LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Forskar i havvindmodellering (2 stillingar)

Søknadsfrist: 17.02.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Forskar

Ved Geofysisk institutt er det ledig to mellombels stillingar som forskar innan multi-skala (mesoskala-mikroskala-bølge) modellering og prediksjon av vindfelt i og omkring havvindparkar. Stillingane inngår i energi forskargruppa. Arbeidet vil vere ein integrert del av aktivitetane ved Bergen Offshore Wind Centre.

Stillingane er for ein åremålsperiode på to år. Stillingane er knytt til Bergen Offshore Wind Centre (BOW) og EU H2020-prosjektet HIPERWIND, eit samarbeidsprosjekt mellom DTU, EDT, og DNVGL. HIPERWIND prosjektet har som mål å utvikle metodar for å redusere kostnaden pr kWh (LCOE) og auke marknaddsverdifaktoren for havkraftverk.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Å forstå vindfeltet i og omkring store havvindparkar er avgjerande for optimal drift av vindparken. For å forbetre denne forståinga må vi undersøkje samspelet mellom fleire komplekse prosessar, for eksempel samspelet mellom det turbulente vindfeltet, effekten av bølgjer, atmosfærisk stabilitet, vaken (vindskuggen) bak dei enkelte turbinane. Desse problemstillingane vert viktigare når vindturbinane og havvindparkane no vert større.

Mål for desse forskar stillingane er å:

(1) Simulere vindfelta og overflatens gravitasjonsbølgjer under ulike atmosfæriske stabilitetsforhold og sjøtilstandar. Til dette vil ein bruke numeriske mesoskala-modellar (dvs. WRF-SWAN-kopla modell som ein del av det kopla-hav-atmosfære-bølge-sediment transportmodellsystemet COAWST) og utvikle ein Wave Boundary Layer Module (WBLM)) som eit grensesnitt mellom atmosfærisk og bølge modeller. WBLM vil sikre jamn utveksling av fart og energi mellom vind- og bølgemodellar. (2) Gjennomføre nøyaktig kvalitetskontroll og prosessering av tilgjengelege observasjonsdata i det frie vindfeltet og i vindskuggen frå turbinane som skal brukast i både verifiseringsvalidering av modellresultata og i assimilasjonsteknikkar implementert i WRF-modellen for offshore vindkraftapplikasjonar. Vidare identifiserast/studerast ulike uvisse-kjelder i lokale vær/mikroklima prediksjoner ved hjelp av de kvalitetskontrollerte målingane; og (3) Etablere data til bruk som randvilkår ved nesting til modellane på parkskala (t.d. LES-modellar) frå mesoskala-modellar. Føremålet er å framskaffe kvalitetskontrollerte og klare-til-bruk vind-, bølge-, og vakedata. Arbeidet skal utførast i nært samarbeid med andre aktivitetar i HIPERWIND-prosjektet saman med andre prosjektpartnarane.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning innanfor meteorologi, fluidmekanikk med fokus på vind, anvendt matematikk eller tilsvarande; eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Søkjarar må ha god kunnskap innan atmosfærisk grensesjiktdynamikk og (WRF) modellering.
  • Søkjarar må ha sterk kompetanse innan programmering (t.d. FORTRAN, Python, MATLAB, spesielt programmering med MPI).
  • Søkjarar må ha kompetanse i signalbehandling og statistikk for å analysere modelldata og observasjonsdata.
  • Erfaring med havoverflata si gravitasjonsbølgemodellering og god kompetanse i bruk av kopla bølgevindmodellar som COAWST er ein fordel.
  • Erfaring med dataassimilering og relevante uvisseanalysar er ein fordel.
  • Det er ein fordel at kandidaten har god erfaring i å arbeide med vindmodellar til bruk innan vindenergi, og high-fidelity modeller som large eddy simulation-verktøy (t.d. PALM eller NREL SOWFA).
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
  • Søkjarar bør vere nysgjerrig og sjølvgåande og vere villig til å utforske og implementere nye metodar og idear.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Vi kan tilby:

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 59 (kode 1109/lønsramme 24, alternativ 3) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 526 000 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • ode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål. Dersom du enno ikkje har fullført doktorgraden må du levere ei stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert.
  • relevante attestar
  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Førsteamanuensis Mostafa Bakhoday Paskyabi, Geofysisk institutt, Universitetet i Bergen, e-post: Mostafa.Bakhoday-Paskyabi@uib.no, tlf: +47 55 58 37 35

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS