LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Forskar (fast stilling) - Klinisk Institutt 2

Søknadsfrist: 22.05.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Forskar

Ved Det medisinske fakultet, Klinisk Institutt 2, er det ledig ei fast stilling som forskar (100%). Stillinga er knytt til prosjekt ” Improving treatment for women with endometrial cancer» finansiert av Norges Forskingsråd. Prosjektet har ei førebels finansiering i 2 år. Prosjektet vert leia av professor Camilla Krakstad og kandidaten vil verte ein del av Bergen Forskingsgruppe for Gynekologisk Kreft.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Vi søkjer ein målretta kandidat som ønskjer å jobbe i ei translasjonell forskingsgruppe med tett samarbeid med kliniske miljø. Prosjektet har som hovudmål å identifisere nye molekylære markørar for gynekologisk kreft. Kandidaten vil ha oppgåver knytt til studie av genetiske endringar i ulike sub-grupper av pasientar med livmorkreft. Klargjering av vevsprøvar for sekvensering samt analyse av sekvenseringsdata frå både DNA (Hel exom sekvensering) og RNA sekvensering vil verte viktig. Erfaring med validering av genetiske endringar i prekliniske modellar er vesentleg.

Arbeidsoppgåver:

  • kandidaten vil vere ansvarleg for analysar av sekvenseringprofilar frå både DNA or RNA sekvensering
  • kandidaten vil ha ansvar for validering av funn i cellemodellar
  • for validering av genetiske funn vil både PCR baserte metodar og immunhistokjemi verte aktuelt
  • kandidaten vil nytte ein kombinasjon av molekylære teknikkar, genetiske studiar og statistisk kunnskap for analyse av både kliniske og genetiske data

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • søkjar må ha relevant norsk ph.d.-grad eller tilsvarande doktorgrad
  • det er ønskjeleg at forskaren har vitskaplege kvalifikasjonar innan translasjonell kreftforsking
  • erfaring frå bioinformatisk analyse vil og bli tillagt stor vekt. Erfaring frå analyse av sekvenserings data som til dømes WES, RNA seq og/eller single cell seq data vil vektleggast
  • erfaring frå analyse av kliniske data er ein føremon
  • god kjennskap til kreftbiologi er ynskjeleg, og kjennskap til gynekologiske kreftformar vil vektleggast
  • det er ønskjeleg at vedkomande har erfaring med rettleiing, undervisning og utarbeiding av prosjektsøknadar
  • evne til sjølvstendig initiativ og evne til samarbeid vert vektlagt i vurdering av søkjarane
  • kandidaten må ha høg arbeidskapasitet og entusiasme for forsking
  • søkjar må vere særs god i munnleg og skriftleg engelsk
  • det er ein føremon om kandidaten har erfaring frå internasjonalt samarbeid

Vi kan tilby:

  • eit godt og utfordrande arbeidsmiljø i forskingsfronten innan translasjonell gynekologisk kreftforsking
  • løn etter lønssteg 64 (kode 1109/lønsramme 24.8) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing, for tida 575 600. For søkjarar med spesialitet lønssteg 66 (lønsramme 24.10), for tida 597 000 kr brutto pr. år for ei fulltidsstilling. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • eit søknadsbrev der du skriv om din motivasjon, kvifor du søkjer stillinga og kvifor du passer til denne
  • ei oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV)
  • attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar (Søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar)
  • publikasjonar, vitskaplege/faglege arbeid du ønskjer at det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 10 i pfd) og ei liste over desse
  • doktorgradsavhandlinga (pdf)
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som pdf vedlegg til søknaden.

Følgande premiss er lagt til grunn for stillinga som forskar:

  • Forskaren skal vere medlem i forskningsgruppa som fagfeltet hører innunder
  • Lønsutgiftene skal så langt som mogleg vere 100 % eksternt finansiert
  • Forskaren skal aktivt bidra til å innhente eksterne prosjektmidler til fagmiljøet, til både seg sjøl og andre, fra NFR, EU og andre kjelder
  • Forskaren har i vente å ha si forskingsaktivitet finansiert av prosjekta forskaren og forskingsgruppa rundt forskaren arbeider med
  • Instituttleiar kan pålegge forskaren arbeid inn mot bestemte forskingsprosjekt
  • Forskaren kan ha verv, delta i komitear, utval m.m. innan UiB
  • Forskaren har ikkje undervisingsplikt, men har i vente å rettleia master- og ph.d. studentar i den grad dette går inn som ein naturleg del av forskingsverksemda i forskingsgruppa
  • Forskaren kan søke kompetanseopprykk etter reglementet for opprykk
  • Grunnlaget for stillinga opphøyrer dersom prosjektfinansieringa opphøyrer, og ny lovom statens ansatte mv. om oppseiing og fortrinnsrett vil gjerast gjeldande

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Camilla Krakstad, e-post: camilla.krakstad@uib.no, telefon: 55 97 67 97

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS