LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor i datateknologi

Søknadsfrist: 02.04.2023

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 årsverk og 17 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Fakultet for ingeniør- og naturvitskap har om lag 300 tilsette og om lag 3200 studentar. Fakultetet har eit breitt utdanningstilbod både på bachelor og masternivå innan ingeniør- og naturfag, samt PhD-utdanning innan datateknologi.

Mohnsenteret for innovasjon og regional utvikling forskar på innovasjon og tilbyr masterutdanning innan innovasjon og entreprenørskap. Dykkarutdanninga tilbyr eittårig fagskuleutdanning.

Hovuddelen av fakultetets verksemd er i Haugesund, Bergen, Sogndal, Førde og Stord.

Fakultetets verksemd er internasjonalt forankra og skjer i tett samarbeid med regionale bedrifter, klynger, helseføretak og offentleg sektor, inkludert andre institusjonar i universitets- og høgskulesektoren. Dette gjeld både forsking, utvikling, innovasjon og ikkje minst utdanning med studentprosjekt på alle nivå.

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig inntil 2 stillingar som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor i datateknologi ved Fakultet for ingeniør- og naturvitskap.

Om stillinga:

Institutt for datateknologi, elektroteknologi og realfag er på jakt etter ein høgt motivert kollega i stilling som førsteamanuensis, førstelektor eller høgskulelektor i datateknologi. Fagmiljøet ved ingeniørstudia ved campus Haugesund består i dag av rundt 20 tilsette innan datateknologi, automatisering, realfag og brann/sikkerhet. På forskningssida er fagmiljøet særleg sterke innan simulering og visualisering.

Instituttet er også i gang med utvikling av ein ny, tverrfagleg mastergrad i anvendt datateknologi og ingeniørfag som kan opne for moglegheiter til å rettleie studentar på høgare nivå.Til slutt har instituttet også eit veletablert PhD-program innan datateknologi, og det er fleire stipendiatar knytt til dette på campus Haugesund.

Arbeidsstad er campus Haugesund.

Ansvars- og arbeidsområde:

Stillingane er knytt til bachelorutdanninga i informasjonsteknologi i Haugesund, og er i utgangspunktet heile stillingar, men det kan også vere aktuelt å tilsette i mindre stillingsdel dersom ønskeleg.Arbeidsoppgåvene vil vere undervisning, rettleiing, vurdering og oppfølging av studentar innan datafagleg utdanning. Vidare er det forventa at den som blir tilsett deltek i forskning og utvikling innanfor relevante forskingsområde.Den som vert tilsett i stillinga må ha brei kompetanse innan datateknologi med vekt på programmering. Det vert også lagt vekt på forskingserfaring/-kompetanse og pedagogisk kompetanse.

Aktuelle kandidatar må kunne undervise kurs i grunnleggjande og vidaregåande objektorientert programmering.

Vidare må ho/han kunne undervise i eitt eller fleire av temaene:

  • Algoritmar
  • Databasar
  • Operativsystem
  • Nettverk og distribuerte applikasjonar
  • Programmering av mobile applikasjonar
  • Grafikkprogrammering
  • Spilldesign

Informasjonsteknologistudiet i Haugesund har eit godt samarbeid med næringsklynga for IKT i nærregionen, og per i dag er det eit fagmiljø rundt datateknologi, automatisering, brann, sikkerhet og maritim teknologi i Haugesund.

Den som vert tilsett må kunne bidra til å etablere eit fagleg miljø rundt forsking og utdanning innan simulering, visualisering og seriøse spill i Haugesund, og leggje til rette for samarbeidsprosjekt med næringslivet.

Kvalifikasjonar:

Kriteria for tilsetting i undervisnings- og forskarstilling går fram av Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger

Formell utdanning og kompetanse:

  • For stillinga er det krav om mastergrad i informatikk/datateknologi eller tilsvarande. For tilsetjing som førsteamanuensis er det krav om relevant doktorgrad. For tilsetjing som førstelektor er det krav om dokumentert relevant kompetanse på nivå med doktorgrad.
  • Aktuelle kandidatar må ha brei erfaring med objektorientert programmering i Java eller beslekta programmeringsspråk, samt erfaring med eitt eller fleire av fagområda nemnt over.
  • Kandidaten bør også ha erfaring med forsking som er relevant for fagfeltet. Det vert lagt vekt på at forskingsprofilen passar inn med fagmiljøet sine eksisterande forskingsområde.
  • I tillegg vert det lagt vekt på pedagogisk utdanning eller erfaring frå undervisning eller kursverksemd. Søkarar som ikkje kan dokumentere pedagogisk kompetanse ved tilsetting er forplikta til å gjennomføre høgskulen sitt kurs i høgskulepedagogikk eller tilsvarande etter nærare avtale.
  • I tillegg til formell kompetanse og relevant arbeids- og undervisningserfaring vil kjennskap til næringslivet i Haugalandsregionen og evne til å arbeide sjølvstendig verte lagt vekt på.
  • Undervisningsspråket er norsk, og det er ein føresetnad at den som vert tilsett kan undervise på norsk, eller eit anna skandinavisk språk.
  • Aktuelle kandidatar kan verte bedne om å presentere eit undervisningsopplegg i tillegg til intervju.

Personlege eigenskapar:

Vi søkjer etter ein engasjert medarbeidar som er sjølvstendig, har innsatsvilje og gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.

Utdanningsfagleg kompetanse:Søkjarar som ved tilsetting ikkje fyller krava, må fylle dei innan to år. HVL tilbyr kurs i høgskolepedagogikk.For stilling som førsteamanuensis skal utdanningsfagleg kompetanse dokumenterast med ei pedagogisk mappe og ein pedagogisk CV i tråd med kriteriar for utdanningsfagleg basiskompetanse ved tilsetting og opprykk i førsteamanuensis- og professorstilling ved HVL .

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillinga” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjonen som ved søknadsfristen er lagt inn i www.jobbnorge.no. Det er søkjaren sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, irekna:

Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjaren sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Om vedlegga er større enn 50 MB må dei komprimerast før opplasting, eller leggjast ved som lenkje.

Søkjarar med utenlandsk utdanning må i tillegg legge ved NOKUT si generelle vurdering om at utdanninga (Master / PhD.) er likeverdig med tilsvarande utdanning frå Norge.

Sjå www.nokut.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. Vi gjer merksam på at søknad om vurdering frå NOKUT kan ta tid og søknaden bør sendast så tidleg som mogleg når du veit du vil søkje stipendiatstillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har mottatt søknaden din. Opphalds- og arbeidsløyve i Norge er eit vilkår for å tiltre stillinga.

Søknadane blir sendt elektronisk til eit sakkunnig utval. På bakgrunn av utvalet si vurdering vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju og prøveundervisning. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spanande fagmiljø med moglegheiter for kompetanseheving- og utvikling
  • Moglegheit for trening i arbeidstida

Stillinga somførsteamaniensis/ førstelektor/ høgskulelektor er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1011 - førsteamanuensis/ 1198 - førstelektor/ 1008 - høgskulelektor

Frå løna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogelg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er av den grunn eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing, og å rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet:

  • Assisterande instituttleiar Haugesund, Harald Spångberg, Epost: harald.spangberg@hvl.no
  • Assisterande instituttleiar datateknologi, Pål Ellingsen, E-post: pal.ellingsen@hvl.no

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS