LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor innan finansrekneskap og skatt

Søknadsfrist: 16.01.2022

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskolane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelt på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap, og lærerutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap (FØS) er eit tverrfagleg fakultet med høg kompetanse og som spenner breitt fagleg og geografisk. FØS har tre institutt: Institutt for Økonomi og administrasjon, Institutt for maritime studier og Institutt for samfunnsvitskap.


FØS har om lag 2 300 studentar og 140 tilsette fordelt på tre campusar – Bergen, Haugesund og Sogndal. Fakultetet tilbyr utdanningar på bachelor-, master- og ph.d.-nivå og tar opp studentar til både teoretiske, arbeidsretta disiplinfag og profesjonsutdanningar. I tillegg har FØS eit tett samarbeid med samfunn- og arbeidslivet i heile regionen. Dette gir mellom anna utslag i forskingssamarbeid og ein brei portefølje knytt til etter- og vidareutdanning.


Institutt for økonomi og administrasjon ved HVL er eit stort fagmiljø i Noreg innan økonomisk-administrativ utdanning. Instituttet har vel 100 fagtilsette og 1500 studentar. Instituttet er fordelt på tre campus: Bergen, Haugesund og Sogndal.

Ledig fagstilling innan finansrekneskap og skatt

Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap har ledig stilling som førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor innan finansrekneskap og skatt

Institutt for økonomi og administrasjon ved Campus Sogndal søkjer etter førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor til fast, 100% stiling innan finansrekneskap og skatt.

Stillinga er hovudsakleg knytt til undervisning, rettleiing av studentar, fagleg utviklingsarbeid, forsking og formidling ved bachelorstudia innan økonomiske og administrative fag.

Det kan bli aktuelt å tilsetja i to stillingar.

Arbeidsplassen er Sogndal.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Stillinga vil i hovudsak vere knytt til fagområda finansrekneskap (bokføring, rekneskapsteori, rekneskapsanalyse og årsavslutning), rekneskapsorganisasjon og intern rekneskap/økonomistyring. Det kan òg vere aktuelt med undervisning i skatte- og avgiftsrett.

Hovudarbeidsoppgåvene i stillinga er:

  • Undervisning og rettleiing av studentar, hovudsakleg knytt til bachelorutdanninga i økonomi og administrasjon
  • Utviklingsarbeid knytt til aktuelle studieprogram og andre undervisningstilbod
  • Aktiv bruk av digitale verktøy i arbeidskvardagen
  • Institusjonsbyggjande arbeid som fagadministrative oppgåver, internasjonalisering, samhandling med eksterne partnarar og fagleg samarbeid og fagutvikling på tvers av campus og fakultet når dette er aktuelt
  • Bidrag til forsking og formidling
  • For søkjarar med førstekompetanse er det forventningar knytt til vitskapleg produksjon og aktiv deltaking i utvikling av søknadar mot nasjonale og internasjonale finansieringskjelder for forsking. Til stilling som førsteamanuensis eller førstelektor vil det også liggje oppgåver knytt til rettleiing av studentar og fagtilsette i kompetanseløp

Våre tilsette skal også bidra i det regionale utviklingsarbeidet ved Høgskulen på Vestlandet. Den som blir tilsett i stillinga kan få oppgåver knytt til høgskulen sitt arbeid med utvikling av nye emne og fleksible utdanningstilbod retta mot regionalt arbeidsliv og livslang læring.

Det er vidare ei forventning om at dei tilsette bidreg inn i ei eller fleire av fakultetet sine fem strategiske forskingsgrupper. Du kan lese meir om forskingsgruppene våre her: Forskingsorganisering ved FØS.

Kvalifikasjonar:

Vi søkjer ein person med solid praktisk og teoretisk kompetanse innanfor fagområda finansrekneskap og skatterett.

Formell utdanning og kompetanse:

Kriteria for tilsetting i undervisnings- og forskarstilling går fram av Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger

  • For tilsetjing som førsteamanuensis må søkjar ha avlagt doktorgrad med relevans for stillinga
  • For tilsetjing som førstelektor må søkjar dokumentere relevant førstelektorkompetanse
  • For tilsetjing som høgskulelektor må søkjar ha hovudfag/mastergrad med gode resultat og med relevans for stillingsprofilen
  • Søkjar må ha god kunnskap om norske rekneskaps- og skattereglar
  • Undervisningsspråket er norsk og søkjar må difor ha god skriftleg og munnleg formidlingsevne på norsk eller eit anna skandinavisk språk òg på engelsk
  • Utdanningsfagleg kompetanse er eit krav i stillinga

Søkjarar som ved tilsetting ikkje fyller krava til utdanningsfagleg kompetanse, må fylle dei innan to år. HVL tilbyr kurs i høgskolepedagogikk. For stilling som førsteamanuensis skal utdanningsfagleg kompetanse dokumenterast med ei pedagogisk mappe og ein pedagogisk CV i tråd med gjeldande kriteriar for utdanningsfagleg basiskompetanse ved HVL.

Ønska kompetanse:

  • Det er ønskjeleg med relevant og allsidig arbeidserfaring innanfor fagområda finansrekneskap, skatt og meirverdiavgift. Som eksempel kan nemnast erfaring frå rekneskapsbransjen, skatteetaten, revisjon, controllefunksjonar, finansanalytikarstillingar eller prosjektleiing
  • Undervisnings- og rettleiingserfaring frå høgare utdanning
  • Kompetanse på og erfaring med nye og digitale undervisningsformer
  • Kompetanse på og erfaring med fleksible undervisningsformer retta mot arbeidsliv og livslang læring
  • Erfaring frå forskings- og utviklingsarbeid
  • Erfaring med å innhente ekstern finansiering av forskingsprosjekt nasjonalt og internasjonalt

Personlege eigenskapar:

  • Evne til initiativ
  • Fleksibilitet og evne til omstilling
  • Ei inkluderande haldning og gode evner til samarbeid i team og på tvers av fagdisiplinar
  • Gode evner til formidling

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknadane blir vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no når søknadsfristen går ut. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, irekna:

Dersom vedlegga til saman overstig 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.

Søknadane vert sendt elektronisk av eit sakkunnig utval. På bakgrunn av utvalet si innstilling vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju og prøveførelesing. Søknadar eller vedlegg kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse

  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling

  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1011 førsteamanuensis / 1198 førstelektor / 1008 høgskulelektor.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogelg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er av den grunn eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing, og å rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er:

  • Assisterande instituttleiar Ingunn Skjelbreidalen: tlf: 57 67 63 42 / e-post: ingunn.skjelbreidalen@hvl.no

Søk stilling

Powered by Labrador CMS