LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Forskar (mellombels) ved Klinisk institutt 2

Søknadsfrist: 06.05.2024

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Forskar ved Klinisk Institutt

Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 2, er det ledig ei mellombels stilling som forskar (20 %) i ett år.

Stillinga er ekstern finansiert, og er for tida knytt til prosjektet “System dynamics approach Using Chemical Compounds to Elucidate the Structure of Polycystic Ovarian Syndrome (SUCCESS)”, finansiert av Novo Nordisk Foundation.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

  • Reprogrammering av pasientfibroblaster til induserte pluripotente stamceller (iPSCs)
  • Målretta differensiering av iPSCs mot endokrine cellelinjer og organoider
  • Genredigering og karakterisering av iPSC-baserte modellar med ulike teknikkar
  • Deltaking i innhenting av klinisk informasjon og biobankmateriell

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjar må ha relevant norsk ph.d.-grad eller tilsvarande doktorgrad
  • Forskaren må ha vitskaplege kvalifikasjonar innan stamceller, dyrking av inducerte pluripotente stamceller (iPSCs), og eit breitt spekter av celle- og molekylærbiologiske teknikkar. Dette inkluderer kompetanse innan flow cytometri, immunfarging, og omics-studiar (inkludert dataanalyse).
  • Erfaring frå forsking på metabolske prosessar vil og bli tillagt stor vekt
  • Søkjar må ha erfaring med rettleiing, undervisning og utarbeiding av prosjektsøknadar
  • Evne til sjølvstendig initiativ og evne til samarbeid vert vektlagt i vurdering av søkjarane
  • Den ideelle kandidaten publiserer på høgt internasjonalt nivå, kan referera til søknader og tilskot frå nasjonale og internasjonale finansieringskjelder til forskning og utdanningsarbeid
  • Kandidaten må ha høg arbeidskapasitet og entusiasme for forsking
  • Søkjar må vere særs god i munnleg og skriftleg engelsk

Vi kan tilby:

  • Eit godt og utfordrande arbeidsmiljø i forskingsfronten innan stamceller og organoidar
  • Løn for tida kr 624 500 (kode 1109, lønssteg 64) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. For søkjarar med spesialitet er løn for tida kr 646 000 (kode 1109, lønssteg 66), brutto pr. år for ei fulltidsstilling. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Eit søknadsbrev der du skriv om din motivasjon, kvifor du søkjer stillinga og kvifor du passer til denne
  • Ei oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV)
  • Attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar (Søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar)
  • Publikasjonar, vitskaplege/faglege arbeid du ønskjer at det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 10 i PDF-format) og ei liste over desse
  • Doktorgradsavhandlinga (i PDF-format)
  • To referansar (namn og kontaktinformasjon)

Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som pdf vedlegg til søknaden

Følgande premiss er lagt til grunn for stillinga som forskar:

  • Forskaren skal vere medlem i forskingsgruppa som fagfeltet høyrer inn under
  • lønsutgiftene skal om mogleg vere 100 % eksternt finansiert
  • Forskaren skal aktivt bidra med å innhente eksterne prosjektmidlar til fagmiljøet, til både seg sjølv og andre, frå NFR, EU og andre kjelder
  • Det er forventa at forskaren har sin forskingsaktivitet finansiert av prosjekta forskaren og forskingsgruppa rundt forskaren arbeider med
  • Instituttleiar kan pålegge forskaren arbeid inn mot bestemte forskingsprosjekt
  • Forskaren kan inneha verv, delta i komitear, utval m.m. innan UiB
  • Forskaren har ikkje undervisningsplikt, men forventas å rettleie master- og ph.d.- studentar i den grad dette inngår som ein naturleg del av forskingsaktiviteten i forskingsgruppa
  • Forskaren kan søkje kompetanseopprykk etter reglementet for opprykk
  • Grunnlaget for stillinga opphøyrer dersom prosjektfinansieringa opphøyrer, og ny lov om statens ansatte mv. om oppseiing og fortrinnsrett vil gjerast gjeldande for fast tilsette

Generell informasjon:

Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS