LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Førsteamanuensis / førstelektor / høg-skulelektor i musikk

Søknadsfrist: 13.01.2021

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.


Institutt for kunstfag har 70 tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fagområda omfattar musikk, drama og anvendt teater og kunst- og handtverk. Instituttet tilbyr utdanningar på bachelor, master, årsstudium og etter og videreutdanning-nivå. Instituttet gir og undervisning på sine fagområde i barnehagelærarutdanninga og ved grunnskulelærarutdanningane og bidrar i fakultetet sitt Ph.D.-program Danning og didaktiske praksisar.

Instituttet har som mål å vere i front av skule- og profesjonsorientert kompetanseutvikling innanfor sine fagfelt, og vere ei drivkraft for utvikling av kunstfag på høgt nivå og med klar relevans for barnehage, skule og kulturfeltet. Tilsette på instituttet er involvert i forsking som er relevant for utdanningane våre og deltar i fagleg nettverksarbeid både nasjonalt og internasjonalt.

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig inntil to mellombelse stillingar som førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor i musikkpedagogikk / Community Music ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett.

Stillinga inngår i Institutt for kunstfag, campus Stord. Tilsetting i perioden 01.08.2021 – 31.07.2023.

Ansvars- og arbeidsområde:

Stillinga er knytt til musikkutdanningane på campus Stord, og arbeidsoppgåvene vil primært vere forskingsbasert undervisning, oppfølging i praksis, rettleiing og evaluering av studentoppgåver. Det er aktuelt med arbeid på både Community Arts-studiet, faglærar i musikk, årsstudium/GLU/BLU. Kompetanse innanfor musikkpedagogikk og didaktikk i skule og barnehage, digitale verktøy/musikkteknologi, community arts, rytmisk musikk, ensembleleiing, vokalarbeid og/eller komponering og arrangering er ynskjeleg.

Oppgåvene vil omfatta undervisning og rettleiing av studentar og vil vera ei blanding av utøvarorientert og pedagogisk/didaktisk arbeid. Musikkseksjonen har ansvar for undervising på faglærarutdanning i musikk, bachelor i community arts, barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning, årsstudium i musikk, og på Master i Kreative fag og læreprosessar. Høgskulen nyttar digitale læringsverktøy i undervisninga på fleire fagområde.

Det kan også vere aktuelt å tilsette i 50% stilling med ansvarsområder musikkpedagoggikk og didaktikk og/eller praktiske disipliner som for eksempel ensembleleiing, vokalarbeid og arrangering/komponering.

Kvalifikasjonar:

Kriteria for tilsetting i undervisning- og forskarstilling går fram av Forskrift om tilsetting og opprykk i undervisnings- og forskarstillingar

For tilsetting som førsteamanuensis må søkar ha avlagt minimum doktorgrad i musikkpedagogikk, musikkvitskap eller liknande, eller innanfor eit område med relevans for community music. For tilsetting som førstelektor må søkar ha kompetanse på nivå med norsk doktorgrad, og med tilsvarande relevanskrav som for førsteamanuensis. For tilsetting som høgskulelektor må søkar ha hovudfag/mastergrad med gode resultat og med relevans for stillingsprofilen.

Den som blir tilsett må ha gode samarbeids- og formidlingsevner, men òg evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ og vere fleksibel. Høgt etisk medvit i møte med studentar er påkravd.

Undervisningsspråket er norsk og søkarar må meistre norsk eller eit anna skandinavisk språk.

Utdanningsfagleg kompetanse er eit krav for stillinga.

Ved vurdering og rangering av kvalifiserte søkjarar vil det bli lagt vekt på:

  • Allsidigheit og relevant yrkeserfaring, særleg frå arbeid ved universitet/høgskule og/eller skule/barnehage
  • Dokumentert fagleg-pedagogisk utviklingsarbeid
  • Mogleik for å vera til stades på campus
  • Det vil bli vurdert om søkaren er personleg eigna for stillinga.

Utdanningsfagleg kompetanse:

For stilling som førsteamanuensis skal utdanningsfagleg kompetanse dokumenterast med ei pedagogisk mappe og ein pedagogisk CV i tråd med kriteria for utdanningsfagleg basiskompetanse ved tilsetting og opprykk i førsteamanuensis- og professorstilling ved HVL .

For stilling som førstelektor/høgskulelektor skal relevant praktisk-pedagogisk kompetanse på grunnlag av utdanning eller undervisning og rettleiing dokumenterast.

Sakkunig vurdering:

Søkarar til vitskaplege stillingar blir vurdert av ein sakkunnig komité. Bedømminga skjer på bakgrunn av dokumentert kompetanse, oversikt over dine arbeider og kor dei er offentleggjort og inntil 5 vitskaplege arbeid som skal leggast ved søknaden i fulltekst.

Tilsettingsorgan er tilsettingsutval ved Høgskulen på Vestlandet.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillinga” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfrist. Det er søkjaren sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er algt inn innan fristen, det vere seg:

Om vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Om vedlegga er større enn 15MB må dei komprimerast før opplasting, eller legjast ved som lenke.

Søknadane vert sendt elektronisk til det sakkunnige utvalet. På bakgrunn av utvalet si vurdering vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju og prøveundervisning. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spanande fagmiljø med moglegheiter for kompetanseheving- og utvikling
  • Moglegheit for trening i arbeidstida

Stillinga er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1011 - førsteamanuensis/1198 - førstelektor/1008 - høgskulelektor.

Frå løna vil det verte trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at i tråd med offentleglova kan opplysningar om søkaren verte gjort offentleg sjølv om søkjar har bede om å ikkje bli ført opp på søkjarlista. Søkjarar vil verte varsla om førespurnad om unntak for offentleggjering ikkje vert tatt til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogelg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er av den grunn eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting, og å rekruttere persona med minioritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet:

1) Fagkoordinator i musikk ved campus Stord, Åsmund Espeland, tlf.: 53491394

2) Instituttleiar Oded Ben-Horin, tlf.: 53491456 / mobil: 41577145

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS