Ledig stilling ved Høgskulen på Vestlandet

Førsteamanuensis i berggrunnsgeologi

Søknadsfrist: 02.06.2020

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Fakultet for ingeniør- og naturvitskap har om lag 270 tilsette og om lag 3200 studentar. Fakultetet har eit breitt utdanningstilbod både på bachelor og masternivå innan ingeniør- og naturfag, samt PhD-utdanning innan datateknologi. Mohnsenteret for innovasjon og regional utvikling forskar på innovasjon og tilbyr masterutdanning innan innovasjon og entreprenørskap. Dykkarutdanninga tilbyr eittårig fagskuleutdanning.


Hovuddelen av fakultetets verksemd er i Haugesund, Bergen, Sogndal og Førde, men vi tilbyr også desentralisert utdanning i Florø, Kristiansund og på Stord.


Fakultetets verksemd er internasjonalt forankra og skjer i tett samarbeid med regionale bedrifter, klynger, helseføretak og offentleg sektor, inkludert andre institusjonar i universitets- og høgskulesektoren. Dette gjeld både forsking, utvikling, innovasjon og ikkje minst utdanning med studentprosjekt på alle nivå.


Institutt for miljø- og naturvitskap har om lag 250 studentar og 40 tilsette frå 12 nasjonar. Instituttet tilbyr bachelorutdanningar i fornybar energi, geologi og geofare, og landskapsplanlegging med landskapsarkitektur, masterprogram i Climate Change Management, og semesterprogramma From Mountain to Fjord og Geohazards and Climate Change.

Forskinga femner om tema som; energisystem og produksjonsteknologiar, energiøkonomi, berekraftig utvikling, klimaendringar, bre-dynamikk og hydrologi, skred og flaum, berggrunns- og strukturgeologi, økologi, forvaltning og skjøtsel av kulturlandskap, og arealbruk og landskapsøkologi.

Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for ingeniør - og naturvitskap har ledig mellombels stilling som førsteamanuensis i berggrunnsgeologi

Stillinga er lagt til Institutt for miljø- og naturvitskap ved campus Sogndal, med tilsetting frå 01.11.2020 - 30.06.2021. Instituttet driv undervisning og forsking på klimaendringar, geologi og geofare, økologi, fornybar energi, energiomstilling, planlegging og berekraftig utvikling.

Arbeidsplassen er campus Sogndal

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • undervisning og rettleiing i bachelorprogrammet i geologi og geofare, og dei internasjonale semesterprogramma From Mountain to Fjord og Geohazards and Climate Change
  • delta i forsking og publisering med relevans for instituttet sin miljøfaglege profil

Kvalifikasjonskrav:

  • PhD-grad i geologi med spesialfelt: mineralogi og petrografi
  • undervisnings- og rettleiingserfaring på universitet - eller høgskulenivå
  • erfaring som post doc og kunne vise til publisering i internasjonale fagfellevurderte tidsskrift
  • erfaring frå deltaking i nasjonale og internasjonale forskingsprosjekt

Ønska kvalifikasjonar:

  • erfaring med undervisning i felt
  • god oversikt over norsk berggrunnsgeologi
  • kjennskap til norsk og internasjonal mineralnæring
  • kunnskap om miljøutfordringer knytt til mineralutvinning

Personlege eigenskapar:

  • gode samarbeidsevner og erfaring med å arbeide tverrfagleg
  • evne til å motivere studentane og skape engasjement
  • bidra til et positivt arbeidsfellesskap

Utdanning tatt utanfor Noreg, skal vere godkjent og stadfesta av NOKUT.

Undervisningsspråket er norsk og engelsk. Søkjarar må meistre begge språka godt, ha god undervisnings- og formidlingsevne, og erfaring frå pedagogisk arbeid jmf forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, her dei vitskaplege arbeida (inntil 15 stk.), fullstendig publikasjonsliste, attestar og vitnemål. Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsetjingar. Om vedlegga overstig 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju og prøveforelesing.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som førsteamanuensis er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1011 - førsteamanuensis.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ønskjet ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Instituttleiar Tarald Seldal, tlf 952 99 675 e-post tarald.seldal@hvl.no

Søk stilling

Powered by Labrador CMS