LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor i musikkpedagogikk / Community Music

Søknadsfrist: 31.05.2022

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program.

Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.


Institutt for kunstfag har 70 tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fagområda omfattar musikk, drama og anvendt teater og kunst- og handtverk. Instituttet tilbyr utdanningar på bachelor, master, årsstudium og etter og videreutdanning-nivå. Instituttet gir og undervisning på sine fagområde i barnehagelærarutdanninga og ved grunnskulelærarutdanningane og bidrar i fakultetet sitt Ph.D.-programet Studiar av danning og didaktiske praksisar.

Instituttet har som mål å vere i front av skule- og profesjonsorientert kompetanseutvikling innanfor sine fagfelt, og vere ei drivkraft for utvikling av kunstfag på høgt nivå og med klar relevans for barnehage, skule og kulturfeltet. Tilsette på instituttet er involvert i forsking som er relevant for utdanningane våre og deltar i fagleg nettverksarbeid både nasjonalt og internasjonalt.

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig inntil 1,5 mellombelse stillingar som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor i musikkpedagogikk/Community Music ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett.

Stillinga inngår i Institutt for kunstfag og er ledig i tida 01.08.2022 - 31.07.2024.

Arbeidsstaden er campus Stord.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Stillinga er knytt til musikkutdanningane på campus Stord, og arbeidsoppgåvene vil primært vere:

  • Forskingsbasert undervisning, oppfølging i praksis, rettleiing og evaluering av studentoppgåver. Det er aktuelt med arbeid på både Community Arts studiet, faglærar i musikk, lærerutdanning praktisk estetiske fag (LUPE), master kunstfag, årsstudium/GLU/BLU, diverse videreutdanninger. Kompetanse innanfor musikkpedagogikk og didaktikk i skule og barnehage, digitale verktøy/musikkteknologi, community arts, rytmisk musikk, ensembleleiing, vokalarbeid og/eller komponering og arrangering er ynskjeleg.
  • Oppgåvene vil omfatta undervisning og rettleiing av studentar og vil vera ei blanding av utøvarorientert og pedagogisk/didaktisk arbeid. Musikkseksjonen har ansvar for undervising på faglærarutdanning i musikk, bachelor i community arts, barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning, årsstudium i musikk, og på Master i Kreative fag og læreprosessar, master kunstfag, LUPE1-13 musikk. Høgskulen nyttar digitale læringsverktøy i undervisninga på fleire fagområde.
  • Det kan også være aktuell å ansette i 50% stilling med ansvarsområder musikkpedagoggikk og didaktikk og/eller praktiske disipliner som for eksempel ensembleleeing, vokalarbeid og arrangering/komponering.

Mellombels tilsette med førstestillingskompetanse og som er tilsett i fleirårige vikariat kan søkje om fou-tid.

Kvalifikasjonskrav:

Formell utdanning og kompetanse:

Kriteria for tilsetting i undervisnings- og forskarstilling går fram av Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger.

For tilsetjing som førsteamanuensis må søkar ha doktorgrad i musikkpedagogikk, musikkvitskap eller liknande, eller innanfor eit område med relevans for community music.

For tilsetjing som førstelektor må søkar ha kompetanse på nivå med norsk doktorgrad, og med tilsvarande relevanskrav som for førsteamanuensis.

For tilsetjing som høgskulelektor må søkar ha hovudfag/mastergrad med gode resultat, normalt A eller B på masteroppgåva og med relevans for stillingsprofilen.

Den som blir tilsett må ha gode samarbeids- og formidlingsevner, men òg evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ og vere fleksibel. Høgt etisk medvit i møte med studentar er påkravd.

Undervisningsspråket er norsk og søkarar må meistre norsk eller eit anna skandinavisk språk.

Den som vert tilsett må vere personleg eigna for stillinga.

Følgjande tel positivt i vurderinga:

  • Allsidigheit og relevant yrkeserfaring, særleg frå arbeid ved universitet/høgskule og/eller skule/barnehage
  • Dokumentert fagleg-pedagogisk utviklingsarbeid
  • Høgskulepedagogisk kompetanse

Sakkunig vurdering:

Søkarar til vitskaplege stillingar blir vurdert av ein sakkunnig komité. Bedømminga skjer på bakgrunn av dokumentert kompetanse, oversikt over dine arbeider og kor dei er offentleggjort og inntil 5 vitskaplege arbeid som skal leggast ved søknaden i fulltekst. Tilsetjingsorgan er tilsetjingsutval ved Høgskulen på Vestlandet.

Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju med prøveundervisning.

Korleis søkje på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillinga” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, irekna:

  • Vitskaplege arbeida (inntil 5 stk.)
  • Fullstendig publikasjonsliste
  • Attestar og vitnemål.

For førsteamanuensis kan utdanningsfagleg kompetanse dokumenterast med ei pedagogisk mappe og ein pedagogisk CV i tråd med Kriterier for utdanningsfagleg basiskompetanse ved tilsetting og opprykk i førsteamanuensis- og professorstilling ved HVL.

Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsetjingar. Om vedlegga overstig 25 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje, total maksgrense for opplasting av vedlegg er 50 MB.

Søknadane vert sendt elektronisk til det sakkunnige utvalet. På bakgrunn av utvalet si innstilling vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju og prøveundervisning.

Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar i Statens pensjonskasse
  • Spanande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor er lønna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1011 - Førsteamanuensis / 1198 - Førstelektor / 1008 - Høgskulelektor.

Frå løna vert det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Instituttleiar, Oded Ben-Horin, 53 49 14 56, 415 77 145

2) Fagkoordinator, musikk campus Stord, Gunhild Rolfsnes, 53 49 13 71

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS