LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Forskar innan prosjektkoordinering, informasjonsteknologi og forsking

Søknadsfrist: 10.04.2023

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Forskar innan prosjektkoordinering, informasjonsteknologi og forsking

Ved Institutt for geovitskap (www.uib.no/geo) er det ledig ei stilling som forskar innan prosjektkoordinering, informasjonsteknologi og forsking.

Stillinga er finansiert av eksterne middel. Dei første tre åra er stillinga finansiert av prosjektet Geo-INQUIRE (Geosphere INfrastructures for QUestions into Integrated Research) i EC-HORIZON-INFRA-2021-programmet. Prosjektet vil gjere tilgjengeleg og forbetre tilgangen til viktige data, produkt og tenester levert av geovitskaplege miljø tilknytt prosjektet (https://www.geo-inquire.eu). Den som blir tilsett må kunne starte i stillinga seinast innan 1. oktober 2023.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Geo-INQUIRE har som mål å overvinne barrierar på tvers av ulike domene, spesielt knytt til land-sjø og atmosfæremiljøa. Det vil bli brukt innovative datahandterings-, modellerings- og simuleringsmetodar, utvikling i AI og big-data, og utviding av eksisterande datainfrastrukturar for å formidle desse ressursane til større delar av det geovitskaplege fellesskapet, inkludert EOSC-miljøet. Geo-INQUIRE dreg nytte av eit unikt partnarskap av 51 partnarar beståande av store nasjonale forskingsinstitutt, universitet, nasjonale geologiske undersøkingar og europeiske konsortium. Geo-INQUIRE vil utvide og lage interoperative aktivitetar til dei involverte partnarane, og gjennomføre dedikerte opplæringsprogram for optimal bruk. Ein portefølje på over 150 Virtual Access (VA) og Transnational Access (TA, både virtuelle og on-site) installasjonar vil bli tilbode det vitskaplege fellesskapet. Medan mange slike ressursar allereie er tilgjengeleg på eit høgt nivå, vil Geo-INQUIRE sikre at dei ikkje berre når det høgste nivået av vitskapleg ekspertise gjennom målretta tiltak for tilgjengelegheit, kvalitet, romleg og tidsmessig opplysing, men også at dei følgjer FAIR-prinsipp, vedtar riktige standardar og opne lisensar, og tar sikte på tverrfagleg interoperabilitet.

Institutt for geovitskap er i dette prosjektet ansvarleg for å koordinere arbeid knytt til identifisering, harmonisering og standardisering av nye ressursar (data, dataprodukt, programvare og tenester - DDSS), og for koordinering av integrering av nye ressursar i eksisterande forskingsinfrastrukturar som deltek i prosjektet.

Forskaren vil være lokalisert ved Institutt for geovitskap og vil arbeide tett med andre prosjektpartnarar i Europa. Hyppig interaksjon med IT-utviklarar og dei andre prosjektpartnarane i Europa vert forventa både gjennom videokonferansar og gjennom reiser av kortare varigheit. Tverrfagleg forsking basert på bruk av data frå dette prosjektet og relaterte infrastrukturar er tenkt for å demonstrere nytta e-infrastrukturen har for vitskapen.

Arbeidsoppgåver:

  • Integrering av ulike typar data, data produkt, tenester og programvare i ein metadata struktur designet for forskingsinfrastrukturar.
  • Koordinering og styring av oppgåver i Geo-INQUIRE-prosjektet som hovudsakleg vil fokusere på identifisering, harmonisering og standardisering av nye datasett levert av prosjektpartnarane.
  • Forsking fokusert på geovitskap ved å bruke interoperative e-infrastrukturar for forsking.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd ph.d.–grad eller tilsvarande utdanning i geovitskap, alternativt kan ein søkjar ha ein doktorgrad i informatikk / informasjonsteknologi med erfaring i IT-applikasjonar i geovitskap.
  • Evne til å hente inn eksterne forskingsmiddel må dokumenterast.
  • Ei god forståing av metadatastrukturar og datahandtering er ein føremon.
  • Erfaring med koordinering av store prosjekt eller EU-prosjekt er ein føremon.
  • Erfaring med handtering og integrasjon av store datasett og komplekse sett med dataprodukt samt programvare og web-tenester er ein føremon.
  • Erfaring i programvareutvikling er ein føremon.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.

I vurderinga av aktuelle kandidatar vil ei heilskapleg vurdering av både kvalitet og breidde i kandidatane si forsking bli gjennomført. Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli vektlagde.

Særeigne krav for stillinga

UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.

Vi kan tilby:

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • stilling som forskar (kode 1109 i hovudtariffavtalane i staten) og brutto årsløn på kr. 573 900,- til 615 000,- (svarar til lønssteg 62 - 66) ved tilsetjing. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Forskar 1109 i fast stilling kan søke om opprykk til forskar 1183 på grunnlag av kompetanseerklæring. Meir informasjon finst her.

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • søkjarens forskingsplan
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål
  • relevante attestar
  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Følgande premiss er lagt til grunn for stillinga som forskar:

  • Forskaren skal vere medlem i forskningsgruppa som fagfeltet hører innunder.
  • Lønsutgiftene skal så langt som mogleg vere 100 % eksternt finansiert.
  • Forskaren skal aktivt bidra til å innhente eksterne prosjektmidler til fagmiljøet, til både seg sjøl og andre, fra NFR, EU og andre kjelder.
  • Forskaren har i vente å ha si forskingsaktivitet finansiert av prosjekta forskaren og forskingsgruppa rundt forskaren arbeider med.
  • Instituttleiar kan pålegge forskaren arbeid inn mot bestemte forskingsprosjekt.
  • Forskaren kan ha verv, delta i komitear, utval m.m. innan UiB.
  • Forskaren har ikkje undervisingsplikt, men har i vente å rettleia master- og ph.d. studentar i den grad dette går inn som ein naturleg del av forskingsverksemda i forskingsgruppa.
  • Grunnlaget for stillinga opphøyrer dersom prosjektfinansieringa opphøyrer, og ny lovom statens ansatte mv. om oppseiing og fortrinnsrett vil gjerast gjeldande.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Senioringeniør Jan Michalek, Institutt for geoviteskap, på e-post: Jan.Michalek@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS