Ledig stilling ved Høgskulen på Vestlandet

Fast stilling som førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor i sosialt arbeid

Søknadsfrist: 01.11.2020

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Fakultet for helse- og sosialvitskap har om lag 370 tilsette og om lag 4500 studentar. Vi har eit breitt utdanningstilbod innan helse- og sosialfaglege profesjonsutdanningar, etter- og vidareutdanningar og fleire masterprogram. Fakultetet tilbyr ph.d.-utdanninga "Helse, funksjon og deltaking". I tillegg har Fakultet for helse- og sosialvitskap ansvar for forskingsområdet: "Innovasjon i offentleg sektor" i ph.d.-utdanninga Responsible Innovation and regional Development (RESINNREG), som er eit samarbeid på tvers av fakulteta.


Studentane våre får omfattande ferdigheitstrening i tillegg til praksis, mellom anna gjennom øvingar i kommunikasjon og utprøving ved eit avansert simuleringssenter, SimArena. Vi praktiserer fleksible læringsformer der studenten sjølv blir utfordra til å delta i forsking og utviklingsarbeid.

Ved Institutt for velferd og deltaking er vi omlag 90 tilsette og kring 1000 studentar fordelte på studiestadane Bergen og Sogndal. Vi tilbyr bachelorutdanningar i sosialt arbeid, vernepleie og barnevern, og tverrfaglege masterutdanningar i samfunnsarbeid og psykisk helse og rus. Vi har også fleire etter- og vidareutdanningar. Forskinga ved instituttet er fleirfagleg og rettar seg mot heile det helse – og sosialvitskaplege feltet. Både forsking og undervisning ved instituttet har sosial deltaking som kjerneverdi. Det gjeld deltaking gjennom involvering av tenestemottakarar, samt deltaking i sivilsamfunnet, arbeidslivet og i eigen individuell prosess.

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig fast stilling som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor i sosialt arbeid ved Fakultet for helse-og sosialvitskap

Ved Institutt for velferd og deltaking er det ledig fast stilling i 100% som førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor i sosialt arbeid.

Stillinga har arbeidsstad ved campus Sogndal, men ein må rekne med noko arbeid også ved andre av høgskulen sine campus.

Ansvars- og arbeidsområde:

  • Undervisning, oppfølging og rettleiing av studentar ved bachelorutdanninga i sosialt arbeid
  • Ferdigheitstrening, oppfølging av studentar i praksis, evaluering og sensur
  • Bidra til forsking knytta til fagseksjonen sine studieprogram i tillegg til fakultetet sine forskningsprofiler
  • Bidra innan dei ulike faglege institusjonsbyggande oppgåvene, som til dømes studiekoordinering, emneansvar og utvikling av forskingsgruppene
  • Forsking- og utviklingsarbeid med relevans for fagområde sosialt arbeid
  • Delta i utvikling av nye relevante forskingsprosjekt og utarbeide søknader om ekstern finansiering saman med kollegaer i fagmiljøet
  • Samarbeid om utdanning og forsking internt i høgskulen, og med nasjonale og internasjonale samarbeidspartnerar

Sjølv om stillinga i hovudsak er knytt til bachelroutdanninga i sosialt arbeid, må den som blir tilsett også rekne med undervisnings- og rettleiingsoppgåver i andre studietilbod i instituttet.

Kvalifikasjonar:

  • For tilsetting som førsteamanuensis er kravet avlagt ph.d-grad med relevans for fagområdet sosialt arbeid
  • For tilsetting som førstelektor må søkjar dokumentere førstelektorkompetanse med tilsvarande krav til fagleg relevans
  • For tilsetting som høgskulelektor må søkjar ha mastergrad innan fagområdet sosialt arbeid eller eit anna relevant fag. Ved tilsetting somhøgskulelektor vil det i tillegg leggjast vekt på at søkjar har interesse for forskings- og utviklingsarbeid og motivasjon for vidarekvalifisering til førstestilling
  • Pedagogisk kompetanse (jf. Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings og forskerstillinger)
  • Interesse for og/eller erfaring med pedagogisk utviklingsarbeid, varierte undervisningsformer og internasjonaliseringsarbeid frå undervisning og rettleiing i høgare utdanning
  • God munnleg og skriftleg fremstillingsevne i norsk og i engelsk
  • God IKT-kompetanse

Ønska kvalifikasjonar

  • Grunnutdanning i sosialt arbeid, fortrinnsvis sosonom
  • Praksiserfaring frå sosialfagleg arbeid
  • Kunnskap og erfaring frå digitale undervisningsformar
  • Erfaring frå relevante forskings- og utviklingsprosjekt, herunder erfaring med å skaffe ekstern finansiering og utvikling av forskings- og utviklingsprosjekt med praksisfeltet
  • Erfaring med og kunnskap om kunnskapsbasert praksis
  • Erfaring frå relevante forskings- og utviklingsprosjekt og internasjonalt samarbeid
  • Erfaring med internasjonalt samarbeid og/eller arbeidserfaring
  • Erfaring med undervisning og rettleiing i høgare utdanning

Personlege eigenskapar:

  • Sjølvstendig og ansvarleg
  • Positiv innstilling og god evne til å samarbeide med både studentar og kollegaer
  • God evne til formidling
  • Engasjert og strukturert
  • Fleksibel og ønsker å lære noko nytt
  • Kreativ og løysingsiorientert
  • Trivast godt med studentarbeid
  • Engasjement og interesse for fagleg utvikling

Den som blir tilsett må vere personleg eigna for stillinga

Kriterier for tilsetting i undervisnings- og forskarstilling går fram av Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger fastsett av Kunnskapsdepartementet.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, her dei vitskaplege arbeida (inntil 15 stk.), fullstendig publikasjonsliste, attestar og vitnemål. Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsetjingar. Om vedlegga overstig 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.

Søknadane vert sendt elektronisk til det sakkunnige utvalet. På bakgrunn av komiteen si innstilling vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju og prøveforelesning. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving- og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor er lønna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1011 førsteamanuensis/1198 førstelektor./ 1008 høgskulelektor

Frå lønn vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jf. offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ønsket ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet:

1) Fagseksjonsleiar Irene Helland Vikøren, tlf. 55 58 70 77 epost: irene.helland.vikoren@hvl.no

2) Instituttleiar Svanaug Fjær, tlf. 55 58 57 53 epost: Svanaug.Fjer@hvl.no

Søk stilling

Powered by Labrador CMS