LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Forskar innan akustikk

Søknadsfrist: 29.05.2023

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Forskar innan akustikk

Ved Institutt for fysikk og teknologi (IFT), Universitetet i Bergen (UiB), er det ledig ei stilling som forskar innan akustikk.

Stillinga er finansiert av eksterne midlar. Dei første 36 månadene er stillinga finansiert av prosjektet "Subsea gas energy and quality measurement using ultrasonic flow meters", finansiert av Norges forskningsråd (NFR) under NFRs FRIPRO-program (NFR tildeling 303169). Prosjektet er eit samarbeid mellom UiB (vertsinstitusjon), NORCE og Høgskulen på Vestlandet (HVL), med Equinor ASA og Gassco AS i industriell referansegruppe for prosjektet.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

I dei første 36 månadane av stillinga skal forskaren arbeide under prosjektpakke WP3, “VOS cell technology for high pressure natural gas characterization” (VOS = “velocity of sound”). Følgjande beskrivelse av arbeidsoppgåvene er i hovudsak henta frå NFRs prosjektkontrakt.

Målsetjing og bakgrunn: Målsetjinga i WP3 er å utvikle, konstruere, teste, og eksperimentelt verifisere ei laboratorie-prototyp høg-presisjons målecelle for lydfart (VOS) i trykksett naturgass. Cella skal operere i frekvensområdet 100-300 kHz, med måleusikkerheit tentativt i området 200-500 ppm.

Laboratorie-prototypen av målecella skal danne eit vitskapleg grunnlag for seinare utvikling av ein industriprototyp høg-presisjons målecelle for lydfart i eit etterfølgjande industriprosjekt. Endeleg målsetjing for arbeidet er å realisere sporbar og akkreditert "subsea" energi- og kvalitetsmåling av gass ved bruk av ultralyd gangtids-strømningsmålar (USM) i "subsea" fiskalmåling av naturgass. Realisering av slik ambisiøs overordna målsetjing krev realisering av sporbar kalibrering av VOS-måling gjort i "subsea" USM.

I ein operativ situasjon vil sporbar kalibrering av USM med omsyn til volumetrisk strømningsmåling (ved kalibreringslaboratorium for strømningsmåling) og VOS (ved bruk av VOS-målecella) bli gjort før "subsea"-installasjon av USM. I "subsea"-operasjon vil VOS-måling gjort i USM bli brukt til å berekne brennverdi ("gross calorific value", GVC) og andre kvalitetsparametrar ("quality parameters", QP) for gassen. På basis av målt GCV, QP og volumetrisk strømningsrate vil energi-strømningsraten til gassen bli berekna, som underlag for partner-allokering i lisensen.

Lydfarts-målecelle som beskrive over, med akkreditert nøyaktigheit og usikkerheitsbudsjett som målsett i arbeidet, og for aktuelle frekvensar og gassforhold, har ikkje blitt rapportert i vitskapleg litteratur.

Arbeidsoppgåver:

Design og utvikling av lydfarts-målecelle for høgtrykks gass vil bli basert på forskingsgruppa sin «3PM»-målemetode som er utvikla, implementert og testa i ei preliminær lydfarts-celle for atmosfæriske forhold. Dette inkluderer design og konstruksjon av ultralyd transdusarar for høgtrykks-operasjon i gass. Akustiske, elektriske og mekaniske eigenskapar, og akseptable lydforplantningsforhold t.d. med omsyn til koherent støy, står sentralt i arbeidet.

Nødvendige korreksjonsmetodar for systematisk tidsforseinking i målesystemet, t.d. forårsaka av nærfelts diffraksjonseffektar, vil bli basert på korreksjonsmetodar for piezoelektriske transdusarar som er under utvikling i prosjektet. Dette gjeld diffraksjonseffektar knytt både til direkte-forplanta og dobbelt-reflektert signalgang i målecella. I dag føreligg berre svært forenkla løysingar for slike komplekse bølgjefenomen, med uavklart måleusikkerheit. Nøyaktige løysingar skal utviklast i prosjektet, med tilhøyrande usikkerheitsestimat.

Eksperimentell testing og verifisering av 3PM-målemetoden er planlagt gjennomført ved bruk av lydfarts-målecella og relevante gassar (t.d. argon, luft, N2, og naturgass), ved atmosfæriske forhold og høge trykk. Usikkerheitsbudsjett for målt lydfart i målecella skal utviklast og brukast for samanlikning med lydfartsmålingar for relevante gassar.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d.–grad eller tilsvarande utdanning innan fysikk eller ekvivalent disiplin, eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Dokumentert evne til å hente inn eksterne forskingsmidlar er ein fordel.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
  • Søkjarar må ha gode norsk-kunnskapar.

I vurderinga av aktuelle kandidatar vil ei heilskapleg vurdering av både kvalitet og breidde i kandidatane si forsking bli gjennomført. Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli vektlagde.

Søkjarar må dokumentere:

  • gode kunnskapar innan akustikk, spesielt ultralyd, inkludert laboratorie-målingar og matematisk-numerisk modellering.
  • gode kunnskapar om piezoelektriske transdusarar (inklusiv design, konstruksjon, endeleg-element-modellering og eksperimentell karakterisering).
  • røynsle frå utvikling og bruk av høg-presisjons lydfartscelle(r) for væsker og/eller faste stoff.
  • gode kunnskapar om diffraksjonseffektar i ultralyd målesystem, evaluering av måleusikkerheit, og digital signalbehandling innan ultralyd.
  • gode programmeringskunnskapar, t.d. ved bruk av Matlab, Phyton, LabVIEW.

Røynsle frå eitt eller fleire av følgjande område er ein fordel:

  • Eksperimentelt arbeid med gass under høge trykk, så som naturgass.
  • Endeleg-element-modellering av akustisk bølgjeforplantning i væsker og faste stoff, t.d. ved bruk av COMSOL Multiphysics.
  • Måling og matematisk-numerisk modellering av «guided ultrasonic waves» i væske-faststoff-medium.
  • Rettleiing av mastergradsstudentar.

UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll. Regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.

Følgande premiss er lagt til grunn for stillinga som forskar:

  • Forskaren skal vere medlem i forskingsgruppa som fagfeltet høyrer inn under.
  • Lønsutgiftene skal så langt som mogleg vere 100 % eksternt finansierte.
  • Forskaren skal aktivt bidra til å innhente eksterne prosjektmiddel til fagmiljøet, til seg sjølv og andre, frå NFR, EU og andre kjelder.
  • Forskingsaktiviteten er forventa å vere finansiert av prosjekta som forskaren og forskingsgruppa rundt forskaren arbeider med.
  • Instituttleiar kan påleggje forskaren arbeid inn mot bestemte forskingsprosjekt
  • Forskaren kan ha verv, delta i komitear, utval m.m. innan UiB.
  • Forskaren er forventa å delta i rettleiing av master- og ph.d.- studentar i den grad dette inngår som ein naturleg del av forskingsverksemda i forskingsgruppa.
  • Grunnlaget for stillinga opphøyrer dersom prosjektfinansieringa tek slutt. Ny lov om statens tilsette mv. om oppseiing og fortrinnsrett vert då gjeldande.

Vi kan tilby:

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø.
  • stilling som forskar (kode 1109 i hovudtariffavtalane i staten) og brutto årsløn på kr. 604 900 (svarar til lønssteg 62) ved tilsetjing. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Forskar 1109 i fast stilling kan søke om opprykk til forskar 1183 på grunnlag av kompetanseerklæring. Meir informasjon finst her.

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar, der ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga.
  • CV.
  • karakterutskrifter og vitnemål,. Dersom du enno ikkje har fullført doktorgraden, må du levere ei stadfesting på at doktoravhandlinga er levert.
  • relevante attestar.
  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste).
  • eventuelle publikasjonar.

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Per Lunde, Institutt for fysikk og teknologi, Universitetet i Bergen, e-post: per.lunde@uib.no, tlf. +47 99493901

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS