Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Forskar (mellombels) - Klinisk institutt 2

Søknadsfrist: 02.08.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Forskar (mellombels)

Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 2, er det ledig ei mellombels stilling (100 %) som forskar utan doktorgrad i eitt (1) år, med mogleg forlenging inntil 1 år.

Stillinga er knytt til prosjektet “CARBCOUNT”, finansiert av Kostfonden, Sverige. Dette er ein multisenter kostintervensjon som koordinerast via UiB. Forskaren vil fungere som praktisk koordinator av studien ved dei ulike sentra (Bergen, Stockholm, København, Munchen og Glasgow), og av gjennomføringa ved senteret ved UiB.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

  • Utarbeide prosjektprotokoll og detaljerte laboratorieprotokollar for kostintervensjonsstudie i samråd med prosjektleiar
  • Utarbeide oppskriftshefter, opplæringsmateriell og anna informasjon for å støtte opp om kostendring, inkludert e-læringskurs og webside
  • Utarbeide prosjektsøknad til etisk komité
  • Tilrettelegge for gjennomføring av studien, herunder skaffe naudsynt utstyr/materiell og sette opp (digitale) system for prøve- og datainnsamling, datalagring og kommunikasjon med prosjektdeltakarar
  • Bidra til samkøyring av prosjekt gjennom kommunikasjon med samarbeidspartnarane i utlandet
  • Bidra til gjennomføring av studien ved Universitetet i Bergen
  • Plotte, systematisere og klargjere data til analyse

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • må ha norsk mastergrad i klinisk ernæring eller tilsvarande kompetanse
  • må snakke og skrive flytande norsk
  • må beherske engelsk på høgt nivå, munnleg og skriftleg
  • må ha erfaring med gjennomføring av kostintervensjonsstudie og biobanking, inkludert bruk av EasyTrial og LabVantage (eller tilsvarande verkty), og innsikt i infrastruktur og organisatoriske strategiar for multisenterstudiar
  • må ha erfaring med livsstilsrettleiing
  • må ha oppdatert kurs (siste 2 år) i Good Clinical Practice (GCP)
  • bør ha kunnskap om kroppssamansetning og relaterte analysemetodar
  • bør ha erfaring med analyse av biokjemiske og molekylærbiologiske data
  • bør ha erfaring med programvare for utforming av profesjonelt opplæringsmateriell, e-læringskurs o.l.
  • bør ha erfaring med å opprette, vedlikehalde og oppdatere webside
  • erfaring frå relevant forskingsprosjekt i utlandet er ein føremon
  • søkjar må ha omfattande teoretiske kunnskapar om ernæring, fedme og type 2 diabetes
  • det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar. Søkjar må ha stor arbeidskapasitet, entusiasme for forsking, vitskapleg kreativitet, vere ansvarsmedviten, ha gode kommunikasjonsevner og arbeide organisert og strukturert
  • søkjar må dokumentere evne til å jobbe sjølvstendig så vel som å kunne samarbeide godt med andre

Vi kan tilby:

  • eit godt og utfordrande arbeidsmiljø i forskingsfronten innan klinisk ernæring
  • løn frå lønssteg 49-61 etter tenesteansiennitet (kode 1108/lønsramme 25.3) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing, for tida kr 442 300 - 542 400 brutto pr. år for ei fulltidsstilling, vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • CV
  • vitnemål og relevante attestar (søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar)
  • eventuelle publikasjonar, vitskaplege/faglege arbeid du ønskjer at det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 10) og ei liste over desse
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Simon Dankel, e-post: simon.dankel@uib.no, tlf.: 94308637

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS