Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Forskar (mellombels) - Klinisk Institutt 2

Søknadsfrist: 09.06.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Forskar (mellombels)

Ved Det medisinske fakultet, Klinisk Institutt 2, er det ledig ei mellombels 50 % stilling som forskar (utan doktorgrad) frå 01.09.2020 til 30.04.2021.

Stillinga er knytt til prosjektet “PERMIT – Personalised Medicine Trials”, finansiert av EU.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

  • Målet med prosjektet er å kartlegge prekliniske metodar i utvikling av persontilpassa medisin, og utvikle nye retningsliner for preklinisk validering før kliniske forsøk i persontilpassa medisin.
  • Prosjektet vil omhandle prekliniske metodar innan onkologi.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning innanfor veterinær onkologi.
  • Søkjar må ha erfaring med forsøksdyr, og ha gjennomført relevante kurs i forsøksdyrlære.
  • Søkjar må ha omfattande teoretiske kunnskapar om og erfaring med molekylære og morfologiske metodar innan kreftforsking, som optisk bildebehandling, flowcytometri, immunohistiokjemi og arbeid med cellekulturar.
  • Søkjar må beherske norsk og engelsk på høgt nivå, munnleg og skriftleg.
  • Søkjar må ha erfaring med systematiske oversikter, og beherske vitskaplege skriftspråk.
  • Søkjar må dokumentere evne til å jobbe sjølvstendig, vitskapleg kreativitet, og kunne samarbeide med andre
  • Søkjar må ha stor arbeidskapasitet, entusiasme for forsking og vere ansvarsmedviten.
  • Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar.

Vi kan tilby:

  • Eit godt og utfordrande arbeidsmiljø i forskingsfronten innan onkologi
  • Løn frå lønssteg 49-61 etter tenesteansiennitet (kode 1108/lønsramme 25.3) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing, for tida kr 442 300 - 542 400 brutto pr. år for ei fulltidsstilling, vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • CV
  • vitnemål og relevante attestar (søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar)
  • eventuelle publikasjonar, vitskaplege/faglege arbeid du ønskjer at det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 10) og ei liste over desse
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS