LEDIG STILLING PÅ UNIVERSITETET I STAVANGER

Direktør for etter- og vidareutdanning

Søknadsfrist: 25.01.2021

Universitetet i Stavanger

Universitetet i Stavanger (UiS) har om lag 12 000 studentar og 1900 tilsette. Vi er medlem av European Consortium of Innovative Universities (ECIU).

Universitetet har store ambisjonar. Vi skal ha en innovativ og internasjonal profil og vera ei drivkraft i den regionale kunnskapsutviklinga og endringsprosessar i samfunnet.

Universitetet ligg i den mest attraktive regionen i landet med 300 000 innbyggjarar.


Stavangerregionen har et dynamisk arbeidsmarknad og spennande kultur- og fritidsaktivitetar. I samspel og dialog med våre omgjevnadar regionalt, nasjonalt og internasjonalt har vi eit opent og innovativt klima for utdanning, forsking, nyskaping, formidling og museumsverksemd.


Saman med tilsette og studentar vil vi løfta blikket og våga å tenka stort og nytt - vi vil utfordra det velkjente og utforska det ukjende.

Om stillinga

Universitetet i Stavanger søker etter direktør for etter- og vidareutdanning, EVU-direktør.

Den som vert tilsett skal leia og utvikla Eining for etter- og vidareutdanning (EVU) ved universitetet. EVU er ei sentral utviklings- og serviceavdeling for fakulteta og Arkeologisk museum som planlegg og organiserer fleksibel læring og kompetanseutviklingstilbod som vert tilbode ved universitetet. Eininga skal vera eit knutepunkt mellom universitetet og eksterne samarbeidspartnarar som kan utvikla kurs, etter- og vidareutdanning etter ulike behov. EVU-eininga er i dag sjølvfinansiert og administrer ulike eksternfinansierte utdanningstilbod.

EVU-direktør rapporterer til prorektor for utdanning og inngår i leiarteamet til prorektor saman med utdanningsdirektør, leiar for Uniped og leiar for NettOp, avdeling for utvikling av digitale læringsressurser.

Arbeidsoppgåvene inneber leiing av EVU-området, organisasjonsutvikling, økonomi, marknadsføring samt prosjektleiing innanfor enkeltprosjekt. Andre operative administrative oppgåver innanfor sjølve EVU-portefølja vil også kunne bli tillagde EVU-direktør. Arbeidsoppgåvene føreset tett samarbeid med universitetets seks fakultet og Arkeologisk museum.

Hovudoppgåver

  • leia og utvikla Eining for etter- og vidareutdanning, leia EVU-arbeidet i tett samarbeid med institutt- og avdelingsleiarar slik at det totale EVU-arbeidet blir matriseorganisert
  • utvikla kunderelasjonar med offentlege og private kjøparar av etter- og vidareutdanning, marknadsføra og selja universitetet sitt etter- og vidareutdanningstilbod
  • strategiutvikling, koordinering og oppfølging innanfor etter- og vidareutdanning, førebu saker og utarbeide avgjerdsgrunnlag for leiinga, styret og sentrale utval
  • vera pådrivar og rådgjevar ovanfor alle deler av institusjonen i etter- og vidareutdanningssaker. Inspirera fagmiljøa til å utvikla aktuelle etter- og vidareutdanningstilbod
  • økonomistyring, sørga for at ressursane vert brukt på ein effektiv og hensiktsmessig måte personalleiing og -utvikling, vidareutvikla eit godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø

Kvalifikasjonar

Den som vert tilsett må ha:

  • høgare utdanning tilsvarande mastergrad fortrinnsvis i leiing, organisasjonsutvikling, økonomi eller marknadsføring
  • god kjennskap til etter- og vidareutdanning, inkludert trendar for fleksible utdanningar og diverse finansieringskjelder erfaring frå, og kunnskap om universitets- og høgskulesektoren
  • erfaring med prosjektstyring og prosjektstyringsverktøy
  • gode leiareigenskapar, gjerne med leiarerfaring frå ein kunnskapsorganisasjon gode generelle IKT-kunnskapar og erfaring med verktøy for digital undervisning god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk

Vidare blir det lagt vekt på at den som vert tilsett:

  • har evne til å uvikla samarbeidsrelasjoner og bygga nettverk
  • er endringsvillig, fleksibel og serviceinnstilt
  • har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • er sjølvstendig, effektiv og strukturert
  • er proaktiv, resultatorientert og har stor arbeidskapasitet

Mangfald

Universitetet sine verdiar er å vera uavhengig, involverande og skapande. Vi vurderer mangfald som ein ressurs i vårt arbeids- og læringsmiljø, og er opptatt av å visa respekt for kvarandre sine ulikheiter og bakgrunn. Universell utforming skal prega våre fysiske og digitale læringsmiljø, og arbeidsplassen vil om nødvendig bli lagt til rette for tilsette med nedsett funksjonsevne.

Dersom du vurderer stillinga som interessant oppmodar vi deg til å søke uavhengig av kjønn, funksjonsevne, kulturell bakgrunn eller om du har vore utanfor arbeidslivet ein periode.

Universitetet i Stavanger ønskjer fleire kvinner i leiarstillingar og oppmodar derfor kvinner til å søke.

Vi tilbyr

  • varierte arbeidsoppgåver i en stor, spennande og samfunnsnyttig organisasjon
  • et ambisiøst arbeidsfellesskap og et inkluderande arbeidsmiljø
  • lønn etter Statens lønnsregulativ l.pl 90.100, kode 1060, kr 760.000-960.000 bto pr år. I særskilt tilfelle kan høgare lønn vurderast
  • gunstige vilkår i Statens pensjonskasse
  • meir om godar for tilsette og fordelar på uis.no

Kontaktinformasjon

Spørsmål om stillinga kan rettast til:

Spørsmål om tilsetjingsprosessen kan rettast til HR-konsulent Kaja Lillelien, tlf: 51831310, e-post: [email protected]

Søknad

Søk på stillinga elektronisk via "Søk stillinga" på denne sida. Her vert søknad og CV med relevant utdanning og arbeidserfaring registrert.

Relevante vitnemål, attestar og eventuelt annan dokumentasjon som du vil det skal tas omsyn til skal lastast opp som vedlegg til søknaden. Dersom vedlegga overskrid 30 MB til saman må dei komprimerast før opplasting. Dokumentasjonen må finnast på eit skandinavisk språk eller engelsk. Opplysningar og dokumentasjon som det skal tas omsyn til ved vurdering må vere registrert i Jobbnorge innan utløpet av søknadsfristen.

Vi gjer merksam på at søknaden berre vert vurdert ut frå informasjon som er tilgjengeleg i Jobbnorge ved søknadsfristen. Sørg derfor for at søknaden din tydeleg viser korleis evnene og erfaringane dine oppfyller kriteria som er omtalt over.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkar kan verta offentleggjorde sjølv om søkar har bedd om ikkje å verta oppført på offentleg søkarliste, jf offentleglova § 25.

UiS vurderer bare søknadar og vedlegg som er registrert i Jobbnorge.

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS