LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Førsteamanuensis / førstelektor i organisasjon og leiing

Søknadsfrist: 05.06.2023

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskolane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 17 500 studentar fordelt på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap og maritime studier, og lærerutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap (FØS) har tre institutt: Institutt for økonomi og administrasjon, Institutt for maritime studiar og Institutt for samfunnsvitskap. Fakultetet har om lag 2780 studentar og 140 tilsette.


Det er 11 bachelorprogram og 4 masterprogram ved fakultetet. FØS har eit doktorgradsprogram i nautiske operasjonar som er ein fellesgrad med Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet (NTNU), Norges arktiske universitet (UiT) og Universitetet i Sør Øst-Norge (USN). FØS er også vertsfakultet for doktorgradsprogrammet Ansvarlig innovasjon og regional utvikling (RESINNREG) som går på tvers av fleire fakultet i HVL. FØS har det faglege og administrative ansvaret for programmet.

Institutt for økonomi og administrasjon ved HVL har om lag 1500 studentar og 100 tilsette. Instituttet er fordelt på tre campus: Bergen, Haugesund og Sogndal. Instituttet har seks bachelorprogram og to masterprogram.

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig ei fast (100%) stilling som førsteamanuensis/førstelektor i organisasjon og leiing ved Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap

Om stillinga:

Stillinga som førsteamanuensis/førstelektor i organisasjon og leiing er plassert ved Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap (FØS), Institutt for økonomi og administrasjon (IØA) og har arbeidsstad ved campus Sogndal. Stillinga er i hovudsak knytt til bachelroutdanninga i økonomi og administrasjon. Tilsetjing som høgskulelektor kan bli vurdert i særskilde tilfelle.

Institutt for økonomi og administrasjon ved HVL har eit stort fagmiljø og eit breitt studietilbod innanfor dei økonomisk administrative faga. Ved campus Sogndal tilbyr vi års- og bachelorstudium innanfor økonomi og administrasjon, økonomi og jus, eigedomsmekling og reiselivsleiing samt natur- og opplevingsbasert reiseliv. I tillegg tilbyr vi masterutdanning M.Sc./siviløkonom med spesialiseringa Marketing and Innovation.

Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap ved campus Sogndal har stor fagled breidde og er kjenneteikna av eit raust og samansett fagmiljø med høg kompetanse innan økonomiske, samfunnsvitskaplege og humanistiske fag. Utviklingsmoglegheitene innan forsking og utdanning er gode, og særleg styrkt av den tette koplinga til samfunns- og arbeidslivet kring campus og i regionen.

Ansvars- og arbeidsområde:

Oppgåver i stillinga er i hovudsak:

  • Undervisning, rettleiing, oppfølging og sensur av studentar innanfor aktuelt fagområde
  • Forskings- og utviklingsarbeid med relevans for stillinga sitt fagområde
  • Vidareutvikling av emne og studieplanar
  • Utvikling av nye relevante forskingsprosjekt og utarbeiding av søknadar om ekstern finansiering saman med kollegaer i fagmiljøet
  • Institusjonsbyggande oppgåver som studiekoordinering, emneansvar og utvikling av forskingsgruppene
  • Utvikling av fleksible utdanningstilbod retta mot regional arbeidsliv og livslang læring
  • Samarbeid om utdanning og forsking internt i FØS og i HVL, og med nasjonale og internasjonale samarbeidspartar

Kvalifikasjonar:

Kriteria for tilsetting i undervisnings- og forskarstilling går fram av Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger

Formell utdanning og kompetanse:

  • For tilsetjing som førsteamanuensis er det krav om norsk doktorgrad innanfor stillinga sitt fagområde eller tilsvarande utanlandsk doktorgrad godkjend som likeverdig med norsk doktorgrad
  • For tilsetjing som førstelektor må det dokumenterast omfattande forskings- og utviklingsarbeid innanfor stillinga sitt fagområde som i kvalitet og omfang tilsvarar ein doktorgrad
  • Tilsetjing som høgskulelektor kan i særskilde tilfelle vurderast. For tilsetjing som høgskulelektor er det krav om mastergrad eller tilsvarande innanfor stillinga sitt fagområde samt relevante forskingskvalifikajsonar utover mastergradsnivå og/eller relevant yrkespraksis
  • Utdanningsfagleg kompetanse er eit krav i stillinga
  • Undervisningsspråket er norsk og søkjarar må beherske norsk eller eit anna skandinavisk språk i tillegg til engelsk

Utdanningsfagleg kompetanse:

Ønska kvalifikasjonar:

  • Undervisingserfaring frå høgare utdanning på aktuelt fagområde
  • Erfaring frå søknadsarbeid knytt til ekstern finansiering
  • Interesse for og erfaring med bruk av studentaktive læringsformer
  • God og oppdatert kjennskap til fagområdet frå privat næringsliv, offentleg sektor eller frivillige organisasjonar

Personlege eigenskapar:

  • Sjølvstendig og ansvarleg
  • Fleksibel og tilpassingsdyktig
  • Positiv innstilling og gode evne til samarbeid
  • Gode formidlingsevner både skriftleg og munnleg
  • Evne til å engasjere og motivere studentar

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillinga” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjonen som ved søknadsfristen er lagt inn i www.jobbnorge.no. Det er søkjaren sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, irekna:

Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjaren sjølv laste opp attesterte omsetjingar i tillegg til orginalspråket. Om vedlegga er større enn 50 MB må dei komprimerast før opplasting, eller leggjast ved som lenkje.

Søkjarar med utenlandsk utdanning må i tillegg legge ved NOKUT si generelle vurdering om at utdanninga (mastergrad / PhD.) er likeverdig med tilsvarande utdanning frå Norge. Sjå www.nokut.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. Vi gjer merksam på at søknad om vurdering frå NOKUT kan ta tid og søknaden bør difor sendast så tidleg som mogleg. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har mottatt søknaden din. Opphalds- og arbeidsløyve i Norge er eit vilkår for å tiltre stillinga.

Søknadane blir sendt elektronisk til eit sakkunnig utval. På bakgrunn av utvalet si vurdering vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju og prøveundervisning. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spanande fagmiljø med moglegheiter for kompetanseheving- og utvikling
  • Moglegheit for trening i arbeidstida

Stillinga er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1011 - førsteamanuensis, 1198 - førstelektor, eller 1008 - høgskulelektor.

Frå løna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogelg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er av den grunn eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing, og å rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Arbeids- og opphaldsløyve i Norge er ein føresetnad for å tiltre stillinga.

Vi tek atterhald om at stillinga sin plass i organisasjonen kan bli endra som følgje av ev. justeringar i HVL si interne organisering.

Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet:

  • Assisterande instituttleiar Ingunn Skjelbreidalen, ingunn.skjelbreidalen@hvl.no / +47 57 67 63 42

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS