LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Forskar (mellombels) ved Senter for framifrå forsking - Centre for Cancer Biomarkers

Søknadsfrist: 24.11.2022

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Forskar (mellombels) ved Senter for framifrå forsking, Centre for Cancer Biomarkers, Klinisk institutt 1

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Forskar (mellombels)

Ved Det medisinske fakultet, Senter for framifrå forsking, (SFF), Centre for Cancer Biomarkers (CCBIO), Klinisk Institutt 1, er det ledig ei mellombels stilling som forskar 1109 (100 %) frå og med 11. januar 2023 til og med 30. juni 2024.

Stillinga er knytt til prosjektet “Proteomics in breast cancer: Biomarkers for hypoxia-related tumor progression”, finansiert av ei løyving frå CCBIO sin finansiering frå Norges forskningsråd (NFR). Finansieringa har utløp 30. juni 2024.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

  • Forskaren vil vere del av CCBIO sitt Program 2 gjennom prosjektet “Proteomics in breast cancer: Biomarkers for hypoxia-related tumor progression”
  • Målet for stillinga er å fortsette prosjektet på mest mogleg effektive måte utan forseinkingar grunna opplæring innan metodar eller behov for å setje seg inn i prosjektet
  • Prosjektet sikter mot å identifisere nye biomarkørar som reflekterer svulstars mikromiljø og dets kompleksitet, interaksjonen mellom kreft-celler og dei omkringliggjande cellene og mikromiljøet si rolle innan utviklinga av sjukdommen
  • Prosjektet er fokusert på tumor-progresjon, hypoxi, og profilering av proteom innan brystkreft.
  • Stillinga vil fokusere på proteomikk-profilering og data-analyse av proteomikk-data. Forskaren skal utføre analyser av korleis hypoxi påverkar tumor-progresjon og skilnader mellom subtypar av brystkreft

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjar må ha relevant norsk ph.d.-grad eller tilsvarande doktorgrad innan brystkreft mikromiljø og hypoxi-respons
  • Søkjarar må ha sterk bakgrunn innan cellebiologi, molekylærbiologi eller liknande felt
  • Erfaring med cellelinjer, eksperiment med cellekulturar og cellesekretom-analyse er eit krav
  • Erfaring med massespektroskopi-basert protemoikk-analyse er eit krav
  • Erfaring med bioinformatikk og data-analyse, inkludert data-analyse av proteomikk-data og nettverk biologi-analyse, er eit krav
  • Erfaring med hypoxieksponerings-eksperiment innan cellekultur er å føretrekke
  • Erfaring med statistisk analyse av pasient-data og overlevelses-analyse er å føretrekke
  • Erfaring med protein-analyse, slik som western blot og ensum-relatert immonosorbente assays er ønskjeleg
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar
  • Det vil verte lagt vekt på personlege eigenskapar. Søkjarar med dokumentert evne til å arbeide sjølvstendig, samarbeide godt, høg grad av motivasjon og ansvarskjensle, og som har høg arbeidskapasitet og entusiasme for forsking, vil verte føretrekte

Vi kan tilby:

  • Eit godt og utfordrande arbeidsmiljø i forskingsfronten innan biomarkørar for brystkreft
  • Løn for tida 593 500 (kode 1109, lønssteg 64) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. For søkjarar med spesialitet (kode 1109, lønssteg 66) for tida 615 000 kr brutto pr. år for ei fulltidsstilling
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Eit søknadsbrev der du skriv om din motivasjon, kvifor du søkjer stillinga og kvifor du passer til denne
  • Ei oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV)
  • attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar (Søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar)
  • Publikasjonar, vitskaplege/faglege arbeid du ønskjer at det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 10 i PDF-format) og ei liste over desse
  • Doktorgradsavhandlinga (i PDF-format)
  • To referansar (namn og kontaktinformasjon)

Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg i PDF-format til søknaden.

Følgande premiss er lagt til grunn for stillinga som forskar:

  • Forskaren skal vere medlem i forskingsgruppa som fagfeltet høyrer inn under
  • Lønsutgiftene skal om mogleg vere 100 % eksternt finansiert
  • Forskaren skal aktivt bidra med å innhente eksterne prosjektmidlar til fagmiljøet, til
  • både seg sjølv og andre, frå NFR, EU og andre kjelder
  • Det er forventa at forskaren har sin forskingsaktivitet finansiert av prosjekta forskaren og forskingsgruppa rundt forskaren arbeider med
  • Instituttleiar kan pålegge forskaren arbeid inn mot bestemte forskingsprosjekt
  • Forskaren kan inneha verv, delta i komitear, utval m.m. innan Universitetet i Bergen
  • Forskaren har ikkje undervisningsplikt, men forventast å rettleie master- og ph.d.-
  • studentar i den grad dette inngår som ein naturleg del av forskingsaktiviteten i
  • forskingsgruppa
  • Forskaren kan søkje kompetanseopprykk etter reglementet for opprykk
  • Grunnlaget for stillinga opphøyrer dersom prosjektfinansieringa opphøyrer, og ny lov om statens ansatte mv. om oppseiing og fortrinnsrett vil gjerast gjeldande for fast tilsette

Generell informasjon:

Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS