
  • Kreativt og kollegialt arbeidsmiljø
  • Ein arbeidsplass i stadig utvikling
  • Fleksibel arbeidstid
  • Aktivt bedriftsidrettslag

Generell informasjon

Den som blir tilsett, må rette seg etter dei lover, avtalar og instruksar som til ei kvar tid gjeld for stillinga. Det blir teke atterhald om endring i ansvars- og arbeidsområde som følgje av framtidig organisasjonsutvikling og omorganisering ved Nord universitet.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Nord universitet oppfordrar difor kvalifiserte kandidatar med nedsett funksjonsevne, hol i CV-en, innvandrarbakgrunn og elles ulik livserfaring til å søke. Universitetet praktiserer moderat kjønnskvotering i samsvar med lokal tilpassingsavtale for hovudavtalen i Staten.

Opplysingar om nedsett funksjonsevne eller hol i CV kan bli brukte til anonymiserte registreringsføremål.

Kontakt

Nærare opplysningar om stillinga får ein ved å ta kontakt med:

Søknadsprosessen

Søkjarar vil bli vurderte av ein sakkunnig vurderingskomite.Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til intervju og prøveførelesing.

Søknad

Søknad sendast elektronisk innan 04.10.2020.

Den elektroniske søknaden skal innehalde:

  • Søknadsbrev
  • Fullstendig curriculum vitae
  • Kopi av vitnemål og attestar
  • Fullstendige kopiar av eit utval på inntil 15 av dei mest relevante publikasjonane til søkjaren, og ei liste over desse. Vi bed søkjarane prioritere dei 5 viktigaste arbeida sine, og kommentere prioriteringa. Doktorgradsavhandling skal leggjast ved som eitt av disse arbeida.
  • Dokumentasjon på annan aktivitet som vurderast som relevant for stillinga, og som er ønskt teken med i vurderinga
  • Kontaktinformasjon til 2-3 referansepersonar

All dokumentasjon som det skal takast omsyn til, skal lastast opp som vedlegg til søknaden.

Fullstendig elektronisk dokumentasjon skal sendast inn innan søknadsfristen.

Etter at søknadsfristen er gått ut blir det utarbeidd ei offentleg søkjarliste. Vi gjer merksam på at opplysingar om søkjaren kan offentleggjerast sjølv etter ønskje om å bli utelaten frå søkjarlista. Søkjarar som likevel ber om konfidensialitet, skal grunngje dette særskilt i søknaden.

Søkjarane vil i så fall bli varsla på førehand om offentleggjering.

Ref.nr. 30073681

Søk på stillingen

fnokode:1234