LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Forskar i romfysikk

Søknadsfrist: 30.06.2023

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Forskar i romfysikk

Ved Institutt for fysikk og teknologi er det ledig ei stilling som forskar i romfysikk.

Stillinga er finansiert av eksterne middel. Dei første fem åra er stillinga finansiert av prosjektet DynaMIT.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Målet med DynaMIT-prosjektet er å forstå og forklare korleis jordas atmosfære er dynamisk kopla til verdsrommet. For å oppnå dette vil vi lage ein ny simuleringskode basert på fundamentale lovar for væskedynamikk og samspelet mellom romplasma, den nøytrale atmosfæren og elektromagnetiske felt. Vi søker ein dyktig programvareutviklar/forskar med ekspertkunnskap innan romfysikk og erfaring i å arbeide med magnetohydrodynamiske simuleringar. Du vil jobbe tett med resten av prosjektteamet samt nasjonale og internasjonale partnarar, og ha ei viktig rolle i å gjere DynaMIT-simuleringa tilgjengeleg, og å formidle han til romfysikkmiljøet gjennom å lage Python-grensesnitt, dokumentasjon og eksemplar.

Dette er ein unik moglegheit til å jobbe med eit utfordrande og banebrytande prosjekt som vil fremme vår forståing av korleis jordas atmosfære er kopla til verdsrommet. Om du er lidenskapeleg opptatt av modellering og er dedikert til å produsere resultat av høy kvalitet, oppfordrar vi deg til å søke på denne stillinga.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkarar må ha ein norsk doktorgrad eller ein tilsvarande grad innan romfysikk eller eit tilsvarande felt. Det er eit krav for tilsetting at doktorgraden er oppnådd.
  • God kunnskap innan Python-programmering er ein føresetnad, medan ekspertise i programmeringsspråk som Fortran (føretrekt) eller C / C++ er ein fordel.
  • Søkarar må ha ein sterk publiseringshistorikk innan romfysikk.
  • Søkarar må ha ein god forståing av og praktisk erfaring med romplasmasimuleringar.
  • Det er ein fordel med kompetanse om numeriske metodar for løysing av partielle differensiallikningar og om utvikling av effektiv kode.
  • Erfaring med å designe, teste og debugge programvare for numerisk modellering er ein fordel.
  • Dokumentert evne til å skaffe ekstern forskingsfinansiering er ein fordel.
  • Søkarar må ha utmerkte problemløysingsevner og evne til å arbeide både sjølvstendig og samarbeide i et teammiljø.
  • Søkarar må ha utmerkte ferdigheiter i munnleg og skriftleg engelsk.

I vurderinga av aktuelle kandidatar vil ei heilskapleg vurdering av både kvalitet og breidde i kandidatane si forsking bli gjennomført. Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli vektlagde.

Særeigne krav for stillinga

UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.

Følgande premiss er lagt til grunn for stillinga som forskar:

  • Forskaren skal vere medlem i forskningsgruppa som fagfeltet hører innunder
  • Lønsutgiftene skal så langt som mogleg vere 100 % eksternt finansiert
  • Forskaren skal aktivt bidra til å innhente eksterne prosjektmidler til fagmiljøet, til både seg sjøl og andre, fra NFR, EU og andre kjelder
  • Forskaren har i vente å ha si forskingsaktivitet finansiert av prosjekta forskaren og forskingsgruppa rundt forskaren arbeider med
  • Instituttleiar kan pålegge forskaren arbeid inn mot bestemte forskingsprosjekt
  • Forskaren kan ha verv, delta i komitear, utval m.m. innan UiB
  • Forskaren har ikkje undervisingsplikt, men har i vente å rettleia master- og ph.d. studentar i den grad dette går inn som ein naturleg del av forskingsverksemda i forskingsgruppa
  • Forskaren kan søke kompetanseopprykk etter reglementet for opprykk
  • Grunnlaget for stillinga opphøyrer dersom prosjektfinansieringa opphøyrer, og ny lovom statens ansatte mv. om oppseiing og fortrinnsrett vil gjerast gjeldande.

Vi kan tilby:

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • stilling som forskar (kode 1109 i hovudtariffavtalane i staten) og brutto årsløn på kr 573 900–626 300 (svarar til lønssteg 62–67) ved tilsetjing. For særleg kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare løn. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Forskar 1109 i fast stilling kan søke om opprykk til forskar 1183 på grunnlag av kompetanseerklæring. Meir informasjon finst her.

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål. Dersom du enno ikkje har fullført doktorgraden, må du levere ei stadfesting på at doktoravhandlinga er levert.
  • relevante attestar
  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste), og lenkar til programvareportefølje (t.d. GitHub-profil)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS