LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor i norsk språk / litteratur

Søknadsfrist: 28.04.2021

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6 200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod.

Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.


Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking har 160 tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord.


Instituttet gir undervisning på alle nivå og er involvert i barnehagelærarutdanninga, grunnskulelærarutdanningane og i bachelorutdanninga i teiknspråk og tolking. I tillegg gir instituttet masterutdanningar i undervisningsvitskap og masterutdanning i barne- og ungdomslitteratur. Instituttet bidrar også i Ph.D.-programmet Danning og didaktiske praksisar.


Tilsette på instituttet er involvert i forsking som er relevant for utdanningane våre og deltar i fagleg nettverksarbeid både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet har som mål å vere i front av skule- og profesjonsorientert kompetanseutvikling innanfor sine fagfelt. I denne samanhengen er vi i kontinuerleg samarbeid med viktige aktørar i regionen om til dømes vidareutdanning og skule- og barnehagebasert kompetanseutvikling.

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig inntil fem mellombelse stillingar som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor i norsk språk/litteratur ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett.

Stillingane inngår i Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking, campus Sogndal.

Ansvars- og arbeidsområde:

Stillingane har følgjande ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Arbeidsoppgåvene vil primært vere undervisning i norsk/norskdidaktikk i lærerutdanningane i tillegg til oppfølging i praksis, rettleiing og evaluering av studentoppgåver. Arbeidsoppgåvene kan vera knytt til både grunnskulelærarutdanningane (1–7 og 5–10) og barnehagelærerutdanninga. Arbeidsoppgåver innanfor etter- og vidareutdanning og/eller kurs og oppdragsverksemd er også aktuelt, avhengig av kva kompetanse du har, og instituttet/fagmiljøet sine behov.
  • Aktivt bruke digitale verktøy i arbeidskvardagen.
  • Det kan bli aktuelt med noko reising i stillingane.

Kvalifikasjonar:

Kriteria for tilsetting i undervisnings- og forskarstilling går fram av Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger.

Vi ønskjer søkjarar med brei norskfagleg bakgrunn.

For tilsetjing som førsteamanuensis må søkjar ha avlagt doktorgrad i norsk/nordisk/norskdidaktikk eller innanfor eit område med relevans for språk/språkdidaktikk og/eller litteratur/litteraturdidaktikk og/eller lese- og skriveopplæring.

For tilsetjing som førstelektor må søkjar ha kompetanse på nivå med norsk doktorgrad, og med tilsvarande relevanskrav som for førsteamanuensis.

For tilsetjing som høgskulelektor må søkjar ha avlagt master/hovudfag med same relevanskrav som for førsteamanuensis.

Det vert lagt vekt på pedagogisk kompetanse og erfaring frå undervisningsarbeid i grunnskule og/eller vidaregåande skule og/eller lærarutdanning/høgare utdanning. Den som vert tilsett, må kunne undervise i dei sentrale emna i grunnskulelærarutdanninga og barnehagelærarutdanninga, også på nett. Det er ønskjeleg at den som vert tilsett har kompetanse i eit eller fleire av desse emna: litteratur/litteraturdidaktikk, den fyrste lese- og skriveopplæringa og barn si tidlege språk-, lese- og skriveutvikling. Fagmiljøet tek eit særleg ansvar for nynorsk skriftspråk.

Den som blir tilsett må ha gode samarbeids- og formidlingsevner, men òg evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ og vere fleksibel. Høgt etisk medvit i møte med studentar er påkravd.

Undervisningsspråket er norsk og søkjarar må meistre norsk eller eit anna skandinavisk språk.

Den som vert tilsett må vere personleg egna for stillinga.

Følgande tel positivt i vurderinga:

  • Aktiv bruk av digitale verktøy i arbeidskvardagen og erfaring med pedagogisk bruk av IKT
  • Formell praktisk-pedagogisk kompetanse

Tilsetjingsorgan er tilsetjingsutval ved Høgskulen på Vestlandet.

Aktuelle kandidatar vert kalla inn til iintervju.

Korleis søkje på stillingane?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillinga” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknaden vert vurdert ut frå den informasjonen som ved søknadsfristen er lagt inn i www.jobbnorge.no. Det er søkjaren sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, irekna:

Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjaren sjølv laste opp attesterte omsettingar. Om vedlegga er større enn 15MB må dei komprimerast før opplasting, eller leggjast ved som lenkje.

Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse.
  • Spanande fagmiljø med moglegheiter for kompetanseheving- og utvikling.
  • Høve for trening i arbeidstida.

Stillinga som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1011/1198/1008.

Frå løna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at i tråd med offentleglova, kan opplysningar om søkjaren bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli ført opp på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom førespurnad om unntak for offentleggjering ikkje vert teken til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogelg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er av den grunn eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting, og å rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet:

1) Assisterande instituttleiar Tom Rune Kongelf, tlf.: 57 67 63 37 / 990 17 802, e-post: tom.rune.kongelf@hvl.no

2) Faggruppeleiar Britt Iren Nordeide, tlf.: 57 67 62 63, e-post: britt.iren.nordeide@hvl.no

3) Professor Eli Bjørhusdal, tlf.: 57 67 60 11, e-post: eli.bjorhusdal@hvl.no

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS