Assisterande instituttleiar ved Institutt for datateknologi, elektroteknologi og realfag
Søknadsfrist: 30.11.2025
Publisert
Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 årsverk og 17 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.
HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Fakultet for teknologi, miljø- og samfunnsvitskap har om lag 370 tilsette og om lag 3260 studentar. Fakultetet har eit breitt utdanningstilbod både på bachelor og masternivå innan ingeniør- og naturfag, samt PhD-utdanning innan datateknologi. Dykkarutdanninga tilbyr eittårig fagskuleutdanning.
Hovuddelen av fakultetets verksemd er i Haugesund, Bergen, Sogndal og Førde, men vi tilbyr også utdanning på Stord.
Fakultetets verksemd er internasjonalt forankra og skjer i tett samarbeid med regionale bedrifter, klynger, helseføretak og offentleg sektor, inkludert andre institusjonar i universitets- og høgskulesektoren. Dette gjeld både forsking, utvikling, innovasjon og ikkje minst utdanning med studentprosjekt på alle nivå.
Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for teknologi, miljø- og samfunnsvitskap har ledig stilling som assisterande instituttleiar ved Institutt for datateknologi, elektroteknologi og realfag
Om stillinga:
Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for teknologi, miljø- og samfunnsvitskap har ledig åremålsstilling som assisterande instituttleiar ved Institutt for datateknologi, elektroteknologi og realfag for perioden 01.02.2026 - 31.01.2030.
Instituttet har om lag 950 studentar og 140 tilsette i Bergen, Førde og Haugesund. Instituttet har ansvar for bachelor- og masterutdanningar innan innan elektroteknologi og datateknologi fordelt over tre ulike campus. Instituttet har også ansvar for undervisning i matematikk, fysikk og statistikk på ingeniørutdanningane ved fakultetet, samt forkurs til ingeniørutdanningane. I tillegg har instituttet ansvar for doktorgradsprogram i datateknologi.
Som assisterande instituttleiar vil du saman med resten av leiarteamet få moglegheit å vere med og forme og utvikle retninga til instituttet og fakultetet. Du vil inngå i og leie fagmiljø som er i godt driv. Det er òg moglegheiter for kompetanseheving og -utvikling.
Det vil inngå noko koordinering av oppgåver mellom campus, og det må påreknast ein del reiseverksemd mellom campusane.
Assisterande instituttleiar er del av instituttet si leiargruppe og har medansvar for utvikling av instituttet i samsvar med høgskulen sin strategi, målsetjingar og verdigrunnlag. Assisterande instituttleiar rapporterer til instituttleiar.
Det er for tida i tillegg fire andre assisterande instituttleiarar ved instituttet med ansvarsområde innan 1) datateknologi campus Bergen, 2) elektroteknologi campus Bergen, 3) realfag campus Bergen og 4) leiing av instituttet på campus Førde.
Arbeidsstad vil vere campus Haugesund.
Ansvars- og arbeidsoppgåver:
Legge til rette for eit godt arbeidsmiljø ved instituttet
Ivareta personal- og HMS-ansvar for ein del av instituttet sine tilsette
Ansvar for å lage arbeidsplanar og delta aktivt i personalplanlegging og ressursutnytting
Særleg ansvar for fagleg kvalitet i utdanning og forsking innanfor instituttet sine fagområde
Bidra med å tilpasse instituttet sine fagområde til samfunnets behov og utvikle utdanningstilbod på bachelor og masternivå, og innan etter- og vidareutdanning
Arbeide for godt læringsmiljø for studentane på instituttet
Arbeide for internasjonalisering i utdanning og forsking
Medverke til god rekruttering av studentar og tilsette
Bidra til godt samarbeid på tvers av campus og på tvers av institutt
Bidra til å vidareutvikle relasjonane til instituttet sine samarbeidspartnarar
Ha ansvar å halde økonomiske rammer, og sikre formålstenleg bruk av instituttet sine ressursar
Kvalifikasjonskrav:
Relevant høgare utdanning og høg vitskapleg kompetanse, helst på førstestillingsnivå
Dokumentert kompetanse og erfaring innafor instituttet sitt fag- og forskingsområde
Leiarerfaring, dokumenterte resultat frå fagleg leiarstilling og resultat frå strategi og endringsarbeid blir vektlagt. Dette kan inkludere studieprogramansvar, forskingsgruppeleiing, prosjektleiing og anna
Generelle kompetansekrav:
God forståing for høgskulen sitt samfunnsoppdrag
God forståing for verdien av kontinuerleg arbeid med likestilling og mangfald i utdanningane og i rekrutteringa av studentar og tilsette
God pedagogisk kompetanse
Erfaring frå og/eller solid kjennskap om universitets- og høgskulesektoren
Erfaring frå og kjennskap til dei profesjonar og praksisfelt som fagmiljøet femnar om er ein føremon
Erfaring med å utvikle og vedlikehalde relasjonar til ulike aktørar regionalt, nasjonalt og internasjonalt
God forståing for moglegheiter i digitale løysingar
God munnleg og skriftleg framstillingsevne i norsk og engelsk
Personlege eigenskapar:
Gode leiareigenskapar og ein motiverande og inkluderande leiarstil med vekt på samarbeid og medverknad
Evne til strategisk heilskapleg perspektiv
Gode evner til kommunikasjon, samhandling og til å bygge tillit og relasjonar internt og eksternt
Gjennomføringsevne og resultatorientering
Løysings - og utviklingsorientering
Stort engasjement for å nå høgskulen og fakultetet sine ambisjonar
Vi tilbyr:
Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
Høve for trening i arbeidstida
Stillinga som assisterande instituttleiar er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1473 - studieleiar
Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Korleis søke på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.
Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.
HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vera tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her.
Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søkje på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din.
Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.
Generell informasjon:
Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.
Arbeids- og opphaldsløyve i Norge er ein føresetnad for å tiltre stillinga.
Høgskulen på Vestlandet er underlagt eksportkontrollforskriften. Forskrifta kan komme til anvending i behandlinga av søknadane.
Vi tek atterhald om at stillinga si plassering i organisasjonen kan bli endra som følgje av ev. justeringar i HVL si interne organisering.