LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Universitetsdirektør

Søknadsfrist: 02.06.2023

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Kunnskap som formar samfunnet

Universitetet i Bergen er eit internasjonalt forskingsuniversitet med lange vitskaplege tradisjonar og med nasjonalt ansvar for å forvalte og utvikle ei stor breidde av fagdisiplinar. UiB er ein klassisk kunnskaps- og kulturberande institusjon basert på europeiske universitetsideal og med akademisk fridom som berande prinsipp. UiB skal vere blant dei fremste universiteta i Europa, internasjonalt kjend for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra med berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsstad.

Om stillinga

Universitetsdirektøren er UiBs øvste leiar for den samla administrative verksemda. Universitetsdirektøren har ansvar for å bidra til strategisk og effektiv leiing av universitetet sin administrasjon og til profesjonell støtte til UiBs kjerneverksemd innanfor forsking, utdanning, formidling og samfunnsbidrag. Universitetsdirektøren leier universitetet sine sentrale støttefunksjonar med oppgåver og tenester i eit breitt administrativt felt.

Universitetsdirektøren sine oppgåver ligg i eit spanande ansvarsfelt mellom politikk og administrasjon ved UiB sin mangfaldige og fagleg kompetente organisasjon. Direktøren har ansvar for å leggje til rette for samspel og dialog med fagleg leiing på alle nivå i organisasjonen. Universitetsdirektøren har vidare ansvar for forvaltning av økonomi og formue, for personalpolitikk, bygg og eigedom og for utøving av eigarskap i selskap der universitetet representerer Staten.

Universitetsdirektøren inngår i toppleiinga ved UiB og rapporterer til Universitetsstyret. Universitetsdirektøren er vidare sekretær for universitetsstyret og skal i samråd med rektor iverksetje og følgje opp vedtaka som universitetsstyret har gjort.

Sjå elles instruks som er utarbeidd for universitetsdirektøren: Instruks for universitetsdirektøren — Regelsamlingen documentation (uib.no)

Kvalifikasjonar

UiB søkjer ein samlande, erfaren og tydeleg leiar med sterkt engasjement for forsking og utdanning.

Aktuelle kandidatar må ha erfaring frå leiing på toppnivå, frå arbeid med strategi- og organisasjonsutvikling, og må kunne vise til gjennomføringsevne og resultat og erfaring frå leiing i komplekse kunnskapsinstitusjonar. Det er naudsynt med kunnskap om rammer for statleg verksemd. Den som vert tilsett bør ha god kjennskap til utdannings- og forskningssektoren. Det er krav om utdanning på minimum masternivå og særs gode leiareigenskapar.

Personlege eigenskapar

Vi søkjer ein leiar som har evne til å engasjere og skape tillit, med gode kommunikasjonsevner og med stor arbeidskapasitet. Universitetsdirektøren må byggje relasjonar og kunne leggje til rette for god samhandling på tvers av nivå i ein kompleks og mangfaldig organisasjon.

Vi tilbyr:

Universitetsdirektøren blir tilsett i fast stilling. Stillinga er løna i høve til Statens leiarlønskontrakt.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Rektor Margareth Hagen tlf. 41 61 96 62 eller
  • ved å kontakte Jefferson Wells: leiar rekruttering Norge Charlotte Hageberg tlf. 99 33 13 12
  • leiar rekruttering Sør-Vest Anette Hansen tlf. 90 08 00 79

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen arbeider målbevisst for auka likestilling og vektlegg kjønnsbalanse og mangfald i leiargruppene. Kunnskap om og erfaring med likestillings- og mangfaldsarbeid vert lagt vekt på ved rekruttering av leiarar

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS