Førsteamanuensis / førstelektor i universitets- og høgskolepedagogikk
Søknadsfrist: 01.05.2020
Høgskulen på Vestlandet
Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Eining for utvikling av læring og undervisning (ALU) har ansvar for høgskulens UH-pedagogiske arbeid. Ansvarsfeltet favner utdanningsfagleg kompetanse der fagdidaktikk og digitale arbeids- og læringsformer er viktige komponentar. ALU har ansvar for at høgskulen har eit solid tilbod til tilsette innanfor UH-pedagogikk, gjev støtte til digitale arbeids- og læringsformer og tilrettelegjer for sterke fagdidaktiske miljø i høgskulens utdanningstilbod. ALU deltar og aktivt i HVL’s forsking på eigne utdanningar
Høgskulen på Vestlandet, Avdeling for utvikling av læring og undervisning (ALU) har ledig en fast 100 % stilling som førsteamanuensis / førstelektor
Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig ein fast stilling som førsteamanuensis/ førstelektor i universitets- og høgskolepedagogikk ved Avdeling for utvikling av læring og undervisning (ALU)
Stillinga inngår i einingas kjernestab og vil ha kontor ved et av våre fem campus. Det må påreknast noko reising.
Fagområdet for stillinga er universitets- og høgskulepedagogikk. Dette vil mellom anna innebere ulike aktivitetar knytt til nytt meritterings- og kvalifiseringssystem, systematisk arbeid med utdanningskvalitet og strategiske søknadar m.a. i samband med utlysning av status som Senter for framifrå undervisning (SFU). Den som vert tilsett vil få ei sentral rolle i dette arbeidet.
Ansvars- og arbeidsoppgåver:
Som førsteamanuensis/førstlektor vil du bidra på alle områder i det høgskulepedagogiske arbeidet ved eininga. Det tyder at du vil vere med på å planlegge, gjennomføre og vurdere HVL sitt utviklingsprogram i høgskulepedagogikk og didaktikk og i utvikling av undervisningsmetodar som gjer bruk av digitale verktøy som fremmer læring.
Stillinga har vidare følgande ansvars- og arbeidsoppgåver:
Undervise og rettleie i tråd med krav i relevante styringsdokumenter og HVL sin strategi.
Bidra i utvikling og drift av HVL sitt meritteringssystem for vitskapeleg tilsette.
Forsking- og utviklingsarbeid med klar relevans for den samla utdanningsfaglege kompetansen HVL .
Institusjonsbyggjande arbeid herunder: rettleie tilsette, fagadministrative oppgåver og samhandling med eksterne partnarar
Delta i utvikling av forskingsprosjekt og utarbeide søknader om ekstern finansiering samen med kollegaer i fagmiljøet
Kvalifikasjonskrav:
Kvalifikasjonskrav:
Vi søker etter førsteamanuensis/førstelektor med doktorgrad eller tilsvarande kompetanse innanfor universitets og høgskulepedagogikk. Vidare ser vi etter følgande dokumenterte kvalifikasjonar.
Pedagogisk og didaktisk kompetanse knytt til høgare utdanning.
Forståing for høgskuleutdanningas tyding og utfordringar i ei nasjonal og internasjonal samanheng.
Gode kommunikasjonsferdigheter herunder gode og varierte formidlingsstrategiar
Oppdatert kunnskap om nasjonal og internasjonal forsking om undervisning, læring og høgare utdanning
Høg kompetanse i bruk av digitale verktøy
Forskingserfaring
Følgande tel positivt i vurderinga:
Erfaring frå relevante arbeidsoppgåver, forskings- og utviklingsprosjekt, herunder erfaring med å skaffe ekstern finansiering og utvikling av forskings- og utviklingsprosjekt med praksisfeltet
Ei reflektert og bevisst haldning til eigen undervisnings- og rettleiingsverksemd
Evne til å involvere og engasjere studentane i undervisning der utdanningsmål, innhald og vurderingssituasjonar heng nøye saman
Erfaring med utvikling og bruk av varierte læringsmetodar og digitale verktøy i undervisninga
Høg arbeidskapasitet, er nysgjerrig og motivert for å utvikle ny kunnskap saman med andre
Personlege eigenskapar:
Den som vert tilsett må ha gode samarbeids- og formidlingsevner, men òg evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ og vere fleksibel. Høgt etisk medvit i møte med studentar og tilsette er påkravd. Undervisningsspråket er norsk og søkarar må meistre norsk eller eit anna skandinavisk språk. Den som blir tilsett må vere personleg egna for stillinga.
Aktuelle kandidatar blir innkalla til intervju (med prøveforelesing).
Kriteria for tilsetjing i stilling som førsteamanuensis/førstelektor går fram av forskrift om tilsetjing og opprykk i undervisnings- og forskarstillingar fastsett av Kunnskapsdepartementet:
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.
Me gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, her dei vitskaplege arbeida (inntil 15 stk.), fullstendig publikasjonsliste, attestar og vitnemål. Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsetjingar. Om vedlegga overstig 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.
Søknadane vert sendt elektronisk til det sakkyndige utvalet. På bakgrunn av komiteen si innstilling vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju og prøveforelesning. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.
Vi tilbyr:
Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
Høve for trening i arbeidstida
Stillingen er lønnet etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1011 - Førsteamanuensis/ 1198 - Førstelektor.
Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Generell informasjon:
Me gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynsket ikkje vert teke til følgje.
Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.
Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hull i CV.