LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Prosjektkoordinator ved HEMIL

Søknadsfrist: 10.08.2022

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det psykologiske fakultet består av fem institutter og to senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Forskar med mastergrad

Ved Institutt for helse, miljø og likeverd (HEMIL), Det psykologiske fakultet er det ledig ei mellombels stilling som prosjektkoordinator (forskar) i 50%. Stillinga er for ein periode på 1,5 år (18 månader) og er knytt til prosjektet "Social inequality in adolescent mental health in a life course perspective" (LONGTRENDS).

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

LONGTRENDS

  • Forskingsprosjektet LONGTRENDS er finansiert av NFR og har som mål å bidra til ei større forståing av sosiale ulikskapar i psykisk helse i eit livsløpsperspektiv. Prosjektet vil kartlegge samfunnstrendar i psykisk helse blant ungdom med ulike sosioøkonomiske bakgrunnar, og undersøkje kva for rolle faktorar som sosial støtte, familiestruktur, kjønn, og større livshendingar og overgongar spelar i samanhengen mellom sosioøkonomisk status og psykisk helse.
  • I tillegg freistar prosjektet å utvikle meir presise metodar for å måle ungdom sin sosioøkonomiske status. 
  • Prosjektet nyttar data frå fire ulike nasjonale og internasjonale studier saman med registerdata på utdanning og husholdningsøkonomi for å setje lys på problemstillingar knytt til psykisk helse i eit livsløpsperspektiv.
  • LONGTRENDS er organisert i delprosjekt (arbeidspakkar) der kvar del har sitt særskilde fokus for å svare på den overordna problemstillinga.

Arbeidsoppgåver

  • Prosjektkoordinator vil, saman med prosjektleiar, ha koordineringsansvar for delprosjekta, samt ha arbeidsoppgåver knytt til kvart av delprosjekta etter behov.

Sentrale arbeidsoppgåver vil vere å

  • bistå i løpande forskingsadministrativ verksemd knytt til prosjektet
  • organisere og koordinere prosjektmøter og prosjektarrangement
  • bidra med formidling av prosjektresultat i media (inkludert sosiale medium)
  • bidra i datadokumentasjon

Arbeidsstad for stillinga er Bergen, ved Instiutt for helse, miljø og likeverd (HEMIL)

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjar må ha oppnådd mastergrad innan helsefremjande arbeid, psykologi eller tilsvarande fagfelt.
  • Gode skriftlege og munnlege kunnskapar i både norsk og engelsk er eit krav grunna arbeidsoppgåver knytt til formidling og handsaming av dokumentasjon på norsk og engelsk.
  • Det er ei føremon om søkjar har erfaring frå prosjektkoordinering/administrering.
  • Erfaring frå dokumentasjon av kvantitative forskingsdata innan fagfelta psykologi, helsefremjande arbeid eller tilsvarande er ei føremon. Søkjar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner
  • Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar

Vi kan tilby:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Løn etter lønssteg 54-58 (kode 1108) ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på 501 200 - 534 900 i 100 % stilling. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • CV
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar
  • Stadfesta kopiar av vitnemål og karakterutskrifter
  • Relevante attestar
  • Liste over eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • rosjektleiar Helga Bjørnøy Urke, Hemil-senteret, tlf: 91384557, Helga.Urke@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS