Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Forskar (NORMENT)

Søknadsfrist: 27.03.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Forskar (NORMENT)

Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 2, er det ledig ei fast stilling som forskar (100 %). Stillinga er ekstern finansiert, og er for tida knytt til UiB-delen av NORMENT Senter for framifrå forsking. Prosjektet har ei førebels finansiering i 3 (tre) år.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

  • Prosjektet inngår i ei forskingsgruppe som studerer genetiske og biologiske tilhøve ved dei alvorlege psykiatriske sjukdommane schizofreni og bipolar liding, for å kartlegge korleis dei påverkar utviklinga og forløpet, saman med miljøfaktorar og ulike typar behandling.
  • Den som blir tilsett vil få ansvar for eit delprosjekt om immunendringar i perifert blod hos pasientar med schizofreni og bipolar liding, med fokus på innat immunitet og kvite blodkroppar. Det vil bli nytta blodprøver og anna biologisk materiale frå pasientar og friske kontrollpersoner, samt relevante modellar slik som dyrka celler og dyr (m.a. rotter) ved behov.
  • Arbeidsoppgåvene vil inkludere prosjektleiing, planlegging, rettleiing av teknisk personale og studentar, og gjennomføring av laboratorieforsøk, inkludert etablering av nye analytiske metodar. Det er også ønskeleg at den som blir tilsett er med på å vidareutvikle delprosjektet og søkje om nye forskingsmidlar.
  • Dei planane som allereie er lagt for delprosjektet inneber arbeid med mange ulike metodar, slik som celledyrking, cellesortering med flowcytometri og markørar, analyse av protein (ELISA, Western, IH), qPCR, RNA seq, og single cell seq.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • søkjar må ha relevant norsk ph.d.-grad eller tilsvarande doktorgrad
  • søkjar må ha brei, relevant erfaring med laboratoriearbeid, slik som celledyrking (cellelinjer og primære celler), cellesortering og immunfenotyping med flowcytometri og markørar, funksjonelle celleassay (m.a. proliferasjon og apoptose), analyse av protein i celler og serum (ELISA, Western, IH), qPCR, RNA seq, og single cell seq.
  • det er ein stor føremon om søkjaren har vitskaplege kvalifikasjonar i biologisk psykoseforsking generelt, særleg innanfor immunologiske problemstillingar.
  • det er ønskjeleg at vedkomande kan dokumentere erfaring med rettleiing av studentar og utarbeiding av prosjektsøknadar
  • evne til sjølvstendig initiativ og evne til samarbeid blir også vektlagt i vurderinga av søkjarane
  • kandidaten må ha høg arbeidskapasitet og entusiasme for forsking
  • søkjar må vere særs god i munnleg og skriftleg engelsk, og det er ønskeleg at den som blir tilsett også er god i munnleg og skriftleg norsk.
  • det er ein føremon om kandidaten har erfaring frå internasjonalt samarbeid

Vi kan tilby:

  • eit godt og utfordrande arbeidsmiljø i forskingsfronten innanfor biologiske årsaksfaktorar ved schizofreni og bipolar liding
  • løn etter lønssteg 59 - 62 (kode 1109/lønsramme 24.3 – 24.6) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing, for tida 523 800 – 552 800 kr brutto pr. år for ei fulltidsstilling, vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • eit søknadsbrev der du skriv om din motivasjon, kvifor du søkjer stillinga og kvifor du passer til denne
  • ei oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV)
  • attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar (Søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar)
  • publikasjonar, vitskaplege/faglege arbeid du ønskjer at det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 10 i pfd) og ei liste over desse
  • doktorgradsavhandlinga (pdf)
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som pdf vedlegg til søknaden.

Følgande premiss er lagt til grunn for stillinga som forskar:

  • forskaren skal vere medlem i forskingsgruppa som fagfeltet høyrer inn under
  • lønsutgiftene skal om mogleg vere 100 % eksternt finansiert
  • forskaren skal aktivt bidra med å innhente eksterne prosjektmidlar til fagmiljøet, til både seg sjølv og andre, frå NFR, EU og andre kjelder
  • det er forventa at forskaren har sin forskingsaktivitet finansiert av prosjekta forskaren og forskingsgruppa rundt forskaren arbeider med
  • instituttleiar kan pålegge forskaren arbeid inn mot bestemte forskingsprosjekt
  • forskaren kan inneha verv, delta i komitear, utval m.m. innan UiB
  • forskaren har ikkje undervisningsplikt, men forventas å rettleie master- og ph.d.-studentar i den grad dette inngår som ein naturleg del av forskingsaktiviteten i forskingsgruppa
  • forskaren kan søkje kompetanseopprykk etter reglementet for opprykk
  • grunnlaget for stillinga opphøyrer dersom prosjektfinansieringa opphøyrer, og ny lov om statens ansatte mv. om oppseiing og fortrinnsrett vil gjerast gjeldande for fast tilsette

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS