LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Førsteamanuensis / førstelektor i engelsk språk og engelsk didaktikk

Søknadsfrist: 23.01.2022

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6 200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program.

Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.


Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking har 160 tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord.


Instituttet gjev undervisning på alle nivå og er involvert i barnehagelærarutdanninga, grunnskulelærarutdnningane, og i bachelorutdanninga i teiknspråk og tolking. I tillegg bidreg instituttet i to-årige masterutdanningar og i Ph.d.-programmet Studier av danning og didaktiske praksisar. Instituttet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod.


Tilsette på instituttet er involvert i forsking som er relevant for utdanningane våre og deltar i fagleg nettverksarbeid både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet har som mål å vere i front av skule- og profesjonsorientert kompetanseutvikling innanfor sine fagfelt. I denne samanhengen er vi i kontinuerleg samarbeid med viktige aktørar i regionen om til dømes vidareutdanning og skule- og barnehagebasert kompetanseutvikling.

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig ei fast stilling i 100% som førsteamanuensis/førstelektor i engelsk språk og engelsk didaktikk ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett.

Stillinga inngår i Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking med arbeidsstad campus Sogndal. Oppstart i stillinga er 01.08.2022 eller etter nærmare avtale.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Stillinga har følgjande ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Undervise, rettleie og utvikle studentaktive læringsformer i tråd med krav i studietilsynsforskrifta. Desse oppgåvene vil vere knytt til grunnskulelærarutdanninga, Phd-programmet, årsstudium og innanfor etter- og vidareutdanning. Desentralisert undervising og undervising på nett høyrer òg med til arbeidsoppgåvene. Det kan bli aktuelt med noko reising i stillinga.
  • Forsking- og utviklingsarbeid med klar relevans for engelsk lingvistikk og/eller fagdidaktikk og instituttet sine fagområde. Fakultetet har 5 strategiske forskingsprogram (Kunst, kreativitet og kulturelle praksisar; Språk, kommunikasjon og læring; Praksisnær profesjons- og utdanningsforsking; Berekraft, medverknad og mangfald og Idrett, fysisk aktivitet og kosthald) og det blir forventa at dei tilsette bidreg med forsking innretta mot eitt eller fleire av programma.
  • Institusjonsbyggjande arbeid, irekna å rettleie tilsette, fagadministrative oppgåver, internasjonalisering og samhandling med eksterne partnarar.
  • Delta i utvikling av forskingsprosjekt og utarbeide søknader om ekstern finansiering samen med kollegaer i fagmiljøet.
  • Aktivt bruke digitale verktøy i arbeidskvardagen.

Kvalifikasjonskrav:

Formell utdanning og kompetanse:

Kriteria for tilsetjing i undervisnings- og forskarstilling går fram av Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger.

For tilsetting som førsteamanuensis må søkjar ha avlagt doktorgrad i engelsk språk/engelsk didaktikk. Alternativt kan ein godta doktorgrad i andre disiplinar i engelsk, men då er det ønskjeleg at søkjaren kan dokumentere omfattande undervisingserfaring i engelsk språk/engelsk didaktikk. Søkjaren må ha dokumentert praktisk-pedagogisk kompetanse i form av gjennomføring av eige program (minimum 200 timar), eller relevante kurs og eiga praktisk undervisning. Søkjaren må ha opparbeidd grunnleggande ferdigheiter innan planlegging, gjennomføring, evaluering og utvikling av undervisning og rettleiing.

For tilsetting som førstelektor må søkjar ha kompetanse på nivå med norsk doktorgrad, innanfor dei same fagområda som for førsteamanuensis. Søkjaren må ha dokumentert relevant praktisk-pedagogisk kompetanse på grunnlag av utdanning eller undervisning og rettleiing.

Dersom den som vert tilsett ikkje har praktisk-pedagogisk kompetanse på grunnlag av utdanning eller undervisning og rettleiing må vedkommande kvalifisere seg via kurs i høgskulepedagogikk og rettleiing innan to år frå tilsetjingsdato, jf. nasjonale rettleiande retningslinjer for UH-pedagogisk basiskompetanse, fastsett av Universitets- og høgskolerådet mai 2018.

Den som vert tilsett må kunne undervise i dei sentrale emna i utdanningane instituttet tilbyr, òg på nett. Den som vert tilsett må ha kompetanse innan engelsk språk/språkdidaktikk eller innanfor eit tilsvarande, relevant område. Engelsk språk eller engelsk didaktikk må vere eit forskingsobjekt.

Den som vert tilsett må ha gode samarbeids- og formidlingsevner både innan institusjonen og med eksterne samarbeidspartnarar, men òg evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ og vere fleksibel. Høgt etisk medvit i møte med studentar er påkravd. Den som vert tilsett, må vere personleg eigna for stillinga.

Undervisningsspråket er engelsk, og det vert kravd høg kompetanse i munnleg og skriftleg engelsk. Arbeids- og administrasjonsspråket ved HVL er norsk, og søkjaren må ha gode kunnskapar i norsk eller eit anna skandinavisk språk. Dersom søkjaren ikkje har denne kompetansen ved tilsetjing, vert det forventa at den som vert tilsett tileignar seg kompetanse i norsk tilsvarande B2 (CEFR) i løpet av to år frå tilsetjingsdato.

Følgjande tel positivt i vurderinga:

  • Vitskapleg produksjon, publikasjonar og erfaring frå relevante forskings- og utviklingsprosjekt
  • Potensiale for framtidig forsking og bidrag til utvikling av fagmiljøet ved fakultetet på sikt
  • Undervisningserfaring frå grunnskulen og kjennskap til det norske skulesystemet
  • Erfaring med utvikling av varierte og studentaktive læringsformer
  • Aktiv bruk av digitale verktøy i arbeidskvardagen og erfaring med pedagogisk bruk av IKT

Sakkyndig vurdering:

Søkjarar til vitskaplege stillingar vert vurdert av eit sakkyndig utval. Vurderinga skjer på bakgrunn av dokumentert kompetanse, oversikt over publikasjonar, og inntil 5 vitskaplege arbeid som skal leggjast ved søknaden i fulltekst. Tilsetjingsorgan er tilsetjingsutvalet ved Høgskulen på Vestlandet.

Tilsettingsorgan er tilsettingsutvalet ved Høgskulen på Vestlandet.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillinga” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, irekna:

Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsetjingar. Om vedlegga overstig 25 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.

Søknadane vert sendt elektronisk til det sakkyndige utvalet. På bakgrunn av utvalet si innstilling vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju og prøveundervisning. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spanande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som førsteamanuensis/førstelektor er lønna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1011 - Førsteamanuensis / 1198 - Førstelektor.

Frå løna vert det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jf. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynsket ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Assisterande instituttleiar Tom Rune Kongelf, tlf.: 57 67 63 37 / 990 17 802, e-post: tom.rune.kongelf@hvl.no

2) Fagkoordinator Monica Tove Vattedal, tlf.: 57 67 61 45, e-post: monica.tove.vattedal@hvl.no

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS