LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Forskar i berekningsorientert romfysikk

Søknadsfrist: 30.06.2023

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Forskar i berekningsorientert romfysikk

Ved Institutt for fysikk og teknologi er det ledig ei stilling som forskar i berekningsorientert romfysikk.

Stillinga er finansiert av eksterne middel. Dei første fem åra er stillinga finansiert av prosjektet DynaMIT.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Målet med DynaMIT-prosjektet er å forstå og forklare korleis jordas atmosfære er dynamisk kopla til verdsrommet. For å oppnå dette vil vi lage ein ny simuleringskode basert på fundamentale lovar for væskedynamikk og samspelet mellom romplasma, den nøytrale atmosfæren og elektromagnetiske felt. Vi søker ein dyktig programvareutviklar med dokumentert erfaring i å utvikle dynamiske fluidberekningsmodellar, med ekspertise innan numeriske metodar og dataprogrammering. I tillegg bør kandidaten ha erfaring med å utvikle høgtytande kode, samt designe modulær og fleksibel programvarearkitektur. Du vil jobbe tett med den andre utviklaren og samarbeide med resten av prosjektteamet samt nasjonale og internasjonale partnarar.

Dette er ein unik moglegheit til å jobbe med eit utfordrande og banebrytande prosjekt som vil fremme vår forståing av korleis jordas atmosfære er kopla til verdsrommet. Om du er lidenskapeleg opptatt av modellering og er dedikert til å produsere resultat av høg kvalitet, oppfordrar vi deg til å søke på denne stillinga.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkarar må ha ein norsk doktorgrad eller ein tilsvarande grad innan fysikk, vitskapleg databehandling, anvendt og berekningsmatematikk eller et tilsvarande felt. Det er eit krav for tilsetting at doktorgraden er oppnådd.
  • Dokumentert ekspertise i programmeringsspråk som Fortran (føretrekt) eller C / C++, i tillegg til Python, er eit krav.
  • Søkaren må ha sterk kunnskap om numeriske metodar for partielle differensiallikningar og med å utvikle høgtytande kode, inkludert erfaring med parallell databehandling.
  • Erfaring med design, testing og debugging av storskala programvare for numerisk modellering er eit krav.
  • Søkarar må ha utmerkte problemløysingsevner og evne til å arbeide både sjølvstendig og samarbeide i et teammiljø.
  • Dokumentert evne til å skaffe ekstern forskingsfinansiering er ein fordel.
  • Erfaring med leiing av samarbeid om programvareutvikling er ein fordel.
  • Erfaring frå romfysikk og magnetohydrodynamikk er ein fordel.
  • Søkarar må ha utmerkte ferdigheiter i munnleg og skriftleg engelsk.

I vurderinga av aktuelle kandidatar vil ei heilskapleg vurdering av både kvalitet og breidde i kandidatane si forsking bli gjennomført. Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli vektlagde.

Særeigne krav for stillingaUiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.

Følgande premiss er lagt til grunn for stillinga som forskar:

  • Forskaren skal vere medlem i forskingsgruppa som fagfeltet høyrer inn under.
  • Lønsutgiftene skal så langt som mogleg vere 100 % eksternt finansierte.
  • Forskaren skal aktivt bidra til å innhente eksterne prosjektmiddel til fagmiljøet, til seg sjølv og andre, frå NFR, EU og andre kjelder.
  • Forskingsaktiviteten er forventa finansiert av prosjekta forskaren og forskingsgruppa rundt forskaren, arbeider med.
  • Instituttleiar kan påleggje forskaren arbeid inn mot bestemte forskingsprosjekt
  • Forskaren kan ha verv, delta i komitear, utval m.m. innan UiB.
  • Forskaren har normalt ikkje undervisningsplikt, men er forventa å rettleie master- og ph.d.- studentar, i den grad dette går inn som ein naturleg del av forskingsverksemda i forskingsgruppa.
  • Grunnlaget for stillinga opphøyrer dersom prosjektfinansieringa tar slutt. Ny lov om statens tilsette mv. om oppseiing og fortrinnsrett vert då gjeldande.

Vi kan tilby:

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • stilling som forskar (kode 1109 i hovudtariffavtalane i staten) og brutto årsløn på kr 573 900–626 300 (svarar til lønssteg 62–67) ved tilsetjing. For særleg kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare løn. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Forskar 1109 i fast stilling kan søke om opprykk til forskar 1183 på grunnlag av kompetanseerklæring. Meir informasjon finst her.

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål. Dersom du enno ikkje har fullført doktorgraden, må du levere ei stadfesting på at doktoravhandlinga er levert.
  • relevante attestar
  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste), og lenkar til programvareportefølje (t.d. GitHub-profil)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS