OsloMet – storbyuniversitetet er det tredje største universitetet i Noreg, med nesten 22 000 studentar og over 2500 tilsette. Vi har campus i Oslo sentrum og på Romerike. OsloMet leverer forsking og utdanning med høg relevans for arbeidslivet, velferdsstaten og storbyregionen.
Senter for velferds- og arbeidslivsforskning (SVA) ved OsloMet - storbyuniversitetet består av Arbeidsforskningsinstituttet (AFI), Velferdsforskningsinstituttet NOVA, By- og regionforskningsinstituttet NIBR og Forbruksforskningsinstituttet SIFO.
NOVA er ett av Norges største samfunnsvitenskapelige forskningsinstitutt med vekt på forskning om oppvekst, velferd, sosialpolitikk og eldre år.
Om stillinga
Vi søkjer 1–3 forskarar (100 % fast stilling) med brei kvantitativ forskarkompetanse. Du har interesse for og erfaring frå kjerneområda til instituttet, og ønskjer å bidra til å vidareutvikle arbeidet vårt med kvantitative data knytt til eitt eller fleire av desse. NOVA er det leiande miljøet på forsking om velferdspolitikk og -tenester, levekår og livskvalitet gjennom livsløpet. Vi er eit anvendt forskingsmiljø som ønskjer å sameine vitskapleg kvalitet med relevans og meirverdi for oppdragsgivarane våre. Viktige kjerneområde i forskinga vår er barndom og barnevern, ungdom, aldring og livsløp, familie, sosial forskjell, velferdsstaten, migrasjon, bustad, vald i nære relasjonar, likestilling og diskriminering i utdanning og arbeid, helse- og omsorgstenester. Forskarane våre leier og deltek i nasjonale og internasjonale forskingsprosjekt, finansiert av blant anna EU, EØS, Noregs forskingsråd, departement, direktorat og sivilsamfunnsorganisasjonar. Gjennom fleire år har instituttet bygd opp store og unike surveydatabasar som gir verdifull kunnskap om barn, ungdom og den aldrande befolkninga. I tillegg har instituttet lang erfaring med registerdataforsking og dessutan felt- og surveyeksperiment. Vi har fire forskingsseksjonar: Seksjon for forsking om barndom, familie og barnevern; ungdomsforsking; helse- og velferdsforsking og bustadstudiar og aldersforsking.
forskingsinteresse innanfor og erfaring frå eitt eller fleire av kjerneområda til instituttet
erfaring med analyse av store survey- og/eller registerdatasett
erfaring med tverrfagleg samarbeid, gjerne også med kvalitative forskarar
publisering i vitskaplege tidsskrift
erfaring frå prosjektakkvisisjon og oppdragsforsking
erfaring med utviklings-/innovasjonsarbeid og prosjektleiing
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som evnar å arbeide sjølvstendig, målretta og effektivt. Du har gode samarbeidsevner og fagleg engasjement. Vi vektlegg og om du er personleg egna. Det er viktig for OsloMet å spegle befolkninga i regionen vår, og vi ønskjer alle kvalifiserte søkjarar velkommen. Vi arbeider aktivt med å utvikle oss vidare som ein inkluderande arbeidsplass og for å leggje til rette arbeidsplassen dersom du har behov for det. Har du periodar i livet der du ikkje har vore i arbeid, utdanning eller opplæring, er du også velkommen til å søkje hos oss.
Søknadsprosess
Vil du søkje på stillinga må du søkje via rekrutteringssystemet vårt.Søknaden din bli vurdert av ein sakkunnig komité.
Innan søknadsfristen må du saman med søknaden laste opp følgjande dokument:
Søknadsbrev
CV, alle sider av vitnemål og evt. attestar
Fullstendig publikasjonsliste
Inntil 10 vitskaplege arbeider, og ei oversikt over desse, inkl. ph.d.-avhandling
Vi behandlar berre søknadar sendt via det elektroniske rekrutteringssystemet vårt, og alle dokument må lastast opp for at søknaden din skal behandlast. Dokumenta må vere på eit skandinavisk språk eller engelsk. Omsetjingar må vere autorisert, og du må rekne med å leggje fram originalar ved eit eventuelt intervju. OsloMet gjennomfører kontroll av dokument, slik at du som kandidat skal få ei reell evaluering og rettferdig konkurranse. Ufullstendige søknadar vil ikkje bli tekne til vurdering. Før oversending av dokument til sakkunnig komité, vil alle søknadane bli gjennomgått ved instituttet, og søknader frå ikkje-kvalifiserte søkjarar vil ikkje bli oversende til vurdering. Har du problem med å laste opp nokre av dokumenta eller har andre spørsmål knytt til søknad, kontakt nadianag@oslomet.no.
Vi tilbyr
interessante oppgåver ved Noregs tredje største universitet
fast forskarstilling
moglegheiter for fagleg vidareutvikling i eit kreativt forskingsmiljø
eit godt og stimulerande arbeidsmiljø
eit omfattande tilbod av aktivitetar innan kultur og sport
Stillinga blir lønt i samsvar med Hovudtariffavtalane i staten og OsloMets lønnspolitikk som forskar II i stillingskode 1109, lønnstrinn 60–74 tilsvarande kroner 584 500–745 000 per år. Frå lønna blir det trekt 2 % pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse (SPK). For spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast. Tilsetjinga blir gjennomført etter prinsippa i Statsansatteloven (lovdata.no), og lovverk som regulerer eksport av kunnskap, teknologi og tenester.
OsloMet har slutta seg til prinsippa i DORA-erklæringa og forplikta institusjonen til å følgje tilrådingane i denne.
Andre opplysningar
Ønskjer du nærare informasjon om stillinga kan du kontakte: