LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Forskar (koordinator) - Klinisk institutt 1

Søknadsfrist: 14.04.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Forskar

Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 1, er det ledig ei fast stilling som forskar (koordinator) (100 %). Stillinga er eksternt finansiert og er for tida knytt til prosjektet Mohn ernæringsforskingslaboratorium finansiert av Bergen forskningsstiftelse. Prosjektet har ei førebels finansiering i fortsett 2,5 år.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Mohn ernæringsforskingslaboratorium blei oppretta i 2018. Målet med prosjektet er å gjennomføre ernæringsrelatert forsking av høg internasjonal standard med fokus på mekanismar, diagnostikk, komorbiditet, og også førebygging og behandling av både fedme og underernæring. Epidemiologiske, kliniske og molekylære forskingsmetodar vil verte brukt. Mohn ernæringsforskingslaboratorium er knytt til Senter for ernæring ved Klinisk institutt 1.

  • koordinering av ulike aktivitetar ved Mohn ernæringsforskingslaboratorium i nært samarbeid med leiar, professor Jutta Dierkes, og leiarar for den molekylære og epidemiologiske arbeidspakkar
  • organisering av møter i styringsgruppa, rapportskriving, organisering av vitskapelege møter, oversikt over budsjett og allmenn kommunikasjon. Her vil vedkommande få støtte frå fagtilsette ved Universitetet i Bergen
  • forskingsoppgåver vil verte knytt til den kliniske arbeidspakken. Det er forventa at kandidaten har erfaring frå kliniske studiar innan ernæring, og det er ønskjeleg med erfaring innan underernæring og aldring
  • planlegge og gjennomføre kliniske studiar sjølvstendig, inkludert skriving av protokoll, utarbeiding av REK-søknadar og arbeid med rekruttering av deltakarar/pasientar og innsamling av data

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • søkjar må ha norsk ph.d.-grad i ernæring eller tilsvarande doktorgrad
  • søkjar må ha erfaring med planlegging og gjennomføring av kliniske studiar i ernæring
  • forskarar som har erfaring som klinisk ernæringsfysiolog (autorisasjon som helsepersonell) er invitert til å søkje
  • det er ønskjeleg at vedkomande har erfaring med rettleiing, undervisning, skriving av manuskript og utarbeiding av prosjektsøknadar
  • personlege eigenskapar som evne til sjølvstendig initiativ og samarbeid vert vektlagt i vurdering av søkjarane
  • kandidaten må vere motivert og ansvarsmedviten, og ha høg arbeidskapasitet og entusiasme for forsking
  • søkjar må vere særs god i munnleg og skriftleg engelsk og norsk.
  • det er ein føremon om kandidaten har erfaring frå internasjonalt samarbeid

Vi kan tilby:

eit godt og utfordrande arbeidsmiljø i forskingsfronten innan ernæring

løn etter lønssteg 64 (kode 1109/lønsramme 24.8) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing, for tida 575 600. For søkjarar med spesialitet lønssteg 66 (lønsramme 24.10), for tida 597 000 kr brutto pr. år for ei fulltidsstilling. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga.

Medlemsskap i Statens pensjonskasse

Søknaden skal innehalde:

  • eit søknadsbrev der du skriv om din motivasjon, kvifor du søkjer stillinga og kvifor du passer til denne
  • ei oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV)
  • attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar (Søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar)
  • publikasjonar, vitskaplege/faglege arbeid du ønskjer at det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 10 i PDF) og ei liste over desse
  • doktorgradsavhandlinga (PDF)
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som pdf vedlegg til søknaden.

Følgande premiss er lagt til grunn for stillinga som forskar:

  • forskaren skal vere medlem i forskingsgruppa som fagfeltet høyrer inn under
  • lønsutgiftene skal om mogleg vere 100 % eksternt finansiert
  • forskaren skal aktivt bidra med å innhente eksterne prosjektmidlar til fagmiljøet, til
  • både seg sjølv og andre, frå NFR, EU og andre kjelder
  • det er forventa at forskaren har sin forskingsaktivitet finansiert av prosjekta forskaren og forskingsgruppa rundt forskaren arbeider med
  • instituttleiar kan pålegge forskaren arbeid inn mot bestemte forskingsprosjekt
  • forskaren kan inneha verv, delta i komitear, utval m.m. innan Universitetet i Bergen
  • forskaren har ikkje undervisningsplikt, men forventast å rettleie master- og ph.d.-
  • studentar i den grad dette inngår som ein naturleg del av forskingsaktiviteten i
  • forskingsgruppa
  • forskaren kan søkje kompetanseopprykk etter reglementet for opprykk
  • grunnlaget for stillinga opphøyrer dersom prosjektfinansieringa opphøyrer, og ny lov om statens ansatte mv. om oppseiing og fortrinnsrett vil gjerast gjeldande for fast tilsette

Generell informasjon:

Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS